Europa, erosjon, erindring: Episode 3

This content has been archived. It may no longer be relevant

Høyr episode 3 av radiodokumentaren Europa, erosjon, erindring:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/07/Pyramiden-mumien-og-kyrkjegarden-i-Montparnasse.mp3]

LES OGSÅ: Europa, erosjon, erinding: Episode 1 og Episode 2

Musée Fragonard d’Alfort

Åleine i Paris dreg Austerlitz ofte på utflukter til metrolinjenes mest perifere stasjonar, og fotograferer utkanten av byen. På ein slik tur stig Austerlitz av ved Ecole Vétérinaire de Maisons-Alfort, den gamle veterinærskulen like utanfor sentrum, med sine tørre, aude gårdsplassar og kjølige portrom. Eit av Frankrike sine eldste museum, først opna i 1766, held til her. Fragonard-muséet er ei systematisk utstilling av dissekerte dyrekroppar frå 18- og 1900-talet, samt glasmontre med sjukelege organ og hundrevis av krukker i alle storleikar, fylt med obskurt anatomisk materiale. Biletet syner muséets inste kammer, eit kuriøsitetskabinett.

kabinett

La salle des squelettes

I midten av ein av Fragonard-muséet sine salar står ein underleg flokk. Somme av kroppane er frå 1700-talet. Veggane er dekka med kjevar frå grisar, kyr, får og hestar.

Knoklar

L’Homme à la mandibule

Ein kjeve har hamna her, i grepet åt denne “Mannen med underkjeven”, som er ein av anatomikaren Honoré Fragonard sine kjende écorchés. På den flådde figuren er kvar einskild muskelfiber og alle blodkar haldne inntakte ved bruk av fåretalg måla i ulike fargar og deretter lakkert med harpiks. Fragnoard tilverka fleire hundre kadaver av denne typen, og vart forvist frå skulen for si framferd. Uttrykket hans synast umidelbart meir kunstnerisk enn muséets øvrige vitskaplege systematikk. Dette verket refererer til den bibelske Samson, ein dommar frå Israel si oldtid, som slo ihjel ein heil filisterhær: “Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det” (Dom 15, 14).

Kjeve

Le cavalier de l’Apocalypse

Med ryggen blotlagd, den mest slåande av Fragonard sine écorchés, som også Sebald skildrar. Originalt var ryttaren omgitt av ein liten hær av flådde foster, ridande på kvar sitt foster av sau eller hest.

Apocalypse

Underlege forgreiningar

Berre fotografia av lungebronkiene sine koralliknande variasjonar og den stempla billetten frå Musée Fragonard d’Alfort kan minne Austerlitz om kva han såg her. På veg heim opplever han sitt første alvorlege anfall av hysterisk epilepsi, og vert innlagt på Salpêtriére. Sjukehuset ligg like i nærleiken av metrostasjonen Gare d’Austerlitz og den framtidige byggeplassen til det nye, monumentale nasjonalibiblioteket til Frankrike. Dette er biblioteket Austerlitz vender seg til for informasjon om korleis faren forsvann.

These strange trees

François Mitterrand-biblioteket

Frankrikes nye nasjonalbibliotek stod fedig i 1995, på Seinens venstre breidd. Bygningen er forma av arkitekten Dominique Perrault, på oppdrag frå det franske kulturpartementet. Dei fire glastårna som vender mot einannan, skal likne opne bøker. Tårna har tjueto etasjer, og er knytt saman av ein vidstrakt esplanade som strekkjer seg over 58 811 kvadratmeter. Ifølgje Perrault, er bygningen kjenneteikna av tomrom.

Esplanade

Nedstiging

Både på avstand og sett frå esplanaden minner François Mitterrand-biblioteket mest om eit lukka gravmonument. Bratte trapper strekkjer seg fleire hundre meter langs sidene av bygningen, og må bestigast for å nå det forblåste platået mellom tårna. Inngangen kjem ein til ved å la seg føre ned dei skrånande gangbruene på innsida av bibliotekets kortveggar, som leier til sikkerheitskontrollen. Austerlitz samanliknar bygningen med ein ziggurat, ein mesepotamisk trappepyramide.

Nedstiging

Kvilande

I vestibylen, i likskap med bibliotekets uendeleg lange korridorar prega av ørkenraude teppegolv, lyd så vidt fjern mumling ifrå stemmer. Ingen av dei besøkande gir teikn til å ville avsløre sitt ærend her. Utmatta etter trappene og ferda over esplanaden, rastar menneska i fluktstolane, liksom “disse skikkelsene som har huket seg sammen hver for seg eller i grupper, hadde slått seg ned her i den siste aftenrøden på sin vei gjennom Sahara eller over Sinai-halvøya”.

Sovande

Haut de Jardin

Med utsikt frå den offentlege lesesalen Haut de Jardin, i eit holrom i esplanaden, er det anlagt ein skog. Over 100 vaksne furuer er henta frå Normandie og planta her, i borggården som skal likne ein klosterhage. Mange av trea hellar djupt mot bakken, suspendert frå svaje stålvaierar, som om også denne tause skogen er i ferd med å falle i søvn.

Skog

11b

Biblioteket i Rue de Richelieu

I slutten av 50-åra er det her Austerlitz fordjupar seg i sine arkitekturhistoriske studium. Her møter han også Marie Verneuil, som han utviklar eit nært forhold til. Biblioteket i Rue de Richelieu var tidlegare Frankrikes nasjonalbibliotek, fylt til bristepunktet av kunstartiklar og historie. Bygningen var ved vårt besøk under oppussing, med gårdsplassen fylt av brakker og arbeidarar. Atmosfæren er imidlertid fredfylt og langt mindre illevarslande enn dei knelande furuene i Mitterand-bibliotekets synkande hage.

Rue de Richelieu

Salle Ovale

Det veldige leserommet i Rue de Richelieu er ikkje ope for gjestar, og det er også forbod mot å fotografere. Ein kan imidlertid kike gjennom koauga i tredørene. Inngangsdørene minner mest om kahytten på ei gamal treskute, men viser seg å romme ein storslegen kvelv med veggane dekt av bøker. Frå ein enorm, oval glasflate i taket, omkransa av runde takvindauge, og som kan skimtast på fotografiet under, fell dagslyset glødande kvitt ned på mannskapen av lesande i salens midte.

Sale Ovalle

All verdas minne

Austerlitz kan hugse å ha sett ein film om den komplekse organiseringa av det gamle nasjonalbiblioteket. Austerlitz trur filmen har vorte meir og meir fantastisk og monstrøs i hans hukommelse. Det kan imidlertid stadefestast at kortdokumentaren gir eit slåande, innblikk i biblioteket sin streben etter ein total katalog, med eksentriske skildingar av dei lesande menneska som solitære insekt og eit bombastisk lydspor med episke overtonar. Toute la mémoire du monde er frå 1956, altså berre nokre år før Austerlitz studerte ved biblioteket, og er regissert av franske Alain Resnais. Han vart seinare kjend for filmar som Hiroshima mon amour og L’Année dernière à Marienbad, som begge tematiserer menneskeleg medvit og gløymsle.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=i0RVSZ_yDjs]

I møte med det ugjennomtrengjelege bibliotekapparatet, mistar Austerlitz håpet om å finne nye spor etter sin far Maximilian, og vandrar heller mållaust gjennom området der Maximilian budde, som om dei tilfeldigvis skal møtast. “Igjen og igjen tenkte jeg på om han var blitt internert i de halferdige bolighusene ute i Drancy allerede etter den første razziaen i Paris…Noen ganger mente jeg å se de vindusløse politibilene rase gjennom den skrekkslagne byen og de arresterte menneskemengdene som ble samlet under åpen himmel…så far, fortsatt i den fine dressen sin og med den svarte velurhatten på hodet, rakrygget og rolig, blant alle disse angstfylte menneskene. Så tenkte jeg igjen at Maximilian sikkert hadde forlatt Paris i tide…”

Gare d’Austerlitz

Siste møte mellom Austerlitz og romanens anonyme forteljarskikkelse skjer på denne metrostasjonen. Austerlitz har fått vite at Maximilian vart internert i ein leir ved foten av Pyreneane i slutten av 1942, og er på veg hit. Gare d’Austerlitz, som ifølgje Austerlitz er den mest gåtefulle stasjonen i Paris, er kalla opp etter byen med same namn, som var åstad for Napoleon Bonaparte sin store siger 2. desember 1805, i slaget ved Austerlitz. Byen heiter idag Slavkov u Brna og ligg i det søraustlege Tsjekkia. Også vår reise går vidare til Tsjekkia, til spabyen Marienbad, der Austerlitz tilbrakte i ein sommar i 1972 og eit år i førevegen.

Gare d'Austerlitz2

Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med støtte frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austerlitz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.

Anbefalte artikler