Gjesteprogramleiar-veke: NHH

This content has been archived. It may no longer be relevant

Denne veka har Studentmorgon hatt gjesteprogramleier-veke. Me har hatt med oss representantar frå ulike studiestadar i Bergen kvar dag. Gjestane har vore med under heile sendingar frå klokka 07.00 til 10.00, og har fått vera med som programleiarar gjennom blant anna faste spalter, quiz og intervju.

Fredagens gjesteprogramleiar

Siste vekedag var det NHH-studenten Victoria Poon Sundvor som skulle få gleda av å vekka trøytte Bergens-studentar saman med Odd og Florian, to av gutane frå fredagsgjengen. Det var topp stemning under sendinga, og den bar preg av at me nærmar oss Halloween. Dette viste igjen ved at det kvinnelege medlemet frå fredagsgruppa, Ruth, hadde laga innslag om Halloween, og av at bandet Children of Carnivale og museumsheksa Gro kom på besøk i studio. Men det heile starta altså med at me blei kjent med Victoria.

Victoria kjem frå Oslo og er 23 år gamal. Ho er halvt kinesisk, noko som ho beviste ovanfor Odd og Florian ved å nytta sine språkferdigheiter på lufta. Victoria studerer på NHH for å bli siviløkonom, og utanom studia er ho engasjert i studentfestivalen UKEN. Her har Victoria stillinga som PR-sjef, ei rolle som gjev ho ansvaret for over 200 frivillige studentar.

I dag fekk Victoria blant anna vera med på dei faste fredagsspaltene Etymologi – kor me skal finna ut av eit ords opprinning, og Polititweets – kor me finn fram det artigaste politiet har twitra den siste veka.

Glad i Halloween

I motsetnad til Odd og Florian, så har Victoria ei kjærleik for Halloween. Vestkantjenta har “gått Halloween” sidan ho var lita, og hennar positive syn på dagen møter motstand i studio. Victoria ser seg nøydd til å forsvara dagen i det Florian hakkar laus på den. Florian meiner at Halloween, som eigentleg har si opprinning frå England og Irland, ikkje har noko i Noreg å gjera. Han trekk fram Julebukk, eller Julegeit som det også kan kallast, som eit betre alternativ.

Det er likevel ikkje til å skyva under ein stol at Halloween allereie byrjar å ha hatt lang fartstid i Noreg, og dei fleste vil nok difor vera kjent med uttrykket “knask eller knep”, og når det gjeld haldning til dei såkalla knepa er alle i studio einige. Knepa som førekjem natta før 1. november, er ein uting. Dette er noko både Victoria og Florian har erfaring med, ettersom begge har fått husa sine bombardert med egg etter å ha gløymt å kjøpa inn snop. Florian minnast at episoden ikkje gjorde foreldra hans særleg glad.

Gjengen fekk som tidlegare nemnt besøk av fleire Halloween-relaterte gjestar, og første gjest i elden var bandet Children of Carnivale som speler på Kvarteret 31. oktober. Bandet omtalar seg sjølv som Alternativ Gypsy Jazz-Rock, og alle dei seks medlemma møtte opp i radiolokala i åtte-tida for å spela ein song live. Museumsheksa kom òg innom ein tur for å snakka om Halloween-arrangementet som tek stad på Historisk Museum, også dette på 31. oktober. Under det sistnemnte intervjuet fekk òg Victoria prøva seg som intervjuar, ei oppgåve ho meistra godt.

Høyr innslaget Ruth laga om Halloween:

Festivalen UKEN

På dagens sending var det Victoria som stod for den obligatoriske quizen som denne gongen bestod av spørsmål om UKEN. Quizen hennar opplyste oss blant anna om at den amerikanske rapparen 5o cent “casually” gjekk inn i SIB-kantina og byrja å ete lunsj her, mens han var i Bergen i samband med UKEN. Som følgje av Victoria sitt verv i UKEN var den studentdrivne festivalen eit naturleg tema å ta opp under sendinga, og ho var tydeleg engasjert under samtalen om festivalen.

Ifølgje Victoria er UKEN oppe og går takka vera over 1000 engasjerte studentar som kjem frå alle slags studiestadar i Bergen. Den 17-dagar lange festivalen blir arrangert i februar/mars og består av blant anna revyar og konsertar. Festivalen har tidlegare hatt besøk av store namn som Kaizers Orchestra og The White Stripes, og på måndag blei nokre av artistane som kjem til neste års festival offentleggjort, då det var duka for første programslepp. Då blei det gjort kjent at Karpe Diem, Arif, OMVR og BMI (Bare Moro Impro) blir å oppleva på Koengen laurdag 5. mars under den såkalla Festivaldagen. Denne dagen kan du, som festivalen skriv så fint på si nettside, drauma deg bort i den typiske festivalkjensla, på ei tid som ligg litt utanom den typiske festivalsesongen.

Victoria presiserte at dette berre var eitt av artistsleppa, og at det framleis er spanande artistslepp å sjå fram til. Om du vil vita meir om UKEN kan du besøka festivalen si heimeside uken.no 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anbefalte artikler