Europa, erosjon, erindring: Episode 6

This content has been archived. It may no longer be relevant

Det lukkast Austerlitz å spore opp adressen til sine forsvunne foreldre, og han møter dermed nabokona Věra, hans gamle barnepike. “Det var etter at jeg hadde gått i Schönborn-haven og vi satt sammen i leiligheten hennes igjen, at Věra for første gang fortalte mer utførlig om mine foreldre, om opprinnelsen deres, så langt hun visste noe om den, om livsveien deres, og hvordan tilværelsen deres i løpet av få år ble tilintetgjort”.

Høyr episode 6 av radiodokumentaren Europa, erosjon, erindring:

[audio: http://srib.no/wp-content/uploads/2014/08/I-am-allright-in-Theresienstadt.mp3]

LES OGSÅ: Europa, erosjon, erinding: Episode 1Episode 2Episode 3Episode 4 og Episode 5.

Mor hans Agáta var operasongarinne, og opptredde i 1938 som Olympia på Stenderteateret i Praha. Faren var funksjonær i det sosialdemokratiske partiet, og flykta til Paris dagen før tyskarane rykka inn, og ein stor tystnad la seg over byen. Etter dette vert stadig nye restriksjonar pålagt byens jødiske befolkning, og Agáta får ikkje skaffa løyve til utreise. “Jeg ser henne ennå gå frem og tilbake i rommet her…hvordan hun slår seg for pannen med håndflaten og roper ut, mens hun skanderer hver enkelt stavelse: Jeg be-gri-per det ik-ke. Jeg be-gri-per det ik-ke. Jeg vil al-dri be-grip-pe det”. Vinteren 1941 kjem to bodbringarar med beskjed om at Agáta må førebu seg på transportasjon til gettoen i Terezín. Seks år etter får Věra vite at Agáta i 1944 vart sendt vidare austover.

malastrana

Austelitz tek toget femti kilometer nord for Praha, til festningsbyen Terezín, i nærleiken av samløpet til Elbe og Ohře. Byen vart reist mellom 1780 og 1790 på ordre frå keisar Josef II, og består av ein garnisonby befesta med ein stjerneforma mur og, på den andre sida av Ohře, eit mindre fort. Terezín, eller Theresienstadt, var den største konsentrasjonsleiren i Tsjekkoslovakia, og fungerte som mellomstasjon for deportasjon til utryddingsleirane i aust. Det lille fortet vart nytta av dei tyske okkupasjonsmaktene som fengsel.

Národní hřbitov

Etter frigjeringa vart dei døde spadde ut or massgravene i festningsvollen til det lille fortet. Levningane til 2386 fangar og internerte ligg gravlagde på den triangulære plenen framfor inngangen. Resten av dei om lag ti tusen som kvilar her, ligg i den nasjonale kyrkjegarden sine massegraver.

Gravlund

Kontorlandskap

På begge sider leier dørene frå borggarden inn til fengeselsadministrasjonen sine ulike avdelingar. “Stavelse for stavelse måtte jeg tolke de mange ulikt sammensatte komposita som ikke stod oppført i ordboken min, og som det tyske fag- og administrasjonsspråket som behersket alt i Theresienstadt, åpenbart hadde frembrakt på løpende bånd…Barackenbestandteillager, Zasatzkostenberechnungsschein, Bagatellreperaturwerkstätte, Menagetransportkolonnen, Küchenbeschwerdeorgane, Reinlichkeitsreihenuntersuchung eller Entwesungsübersiedlung…”. Mottakingsromet, das Geschäftszimmer, er fyrste dør til venstre. Inngangen er imidlertid lukka, og vi kan berre sjå inn gjennom pleksiglasruta som fyller dørkarmen til avhøyrsromet vegg i vegg.

Admin

Det forsegla romet

Biletet syner eit av dei mest slåande motvia i romanen. Austerlitz nemner ikkje das Geschäftszimmer i sine fyrste skildringar frå Terezin. Mot slutten av romanen skildrar han imidlertid eit fotografi av romet, dekt frå golv til tak av kvadratiske bur, på framsida av eit amerikansk arkitekturtidsskrift. Arkitekturhistorikar Mari Lending presiserer i Vinduet (2010/1, s. 94), at Sebald refererer til Harvard Design Magazine sitt haustnummer frå 1999, med temaet “Constructions of Memory: On Monuments Old and New”, som har det nøyaktig same biletet på fyrstesida, berre i eit mindre utsnitt. Austerlitz vitja aldri dette romet i administrasjonen utanfor militærbusetjinga “og kanskje var det derfor den tvangsaktige forestillingen dukket opp ved synet av arkivrommet, at min sanne arbeidsplass skulle ha vært der, i den lille festningen i Terezin, i de råkalde kasemattene hvor så mange hadde gått til grunne, og at det var min egen skyld at jeg ikke hadde inntatt den”.

Arkivromet2

Den fjerde borggarden

Grunna plassmangel vart det i 1943 bygd nye celler i ei grøft sør for det vesle fortet. Kvar av massecellene til høgre husa fleire hundre fangar. Mange vart også stua inn på isolatcellene på motsett side. Med sine algegrøne glasoverbygg minner cellene mest om små vinterhagar eller ankomsthallar.

Celler2

Symjebassenget

Bygd i 1942, for vaktane ved det lille fortet og deira familiar.

Symjebasseng

Nips

Ikkje på vestsida av byplassen i Terezín, slik Sebald skriv, men på nordsida, stod ein gong med store bokstavar på skiltet over ei rekkje vindauge “ANTIKOS BAZAR”. Skiltet må vere bytta ut ein gong i løpet av dei siste tiåra. Antikvitetshandelen, som var den einaste synlege butikken i garnisonbyen, var ved vårt besøk ein asiamat med spinkle metallhyller og gamle frysediskar. Austerlitz undra over tidløysa som kvilte over dei utstilte antikvitetane, i forretninga som ifølgje ein plansje i romanen var urmakarverkstad, uhrenreparaturenwerkstätte, i deportasjonsperioden. Etterlevnadane var no bytta ut med nye pyntegjenstandar, men som framleis “på en tilynelatende naturlig måte var vokst inn i de svarte grenene på lindene som stod rundt byplassen og speilte seg i vindusrutene…”. Kva tydde plasttreet med eksotiske frukter, omslynga av sølvskimrande snøkrystallar, og eit kinesisk tempel, i sirlege blå strekar måla på den kvite keramikkrukka? Kva løydom skjulte graskara i miniatyr, dei krøllete leidningande og desse alt for tunge, månerunde nepene som hang frå taket, ned langs smijernsgitteret, og lanterna med små duskar lik manetar, omkransa av blågrønt bladverk?

Butikk

Nips2

Parken ved jernbanestasjonen

Før Agáta tek farvel seier ho: “Der borte er Stromovka-parken. Vil du gå en tur for meg der, av og til? Jeg har vært så glad i dette vakre stedet. Hvis du ser ned i det mørke vannet i dammene, kanskje ser du ansiktet mitt der en vakker dag?”.

Park 1

Park 2

Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med støtte frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austerlitz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.

Anbefalte artikler