“Freak”-fabrikken

This content has been archived. It may no longer be relevant

For ordens skuld vert det innleiingsvis vist til at denne artikkelen gjelder kun psykiske og sosiale avvik, og folk med fysiske skavankar som til dømes venstrehendte vert dermed haldt utanfor, medan DJ-ar og
folk som ser på Paradise Hotel fell innanfor med god margin. Folk som går med pilotbriller ligger akkurat
i grenseland mellom fysisk og psykisk skavank då pilotbrillene i form av sin eigenskap som accessories er fysisk plassert midt i ansiktet til personen som brukar dei, men nemnde person må samstundes vere
alvorleg mentalt forstyrra for å tru at han/ho faktisk ser bra ut med pilotbriller. For ikkje å fornærme
desse personane som har ein fot innanfor fysiske skavankar og ein fot innanfor psykiske skavankar,
vert personar som har berre psykiske skavankar heretter omtala som mentale misfoster.

Egoisme og fornekting

Jamt over ser innbyggarane i Oslo nokså normale ut dersom ein samanliknar med andre norske byar og
tettstadar, så kva er det då som får artikkelforfattaren til å hevde at Oslo nærmast er ein «freak»-fabrikk
som spyr ut misfoster frå den ræva inste Oslofjord faktisk er? Først og fremst kan ein starte
med demonymet; for kva kallar ein eigentleg ein person frå Oslo? Osling? Det er ingen som veit kva ein
skal kalle nokon frå Oslo, og allereie her har dei etablert eit grunnlag som «misfits» contra resten av
det norske samfunnet.

Om det er vanskeleg å forstå at ein har med «freaks» å gjere når ein går rundt i Oslos gater og studerar
folka der, kunne det på den andre sida ikkje vore lettare å oppdage det så snart dei opnar kjeften.
Desse mentale misfostera har nemleg tilsynelatande eit svært avgrensa vokabular, og dei tre orda
“meg”, “få” og “ta” utgjer faktisk så mykje som 97% av alle ord som veltar ut av kloakkrøyra dei har
rett under nasen. Mange av dei har sjølvsagt betre ordforråd og kan meir enn tre ord, men det har seg
slik at folk frå Oslo aldri tenker på nokon andre enn seg sjølve, og vil få alt muleg heile tida utan å gi
noko tilbake. Enda betre er det om dei i staden for å få noko av andre i landet berre kan ta det ifrå
dei. At innbyggarane i Oslo på denne måten får eit nytt tilbod eller ei ny teneste i tillegg til at andre
stader i landet mister tilsvarande blir sett på som ein dobbel siger.

I tillegg til dette er alle innbyggarane i Oslo overbeviste om at alle elskar byen deira og synest den er
uendeleg vakker. Dette samsvarar dårleg med at Oslo, i følgje resten av landet, er den einaste reelle
utfordraren til å ta frå Førde tittelen som Noregs styggaste by, ein tittel Oslo mest truleg kjem til å fråta
Førde dersom lokalbefolkninga i Sunnfjordsbyen lukkast i å stanse utbygginga av den planlagde
handelsparken på Bruland.

Oslo har også fleire gongar blitt krona med den lite gjeve tittelen Europas verste hovudstad, og på trass
av at gatekampane i Kiev periodevis nærmast har minna om ein borgarkrig, er Oslo framleis
storfavoritt til å stikke av med tittelen i år også når status skal gjerast opp mot slutten av året. Sjølv om
enkelte hovudstadar tilsynelatande prøvar å bli verre enn Oslo, kan ein vel kort og greit slå fast at
Oslo er så og seie sikra å vinne denne tittelen i alle fall dei neste 400 åra.

Årsak

Men korleis har det seg eigentleg at det er så mange fleire mentale misfoster i Oslo og området rundt i
forhold til resten av landet? Kvifor er det så mange fleire Paradise Hotel deltakarar som kjem frå Oslo
enn resten av landet? Kvifor er det så mange fleire som høyrer på techno her enn elles?
Artikkelforfattar held ein knapp på gjennomgåande låg, og framleis synkande, IQ. Det er eit
internasjonalt kjent fenomen at i rike land formeirar folk med låg IQ seg mange gonger raskare enn
sine artsfrendar med høgare IQ. Dette samsvarar svært godt med statistikk frå SSB som viser at Oslo
er både det fylket, og den byen som veks desidert raskast i landet, og faktisk den hovudstaden som
veks raskast i Europa. Oslingane er rett og slett så dumme at dei ikkje veit betre.

Anbefalte artikler