Solidariske konsertarrangørar

This content has been archived. It may no longer be relevant

Studentmorgon hadde torsdag besøk av Reber Roald Iversen og Erik Risvold Ystgård frå Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom Bergen. På Landmark same kveld sto dei som arrangør for konsertkvelden Sound of Solidarity, som er eit ledd i den årlege 1. mai-aksjonen til Norsk Folkehjelp.

1. mai-vorspiel

– 1. mai-aksjonen er ein tradisjon Norsk Folkehjelp har hatt, og er i botn og grunn ein innsamlingsaksjon der me samlar inn pengar på 1. mai og arrangement rundt, seier Reber Roald Iversen.

Derunder kjem Sound of Solidarity, som dei også omtalar som eit vorspiel til heile innsamlingsaksjonen. Med seg hadde dei fått banda Curly Tankard og Hvitmalt Gjerde.

Kva ein samlar inn til varierer, og i år er fana «Folk forandrer verda». Iversen seier det kan bli knytt opp mot Norsk Folkehjelps politiske plattform og deira internasjonale arbeid. Fokuset i år er av ein litt meir generell karakter, og ein ønsker mellom anna å løfte fram sentrale punkt som; retten til å organisere seg, demokratisering og ei meir rettferdig fordeling av makt og ressursar. Problemstillingar som er særleg aktuelle på den sørlege halvkule av kloden.

Norsk Folkehjelp og Solidaritetsungdommen har til stadig ulike prosjekt og aksjonar på gang. I tillegg til den komande 1. mai-aksjonen, så har til dømes innsamlingsaksjonar for innbyggarar i Syria og tyfonramma i Filippinene vore ein del av det aktuelle naudhjelpsarbeidet.

Velgjerdsarbeid vs. solidaritet

Blant Solidaritetsungdommen likar ein å vise til følgjande linje: «velgjerdsarbeid skapar avhengigheit, solidaritet skapar sjølvstende».

Me meiner at solidaritet er motstykket til velgjerdsarbeid. Og velgjerdsarbeid er almisser som skapar avhengigheit for andre folk. Me vil at makta skal ligge hjå mottakaren, ikkje givaren.

Han peikar på at den tradisjonelle vestlege bistanden, som har blitt ført sidan andre verdskrig, ikkje har gitt så store forandringar på kritiske punkt som demokratisering og økonomisk utvikling. Likevel har denne tradisjonelle bistanden også gjort fleire gode ting.

– Den har hjelpt på mot sjukdommar som aids og malaria, og ved umiddelbar krisehjelp. Over lang tid, fungerer ikkje det å hive pengar på eit problem og tru det skal gå vekk, seier Iversen.

Til påstanden «viss nokon skal vere rik, så må det vere fattige», er ein mindre samd.

– Ja, eg er ikkje einig i det. Ikkje heilt i alle fall. Den eine prosenten av dei rikaste i verda, har så enormt stor andel av pengane og dei kan bli fordelt fantastisk mykje betre, meiner Ystgård.

Iversen er einig, og meiner ein burde måle eit lands velstand og utvikling ut frå forholda blant dei svakaste i samfunnet. Han meiner Noreg er eit privilegert land kor ein har mange rike, og ei mindre svakarestilt gruppe som trass alt har visse basisrettar og forhold lagt til rette. Sør-Amerika blir istaden peika på som ein region kor skilnadene mellom fattig og rik kan vere svært store. Det sentrale trass alt, er å vite kor mange fattige det er, ikkje kor mange rike som finst. Tenk på det når 1. mai-aksjonen no nærmar seg.

Lytt til intervjuet her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/04/Sound-of-Solidarity.mp3]

«Hvitmalt», men set ikkje på gjerdet

Same morgon var også eitt av dei to banda som spelte under Sound of Solidarity, Hvitmalt Gjerde, innom Studentmorgon.

Bandet som består av Johannes Fjeldstad, Sturla Kverneng og Håvard Bakke, har lagt bak seg eit år med debutalbum, mange konsertar og to spellemanns-nominasjoner. Likevel verkar dei å halde ein beherska tone til det heile.

– Har ikkje tenkt så mykje over det. Det skjedde veldig mykje i fjor. Vi set egentleg litt igjen og berre prøver å fortsette, og tenker at det er bra det vi gjer, så vi må fortsette med det.

Dei spelte også på Øya- og Hovefestivalen i fjor sommar, og på sistenemnde nådde dei ein milepæl som for alvor viser at har fått publikum med seg. Det var nemleg første gong dei opplevde at publikum haldt éin finger oppe mens dei spelte.

– Det var rave!

No ventar nye, spennande tider med sommarkonsertar og nytt plateslepp i august. På Landmark på torsdag fekk den nye bassisten Håvard Bakke sin elddåp i konsertsamanheng, samtidig som bandet også gav publikum smakebitar frå det komande albumet.

Som ikkje det er nok, så er dei også aktuelle i den nye norske filmen «Beatles», som har premiere i august. Dei har spelt inn bakgrunnsmusikk til filmen som er basert på Lars Saabye Christensens roman frå 1984. Difor vart dei invitert bort til London, og inn i «heilage» studio 2 i Abbey Road Studios, kor dei fekk spele inn musikk komponert av  Magne Furuholmen.

Lytt til intervjuet med Hvitmalt Gjerde her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/04/Hvitmalt-gjerde.mp3]

Anbefalte artikler