Knut Nærum – Kjærnekar om Kjærnelitteratur

I Dystopiens univers

Bergens Offentlige Bibliotek si kjærnesamling består av 100 bøker. Her finn du alt frå Lewis Caroll`s Alice i eventyrland, til George Orwell`s 1984. Sjangerspennet er stort, men målet med samlinga er å reflektere det beste av Bibliotekets litteratur. Her har Knut Nærum fått fritt spelerom, og det første Hanne lurer på er om han har sett seg ut nokre favorittar. Svaret ho får er svært diplomatisk:

– Det er veldig mange bra bøker i samlinga; Mange bra bøker eg har lest og nesten like mange bra bøker eg ikkje har lest. Du kan nok velge kva som helst og få ei bra bok. Alle verka er ypperlige innanfor sin sjanger.

Nærum spesifiserar med at han sjølv har fokusert på fabelprosa, ein kategori som rommar både science-fiction og fantasy. Sjangeren er stor, og Nærum har snævra seg inn på eit bestemt tema, nemleg dystopi.

– Eg såg først og fremst etter noko som hang saman tematisk, og valgte framtidsdystopier. For eksempel H. G. Wells Tidsmaskinen der hovudpersonen reisar så langt fram i tid at det ikkje lenger eksisterer mennesker. Det finnes nokon vesner som ligner på menneskar då, dei er “eloier”.  Dei tilbringer dagene sine med fløytespel, fjas og fruktspising.

Nærum har eit glimt i auge når han fortel om verka han har valgt. Ein forstår at den humoristiske sida hans nok har vert ein del av denne prossesen.

Korps og Krim

Hanne kommenterar at Nærum også har ein eigen forfattarskap. Kva er det han sjølv likar best å skrive om?

– Det eg har brukt mest tid på er gammalmodig krim og dramatikk. Eg har skreve ein del for teateret dei siste par åra. Til hausten har stykket mitt “Korps” premiere: Eit teaterstykke for to skodespelarar og eit korps! Det var så rart at eg måtte seie ja med ein gong.

Knut`s krusedullar

Det er ikkje berre er ord Nærum har teke på, han er også tegneserieforfattar. Hanne lurer på kva tid han byrja å teikne og kva som inspirerar han.

– Eg har laga teikneserier sidan eg var ti år, då var det familie og vener som var publikum. Eg teikna sjølv gjennom heile 90-talet, men i det siste har eg jobba mest med manuskript til teikneseriar, blandt anna for Donaldbladene sidan 2009. Interessa for teikneserier kjem vel frå same plassen som interessen for humor; Man har eit ønske om a være ein del av noko ein likar. Eg har vert heldig som har fått jobbe med noko eg har ønska siden eg var ganske liten.

Gamalt om Nytt på Nytt

Hanne tek opp Nytt på Nytt, programmet mange hugsar Nærum frå. Ho lurar på om han såg på TV-debuten som eit springbrett for forfattarskapet hans

Bilde tatt av Hanne Kaland
Bilde tatt av Hanne Kaland

– Det er vel på grunn av Nytt på Nytt mange framleis kjenner namnet mitt, eg har jo ikkje vert på tv på 2 år. Før showet eksisterte eg meir som ein kultfigur. Men eg vil ikkje kalle den moglegheita eit springbrett. For eksempel gav eg ut mi første bok etter halvannet år på tv. Boka gjorde det ok, men ikkje “kjendisbra”. Det var ingen samanheng mellom kor mange som hadde sett meg på tv og kor mange som kjøpte den boka. Det er ikkje kor mykje forfatteren er på tv som teller, det er kva boka handlar om.

Hanne stiller spørsmålet alle lurar på, og som Nærum sjølv nok har hørt mange gongar før. Kvifor slutta han i Nytt på Nytt etter å ha vore med i gjengen sidan 1999? Her smilar Nærum.

– Svaret ligg vel i spørsmålet. Etter så mange år i eit vekentlig program blei liksom tilværelsen litt skjematisk. Eg er forsiktig når eg snakkar om dette, for eg veit at eg hadde ein jobb mange kunne ha ønska seg. Men eg hadde eit behov og moglegheit for endring.

Og til slutt, kva synes Nærum egentlig om det nye panelet til Nytt på Nytt?

– Det ærlige svaret er at tykjer dei er strålande morosamme og begavede menneskar. Dei har gitt programmet nytt liv. Eg ser på kvar veke framleis, og synes det er det artigaste programmet på norsk TV.

Framtida for Nærum

Med det takkar Hanne og Henriette for seg. Framtida til Nærum ser neppe like dyster ut som den som er framspeila i litteraturen til Orwell. Nærum er som sagt aktiv forfattar, teikneserieteiknar og foredragsholdar. Som Nærum sjølv seier:

“Eg har smurt meg sjølv tynnt utover eit stort område.”

Anbefalte artikler