Kjønnskvotering kan bli reelt på medisinstudiet

På landsbasis har talet kvinnelege medisinstudentar låge på kring 70% der medisinutdanningane ved UiO og UiB har klart høgast del kvinner. Ved opptak på medisinstudiet ved UiB i 2015 var 76% av studentane kvinner. Norsk Medisinstudentforening ønskjer derfor å innføre kvotering av menn på medisinstudiet innan 2020 såframt ei utjamning mellom kjønna ikkje finn stad naturleg dei neste åra.

Eivind Valestrand, leiar i Norsk Medisinstudentforeining, meiner det er viktig med ein kjønnsbalanse for å bevare ei utdanning som kan representere begge kjønn.

NØDVENDIG: Eivind Valestrand, leiar i Norsk Medisinstudentforeining, meiner kjønnskvotering er løysinga for å skape ein kjønnsbalanse på medisinstudiet. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten
NØDVENDIG: Eivind Valestrand, leiar i Norsk Medisinstudentforeining, meiner kjønnskvotering er løysinga for å skape ein kjønnsbalanse på medisinstudiet. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten.

— Så lenge pasienten består av begge kjønn, bør legestanden reflektere det. Kvinner og menn har ulike eigenskapar og vi har ulike styrkar som vi utfyller kvarandre i.

Eit slikt tiltak er Tobias Jensen Otterstad, medlem i Blå Liste og politisk nestleiar i Høgre sitt studentlag i Bergen, motstandar av. Ifølgje han vil ei slik kjønnskvotering føre til at fleire godt kvalifiserte kvinner vil miste moglegheita til å kunne studere medisin.

— Om 30 kvinner er kvalifisert ved at dei har høgast snitt, og så seier ein at 15 av desse plassane skal gå til menn, blir det færre kvinner på studiet.

Ikkje ønskjeleg med kjønnskvotering

HALDNINGSENDRING: Tobias Jensen Otterstad, medlem i Blå Liste, ser ikkje poenget med kjønnskvotering, og ønskjer heller ei holdningsendring i samfunnet. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten
HALDNINGSENDRING: Tobias Jensen Otterstad, medlem i Blå Liste, ser ikkje poenget med kjønnskvotering, og ønskjer heller ei holdningsendring i samfunnet. FOTO: Vilde Midtbø Ulsten

Valestrand slår fast at Norsk Medisinstudentforeining ikkje ønskjer ei kjønnskvotering, men at det er viktig med ein kjønnsbalanse. Frå 2005-2015 sank delen mannlege primærsøkarar til medisinstudiet frå 40% til 29%. For å unngå ein ytterligare nedgang i talet mannlege medisinstudentar, ser ikkje Valestrand andre kortsiktige løysingar enn å innføre kjønnskvotering.

— Det er ikkje eit problem at det er flest kvinner, men det er eit problem at vi er for få menn. Derfor seier vi at dersom vi ikkje ser ei betring, så ser vi at kvotering blir eit verktøy vi dessverre må bruke.

Otterstad ser ikkje problemet ved å ha eit fleirtal kvinnelege legar. Han meiner ein bør setje individet framfor kva kjønn ein er og heller fokusere på å ta inn dei beste og mest motiverte på medisinstudiet.

— Vi skal få dei legane som har kome inn på studiet fordi dei er dei dyktigaste framfor kva samfunnet ønskjer av legestanden. Andre individ sine ønskjer skal påverke kvart enkelt individ sine moglegheiter for utdanning,  seier Otterstad.

Kvotering på minimum 30% av kvart kjønn

Eit tiltak for å unngå ubalanse

Etter den drastiske nedgangen i mannlege medisinstudentar dei siste ti åra, meiner Valestrand det er viktig å utføre tiltak for å kunne engasjere fleire av det mannlege kjønn til å ønskje å jobbe som legar i framtida. Ved å innføre kjønnskvotering, vil Norsk Medisinstudentforeining innføre ei kvotering på minimum 30% av kvart kjønn for å oppretthalde ein kjønnsbalanse på landsbasis.

Er det viktig å ha ein lege av same kjønn?

— For nokre pasientar er det det. Vi blir jo legar for pasientane si skuld. Det er viktig for pasientane, medisinstudiet og arbeidsmiljøet. Vi meiner jo ikkje at vi skal kvotere for å løyse alle problem, men vi ønskjer det som eit verktøy for å sikre at vi ikkje får ein for stor ubalanse, seier Valestrand.

Les ogsåKorridorpolitikk i studentparlamentet.

Samstundes påpeikar han at det òg er andre tiltak som kan utførast for å engasjere menn inn på medisinstudiet, som å starte ei rekruttering allereie på ungdomsskulen, og invitere elevar til besøk på dei ulike studiestadane, som til dømes NTNU gjer ved å arrangere jentedagane.

Meiner ei haldningsendring er løysinga

Otterstad ser ikkje behovet for å innføre eit minimumskrav på 30% og meiner ein heller bør sikte mot ei generell haldningsendring i samfunnet. Han slår fast at kven ein er som person er det einaste som skal påverke om du kjem inn på medisinstudiet.

— Eg kan gjerne ha ein kvinneleg lege om det er eit av dei små tiltaka vi kan gjere for å gjere det meir greitt for menn å velje kvinnelege legar, seier Otterstad.

 

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler