Skapar privatistordninga eit klasseskilje?

Forrige veke skreiv Mikkel Ihle Tande ein artikkel om dagens privatistordning, der han blant anna hevda at ordninga er med på å skape eit klasseskilje i samfunnet. Rektoren ved Kolon Privatistskole i Bergen, Ann Kristin Svartefoss, kallar kritikken for unyansert. Nyhetsuka ved Studentradioen i Bergen inviterte difor Tande og Svartefoss til debatt.

Tid er penger

Tande kritiserar fleire aspekter ved privatistordninga. Han trekkjer fram at det er svært dyrt å ta opp fag etter vidargåande, og det er berre elevar med rike foreldre som har denne moglegheita. Svartefoss seier seg ueinig i denne kritikken med bakgrunn på at alle personar som ønskjer å ta høgare utdanning i Noreg, har moglegheit til å ta opp studielån. Privatiststudentane ligg på lik line med andre studentar når det kjem til studielån, og difor hevdar Svartefoss at argumentet til Tande fell saman.

Tande er også kritisk mot moglegheita til å bytte ut heile karakterkortet sitt frå vidargåande, og hevdar blant anna at privatiststudentane brukar for lang tid før dei byrjar på høgare utdanning. Norske studentar er blant dei eldste i Europa, og ein av grunnane hevdar Tande er moglegheita til å ta opp fag.

–  Folk brukar veldig lang tid på å ta opp fag, denne tida kunne dei brukt til å studere, kome seg ut i jobb og betale ned studielånet sitt, seier Mikkel Ihle Tande.

Svartefoss peikar på at det er få elevar på vidaregåande skule som er sikre på kva dei vil studere vidare, og difor ikkje oppnår dei resultata som blir krevd til å kome inn på eit spesifikt studie. Her framhevar ho privatistordninga som noko positivt for dei som ønskjer å studere blant anna medisin, lærar eller profesjonsstudiar av ulike artar.

Du kan høyre reportasjen her:

 

Auka konkurranse

Det er vist at privatiststudentar får høgare karakterar enn dei elevane som fullfører vidargåande skule, dette førar til at privatiststudentane har betre føresetnader til å kome inn på ønskja studie. Tande hevdar at dette førar til at det blir færre studieplassar til dei som kjem rett frå vidaregåande skule.

Det er eit begrensa antall plassar til høgare utdanning. Det at ein person ikkje kjem inn på eit studie gjer at ein anna kjem inn. Dei som faktisk har gode nok karakterar frå vidaregåande skule, opplever ein auke i konkurransen om plassane, hevdar Mikkel Ihle Tande.

Svartefoss er delvis einig i at det er ein auka konkurranse mellom det begrensa antallet studieplassane.Ho trekkjer imidlertidig fram at dei over 21 år uansett kjem inn på ordinær kvote. Det er ganske gitte kriterium for kva som er førstegangsvitnemålskvota og kva som er ordinærkvote. 50% av dei som søkjer høgare utdanning er forbeholdt førstegangsvitnemålskvota, og siste halvdel er ordinærkvota. Difor stemmer det ikkje at det

Forslag til endring

Tande meiner ikkje at ein skal avskaffe privatistordninga heilt, men han kjem med nokon konkrete forslag til kva som kan endrast ved dagens privatistordning. Eit av forslaga til Tande er å begrense antall fag ein kan ta opp som privatist til 3 fag, med unntak av dei faga ein har stroke i. Dette vil ifølgje Tande både avgrense tida privatiststudentane brukar på å ta opp fag, samtidig som at det vil begrense kostnadane og dermed også begrense det antatte klasseskilje. Dette er Svartefoss svært ueinig i:

–Eg veit ikkje kva han vil oppnå med å begrense antall fag. Eg tenkjer viss ein har bestemt seg i eldre alder å studere psykologi, juss eller andre fag, så vil ein jo ikkje kome i mål viss ein begrensar det til å ta tre fag.

Eit anna forslag som Tande framhevar i debatten er opptaksprøver. Personar som i eldre alder veljer å studere, kan heller øve og lese seg opp til opptaksprøver for det spesifikke studie, i staden for å bruke tid på å ta opp fag som ellers er irrelevante til det aktuelle studiet. Dette ser Svartefoss på som eit aktuelt og godt forslag:

Det trur eg absolutt kunne vore ein verdi, spesielt i dei studiane kor ein skal ha veldig mykje menneskekontakt, type lærar, medisin og andre profesjonsstudier

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.
 

Anbefalte artikler