Europa, erosjon, erindring: Episode 1

This content has been archived. It may no longer be relevant

Arkitekturhistorikaren Austerlitz har ein overveldande sensitivitet for minna som heftar ved stadar og konstruksjonar han oppsøkjer, i London, Antwerpen, Paris, Praha og den ein gong unge spabyen Marienbad inne i Tsjekkias mørkegrøne skogar. Romanen vert fortalt av ein namnlaus reisande, etter hans mange tilfeldige møte med den venskapleg reflekterande Austelitz. Høyr Europa, erosjon, erindring: Episode 1:

Mind the map

Transport som moderne erfaring opptek forfattaren Sebald, og i romanen er togreiser eit leiande motiv knytt til ekspansjon, smerte og hukommelse. London Transport Museum syner korleis kartet over undergrunnen er nytta som symbol på borgarleg stoltheit. Utviklinga går frå 1900-talets detaljerte illustrasjonar av ei mytologisk underverd, til moderne stiliseringa, som forkastar geografisk realisme og innfører kartet som representasjon av ein ideell samanheng. Kartet på biletet er frå 1924, illustrert av Edward Bawden and Thomas Derrick for å promotere The Brithish Empire Exhibition, som trakk 27 millionar besøkande same år. Den koloniale utstillinga skulle stimulere handelen ved å fremje imperiet.

Mind the Map

Andaz hotel

Det høyrer til Sebald sitt forfattarskap at romanteksten står saman med fotografi, kunstverk og arkivdomkument, tilsynelatande utgitt for å vere sanne. Med sitt kamera reiser Austelitz gjennom Europa, og samlar stadig nye arkitektoniske detaljar. Detter arbeidet framkallar hjå Austerlitz erindringsmessige samankjedingar, som litt etter litt gjennomstrålar hans porøse sinn med mørke. Dokumentasjonsreisene utviklar seg til ei langvarig leiting etter Austerlitz si ukjende fortid, og foreldra som han vagt kan minnast. Biltet syner Andaz Hotel i Liverpool Street, bygd i 1884, under namnet Great Eastern Hotel. Det er ved eit tilfeldig møte i baren her, at Austerlitz fortel om sin oppvekst hjå fosterforeldra i Wales.

Andaz

Skjult frimurartempel

Hjå Great Eastern Hotel leiast Austerlitz til det hellenske frimurartempelet, bygd inn i hotellet i 1912 “…en sal som var kledd med sandfargede marmorplater, rød marokkansk onyks og med gulv inndelt i svart-hvite kvadrater, og med hvelvet tak i hvis sentrum en enslig himmelstjerne av gull sender sine stråler ut i de mørke skyene som omgri den på alle kanter…” . Tempelet var i mange år løynd og gløymt, men vart under restaurering ved årtusenskiftet, ved rivinga av ein vegg, gjenoppdaga av entrepenørane då portalen inn til tempelet kom til syne. Stolane er handskjert mahogni. Tolv typar marmor er nytta. Romet er utan vindauge.

Tempel

Gjenkjenneleg motiv

Glasmåleriet som formar ein enorm dom over restauranten til Andaz Hotel, er lett gjenkjenneleg frå fotografiet i romanen. Domen overlevde krigen, og berre éi glasrute vart øydelagt. Originalen vart erstatta med ein symbolsk rudfarge.
Glasdom

Fortapte sjeler

Minnesmerket er oppført ved innganen til Great Eastern Hotel. På tomta til hotellet og den tilgrensande Liverpool Street Station, stod fram til 1600-talet klosteret til ordenen for den heilage Maria av Betlehem. Her stod også det tilhøyrande sjukehuset Bedlam, for dei sjeleleg svekka og ulukkelege. Austerlitz meiner lidingane deira framleis er akkumulert inne på stasjonen, og kan fornemmast som ein kulde imot pannen.

Betlehem

Liverpool Street Station

Gjennom dei lange monologane som dominerer romanen, syner Austerlitz stor kjennskap til arkitektur og historie, samt ein sans for uutgrunnelege fenomen både i naturen og i sivilisasjonen. Austerlitz viser seg også å vere i besittelse av eit yst kjenslevart vesen, og på fleire tidspunkt i hans liv overveldast han av påtrengande erindringserfaringar, både som klåre visjonar og som svimlande ubehag. På vandring gjennom Liverpool Street Station, ser han ved tilsynekomsten av lyset som fell ned frå taket som ein intrikat borgkonstruksjon, fylt med skogvekst og med hegrer som lettar ifrå trekrunene, seg sjølv sitje i ventehallen og bli møtt av sine fosterforeldre, ein kalvinistprest og hans kone, i 1939.

Liverpool Street Station

Kindertransport

Minnesmerket i Liverpool Street er oppført fem år etter Sebalds død og utgjevinga av Austerlitz. Ein scene mellom Austerlitz og forteljaren er imidlertid lagt til McDonald’s like ved.
kindertransport

DSC_0264

Litterær turisme hjå McDonalds

Taklampane hjå McDonalds ved Liverpool Street Sation. Austerlitz hevdar her, medan forteljaren ventar på toget som skal frakte han bort, at lyset frå desse lampane ikkje tillet skuggar å falle, og utraderar skiljet mellom natt og dag.
McDonalds

Jandyce Antiquarian Booksellers

Truleg er dette bokhandelen i nærleiken av British Museum der Austerlitz ofte leita etter arkitektoniske trykk, og der den vesle radioen på disken openberar omstenda rundt hans ankomst til England som foreldrelaus. Jandyce Antiquarian Bookselles, som spesialiserar seg på engelsk litteratur frå det 18. og det 19. hundreåret, har holdt til her sidan 1986, men lokala i Great Russel Street har vore nytta som bokhandel allereie sidan 1890.

Jandyce

Reisa byrjar her

Etter opplevinga i bokhandelen spaserer Asuterlitz til Russel Square Garden, der han, sitjande på ein benk, kikande på gyldengrøne stær og krokusar, kjem til at han må vede attende til byen han truleg budde i som barn, til Praha.
Russel Square Garden
To ryggsekkarI neste episode
Fortida som ventar Austerlitz i Praha må imidlertid vente. I neste episode av Europa, erosjon, erindring går toget frå St. Pancras i London, til den usalige Antwerpen Centraal Station, der romanens forteljar møter Austerlitz for første gong.

Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med stønad frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austelritz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.

 

Anbefalte artikler