Anmeldelse: Carrie

This content has been archived. It may no longer be relevant

Carrie White lev eit plaga liv i ein standard amerikansk by. På skulen blir ho mobba av dei populære jentene i klassa og plukka på som rar og merkeleg av stort sett alle. Heime ventar mor og Jesus klare med formaningar om undergang, fortapelse og tidenes antikvinnebodskap. Det er duka for eit samanbrot av bibelske proposjonar.

Blod

Det som startar heile kalaset er ein trang og uventa fødsel og like etterpå, at barnet er blitt tenåring og får mensen for første gang på verst tenkjelege tidspunkt. Det blir tidleg slått fast at blod og gørr står sentralt i denne forteljinga av den moderne tids store grøssarforfattar.

Det store klimakset i filmen er nok av det slaget du har møtt i fleire parodiar og filmar i di tid, og den ansvarlege for spesialeffekter har fått leika seg med det som var øverste hyle på syttitalet. Det er meir vondskap i augo til Moretz enn Spacek hadde i originalinnspelinga, noko eg må seie eg set pris på.

Forbetringar

Eg har som skrive over sett originalen, og må seie at det eg satte mest pris på i den nye utgåva av Carrie må vere å ha fått svar på mange av spørsmåla eg stilte meg då.

Vi får sjå og vite litt meir, det er synlegare samanhengar og viktigast av alt, skodespelet er so uendeleg mykje betre! Sjølv om det ikkje er, var eller vil bli ein av mine favorittar innan sjangeren set eg pris på at dei absolutt har gjort sitt for å gjere ære på slik ein klassikar, og unngått dei altfor store Hollywood-gropene.

Så, har du ikkje sett originalen so gå på kino og kos deg med godt samvit og la originalen forbli historie. Har du sett originalen, sjå nyinnspelinga du óg.

Regi: Kimberly Peirce
Manus: Lawrence D. Cohen, Roberto Aguirre-Sacasa
Medverkande: Juliane Moore, Chloë Grace Moretz, Gabriella Wilde
Sjanger: Drama, skrekk
Lengd: 100 min
Land: USA
Språk: Engelsk
År: 2013

Anbefalte artikler