Europa, erosjon, erindring: Episode 5

This content has been archived. It may no longer be relevant

Jaques Austerlitz veks opp hjå sine tause fosterforeldre i Wales, utan å vite kven han er eller kvar han kom ifrå. Mange år seinare, hjå ein bokantikvar i nærleiken av British Museum, høyrer Austerlitz eit radioinnslag, og vert overtydd om at han som barn kom til London på ein barnetransport, på eit tog frå Praha, ved utbrotet av andre verdskrig. Austerlitz reiser straks til Tsjekkia på leiting etter foreldra, som han ikkje lenger kan minnast. Han tek inn på eit hotell på Kampa, ei kunstig øy i elva Vltava, like ved enden av Karlsbrua. Øya, som er skilt frå fastlandet av Djevelens kanal, vert også kalla Prahas Venezia, og minner om ein elegant liten landsby midt inne i byens gotiske og barokke steinbygningar.

Kampa

Høyr episode 3 av radiodokumentaren Europa, erosjon, erindring:

LES OGSÅ: Europa, erosjon, erinding: Episode 1Episode 2Episode 3 og Episode 4.

Malá Strana

Lillesiden er det norske namnet på strøket ved venstre breidd av elva Vltava, som deler Praha i to. Når Austerlitz vitjar Praha, befinner statsarkivet seg i gata Karamelitská i Malá Strana. Hjå arkivet får Austerlitz oppgitt adressa til ei songarinne ved namn Agátha Austerlitz, som i 1933 flytta til adressen Šporkova 12 i same bydel, “Og slik, sa Austerlitz, var jeg knapt kommet til Praha før jeg fant igjen skueplassen for min første barndom, som alle spor var visket ut av i hukommelsen min…Allerede mens jeg gikk omkring i labyrinten av gater, forbi hus og gårdsplasser mellom Vlašská og Nerudova, og særlig da jeg kjente den ujevne brostenen på Šporkova under føttene mine mens jeg gikk oppover bakken skritt for skritt, var det som om jeg allerede hadde gått i desse gatene en gang tidligere, som om erindringen åpnet seg for meg, ikke gjennom ettertankens anstrengelse, men gjennom sansene mine som så lenge hadde vært bedøvet, og som nå våknet til live igjen”.

Gater

Šporkova 12

For oss tek det heller ikkje lang tid å finne vegen frå hotellet der vi bur på Kampa-øya, til bygården med rett adresse. Her er det i dag vandreheim for systrene av Sankt Charles Borromeo-ordenen. Frå 1813 var bygningen heim for foreldrelause i over hundre år. Relieffen over inngangsdøra ber St. Borromeo sitt emblem humilitas – audmjuke. Trappeoppgangen Sebald skildrar, og som synast på to bilete i boka, høyrer imidlertid til ein annan bygning i området. Ved sitt besøk vert Austerlitz umiddelbart gjenkjent av si gamle barnepike, som framleis bur i bygningen og var ein nær ven av hans foreldre og kan fortelje om deira liv saman i Malá Strana.

Sporkova 12

Erindringsbiletet

“Siden satt jeg på en benk i solen til bortimot middag og så på utsikten over byen, bortenfor Lillesiden og Vltava, som virket gjennomskåret av de krokete sprekkene og revnene fra den forgangne tiden, akkurat som fernissen på et malt bilde.”
Utsikt

Petřínská rozhledna

Eit over seksti meter høgt tårn løftast opp over byen av den skogkledde åssida. Stålkonstruksjonen er inspirert av Eiffeltårnet, vart reist i 1891 og gir mange mils utsyn over landmassane. Věra fortel at ho og Austlerlitz drog på utfluker hit “…hvor vi sikert tilbrakte en time eller mer med å se ut over byen som bredte seg ut foran oss med sine mange tårn, som jeg alle kunne utenatt, liksom navnene på de sju broene som strakte seg over den glitrende elven”.

PetrinMoldau

Siste episode

Slik minnast Věra barndomen til Austerlitx i Šporkova 12, før ho går over til å fortelje om sangerinna Agátha og hannar siste dagar i Praha før deportasjonen. I neste episode av Europa, erosjon erindring går vår siste uflukt til festningsbyen Terezin, idag betre kjend som konsentrasjonsleiren Theresienstadt.

Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med støtte frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austerlitz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.

Anbefalte artikler