Yoshi’s Crafted World

Yoshiane har ein real fest (skjermdump: Asbjørn-Heike, @ Nintendo 2019)

Gledeleg gjensyn

Yohsi’s Crafted World er eit gledeleg gjensyn med den lille grøne dinosauren frå Mario universet. Den fylgjer sama stilen som dei andre Yoshi spela, og er ein 2d plattform retta mot born og barnslege vaksne (kremt, kremt, meg sjølv, kremt). Universet er denne gongen litt annleis, då den i hovudsak består av papputklipp av ting og tova garnutgåver av fiendar og andre levande vesen. Frå første stund du startar spelet blir du bombardert med supersøt og klissete grafikk, ei historie som er så tragikomisk dårleg at den er underhaldande, og eit musikkspor som får sjølv den mest hardbarka og døve gameren til å ville rive av seg øyra etter nokre minuttar. Ikkje misforstå meg, musikken er særs godt laga men ber preg av målgruppa som er born mellom 3 og 7 år. For å gje ei ok samanlikning, så er det som å høyre “bæ bæ lille lam” på repeat gjennom ein 8 timars flytur. Bra og fascinerande den første gongen, men når du brukar litt tid på banane for å finne alle blomane, myntane og evt andre hemmelegheiter, så blir ein litt gal av den. Vertfall kombinert med Yoshi sine stønn, lydar og veremåte. Det blir heldigvis vigd opp av den kreative bruken som papp gir banane. Dei fleste banar har ein gimmick som lysar opp kvardagen litt. Som å være ein gigantisk pappyoshi, og leike Godzilla på ein by av papp, trær og flygande shy-guys.

Yoshi leikar søt pusekatt (skjermdump: Asbjørn-Heike, © Nintendo 2019)

Historia i eit nøtteskal

For å fortelle historia kort, men godt, så har Yoshiane (ja det er fleire av dei. Heile 8 stykk) ein solstein som er omkransa av fem krystallar i forskjellige fargar. Sola i solsteinen smilar og dansar med Yoshiane medan dei syng og ler. Så kjem baby Bowser og Kamek tilfeldigvis forbi, og baby Bowser vil sjølvsagt ha desse fine krystallane og solsteinen for seg sjølv. Med litt mislykka magi, så mistar solsteinen alle fargane sine, og Yoshiane blir ståande triste og leie. Slik står dei og sutrar ei lita stund, før den grøne Yoshien bestemm seg for å dra ut i vera å finne dei fem krystallane. Som då er den same plana som baby Bowser og Kamek har. Og her startar Yoshi sitt store eventyr.

Ein solo Yoshi dans er aldri å sei nei til. (Skjermdump: Asbjørn-Heike, © Nintendo 2019)

Eventyret tar til

Spelet byr på ei rekke verder, som alle fokusera på å sanke blomar, raude myntar og vanlege myntar. Kvar bane har eit bestemt antall blomar som ligg gøymt ute i bana, og 3 bonusblomar du kan få. Desse får du ved å sanke 20 raude myntar, ha 20 helsehjartar når bana er slutt, og du har fått over eit spesifikt antal vanlege myntar på bana. Blomane brukast til å “fikse” nokre deprimerte robotar som blokerar vegen framover, og desse blir så glade for blomane at dei opnar neste verd ved å snure den open. Desse sekvensane kan minne litt om “Game of Thrones” introen, bere langt søtare og hoppande. Spelet har ein sjarm som ikkje alltid er like vellukka for ein vaksen person, men for born i målgruppa treff den blink utan tvil. Spelet har nokre få nye element for å bryte opp frå den litt tradisjonelle Yoshi formularen. Det er no banar der du styrar ein svær pappyoshi med boksehanskar til nevar. Der skal ein sanke mest mogleg poeng for å maksimere antal blomar ein får. Ein anna ny vri er endring av 2d-planet. Ein følgjer ein veg slavisk, men den kan no svinge i forskjellge retningar (tenk Tarzan til ps1) og det opnar nye moglegheitar for pengar, egg og blomar. Noko dei har lagt til som er fyrste gong eg ser, er moglegheitene til å spele nesten alle banar frå andre sida. Ved å spele på “the flipside” så er det ikkje lenger mykje fargar og pynt, men lim, teip, klypa, og papprestar som dominerer bana. Det er jo kjekt å sjå at dei har tenkt på korleis ein pappver kan vær bygd opp.

Kjempe Yoshi på hjul! (skjermdump: Asbjørn-Heike, © Nintendo 2019)

Yoshi er ikkje eit spel for alle. For meg personleg så spelte det akkurat nok på nostalgistrengen til å være kult ei stund, men etter eit par timar samanhengande speling så byrjar ein å bli sliten i båe kropp og sjel. Ungen min på seks år elska spelet, og kosa seg mykje med det, men ho er då midt i målgruppa til spelet. Spelet får 8 av 10 tannlegar med studielån på forfall. Hugs å pusse tenna etter å ha spelt.

Ein må fylgje maskeringsteipen der den tar deg. (Skjermdump: Asbjørn-Heike, © Nintendo 2019)

Siste podcaster

  • Spillmagasinet: Kommende Adaptasjoner og Bisarre Fohåndsbestillinger
    Er vi på veg mot en storhetstid for gode filmadaptasjoner av spill, nå som spill begynner å bli mer og mer normalisert som et medium? Og er det verdt å betale nærmere 2000 NOK fo å få tilgang til Star Wars Outlaws 72 timer før alle andre? Store spørsmål som trenger lange svar fra store personligheter i denne ukens episode! I Studio: Benedikte, Kristian, og Agnar

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler