Idealistane

This content has been archived. It may no longer be relevant

Changemaker Bergen Student vitja Studentmorgon for å fortelje meir om seminaret “Merkeordninger for rettferdighet?” som dei saman med RE:ACT Bergen arrangerer torsdag kveld.

Idealistisk

RE:ACT er ungdomsorganisasjonen til den meir kjende Strømmestiftelsen, medan Changemaker er Kirkens Nødhjelps ungdommelege alibi. Begge organisasjonane jobbar aktivt for å fremje saker knytt til fattigdom og utvikling.

I studio snakka Leah Thorstensen, Kristine Misje og Erlend Søbye Grønvold frå Changemaker Bergen Student ivrig om sine store visjonar.

– Vi jobbar med utviklingspolitikk, og gjer verda til ein meir rettferdig plass. Det er veldig idealistisk, men det funkar, seier Thorstensen.

På Kvarteret i kveld står dei som arrangør for “Merkeordninger for rettferdighet?” som er eit av fleire såkalla Nord/sør-seminar som blir halde gjennom studieåret. Bak desse seminara er ei rekkje organisasjonar som på litt ulike vis jobbar for ei betre verd.

Merkeordningar og rettferd

Seminaret ønskjer å løfte fram merkeordningar som ein finn på produkt i daglegvareforretningar. Ein peikar mellom anna på nøkkelhol- og fair trade-merking som kan vere med å informere kunden om varene. Spesielt er fokuset deira på merking som fremjar førsteleddet i varens reise frå produsent til konsument.

– Fair trade-merka viser jo kanskje då ein meir rettferdig handel for utviklingsland, seier Misje.

Dei meiner òg at store industrikonsern er noko av det viktigaste for å skape ei betre verd, og at ein er avhengig av at dei tar sin del av ansvaret.

Lytt til heile intervjuet her:

[audio: https://srib.no/wp-content/uploads/2014/02/Studentmorgen-Changemaker-Student.mp3]

UTZ

Ei anna merking er UTZ, som er ei sertifiseringsordning knytt til kaffi, kakao, te og palmeolje. Ei slik merking seier at ein stiller krav til produksjonen når det kjem til sosiale tilhøve, arbeidstilhøve og miljø, i tillegg til at varens opphav skal vere sporbar.

I Noreg er Kaffehuset Friele døme på eit selskap som sel UTZ-sertifiserte produkt. Det gjer at ein skal kunne spore ein enkelt kaffipose tilbake til den plantasjen kor kaffien vart dyrka, og dermed vere med å fremje openheit. Målet er at alle ledd i systemet skal kunne tene på ordninga, og særleg det nemnde førsteleddet som består av bønder og produsentar.

Det vil ein få vite meir om i kveld ettersom Atle Engelsen, ansvarleg for kommunikasjon og samfunnsansvar ved Kaffehuset Friele, er gjest og vil snakke om deira erfaringar og samarbeidsavtalar.

I tillegg vil førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, som også er styremedlem i Slow Food Bergen, Thor Øivind Jensen og representantar frå FN-sambandet Vest også halde innlegg.

Seminaret går føre seg i kveld kl 19.00 i Speilsalen på Kvarteret (NB! Rykte seier det vil bli servert nybakte bollar og sjokolademuffins utan palmeolje).

Anbefalte artikler