RADIODOKUMENTAR: EUROPA, EROSJON, ERINDRING

This content has been archived. It may no longer be relevant

W. G. Sebald var ein tyskspråkleg, britiskbasert forfattar og akademikar, fødd i Tyskland i 1944, på tampen av andre verdskrig. Sebalds forfatterskap er prega av det historiske landskapet han vaks opp i. Særleg i hans siste roman «Austerlitz», ruvar Holocaust som den fortrengde sanning etterkrigstidas Tyskland ikkje maktar å ta innover seg.

PROSJEKTET

Gjennom 14 dagar reiser Sunniva Rebbestad og Magnus Romslo Lindvik med tog til London, Antwerpen, Paris, Marienbad, Praha og Terezin i Tsjekkia. I kvar by besøker vi gater, kafear, parkar, bibliotek, fangeleirar, minnemerke og storslegne byggverk som Sebald syner oss i romanen.

Korleis samsvarar vår lesing av romanen med verda der ute? Korleis samsvarar våre minne med dei dokumenta som ligg begravd i kontinetets tallause byråkrati og arkivskap? 

IMG_3233

HISTORIA

«Austerlitz» er forteljinga om ein namnlaus, anonym forteljar som seint i 1960-åra reiser gjentatte gongar frå England til Belgia – som han sjølv seier – delvis for studier, delvis for andre grunnar som aldri vert heilt klåre for han. På ventromet til Antwerp Centraal Station møter forteljaren ein annan reisande – den underlege arkitekturhistorikaren Austerliz. 

IMG_3114

Episode 1 av 6: London

Vår reise tek til i London, der Austerlitz tilbringer sine eldre dagar, og der han først erindrar korleis han kom einsam til denne byen som 4-åring. Vi besøker mellom anna London Transport Museum si utstilling om kartlegginga av London Underground.

Vi finn også fram til Andaz Hotel i Liverpool Street, som på romanens tid er kjent som Great Eastern Hotel. Hotellets manager let oss kome inn i frimurartempelet som vart funne under oppussinga av bygningen.

Episode 2 av 6: Antwerpen

Akkurat som romanens forteljar, kjem vi til Antwerpen via den overdådige Antwerpen Centraal Station – eit monumentalt reiseverk som vitnar om Belgias stordomstid som kolonimakt mot slutten av 1800-talet.

Frå Antwerpen Centraal Station tek vi toget innover i den Belgiske landsbygda, til den fredelege småbyen Willebroek og den gamle betongfestningen Fort Breendonk, som under andre verdskrig vart nytta som fangeleir. I denne episoden vandrar vi også gjennom Antwerpen Zoo – ein av verdas eldste dyrehagar.

Episode 3 av 6: Paris 

Austerlitz reiser til Paris på jakt etter sin far, som rømde hit frå Praha under krigen. For informasjon søkjer han seg til det nyreiste nationalbiblioteket utanfor byen. Denne delen av reisa slår an temaet om gamal verus ny arkitektur og bystruktur, og om dokumentasjon, arkivering og moderne byråkrati.

Dokumentaren er utgitt med støtte fra Medietilsynet Norge. Artikkelen er del 1 av 2.

Foto ved Magnus Romslo Lindvik og Sunniva Rebbestad

Anbefalte artikler