Film: Diana

This content has been archived. It may no longer be relevant

Prinsesse Diana har separert seg frå Prinsen av Wales og lev eit beskytta liv i Kensington Palace omgjeven av tilsette og nokre få vener. Ho fortset sine plikter som prinsesse av eit kongerike med offentlege besøk, opningar og eit stadig aukande engasjement for verdas svake og utsette. Ein dag møter ho Hasnat Kahn, ein mann som skal gjere livet hennar enno meir komplisert enn det alt er.

Diana tek for seg dei to siste åra i prinsessa sitt liv. Det er ein film som verkeleg fortener stempla intim og personleg. Tonen blir sett alt få minutt inn i filmen, då vi følger Diana etter eit skulebesøk og ho vel heime tek av seg sminka og trekk på seg kosebuksene.

Fluge på veggen

Når du skal lage ein film som dette har eg tre kriterier som eg har nemnt i omtala av filmen The Butler. Eg hadde venta meg at denne filmen skulle gå i den same kategorien. Men Diana følger en annan stil og dette er meir likt ein dokumentar. Ein heng etter hovudpersonen på ein heilt annan måte, vi verkeleg er fluga på veggen.

Eg sat og følte på denne intime framstillinga ei stund, og det har teke meg tid å kome fram til kva eg eigentleg føler og meiner kring det. Eg har kome fram til at eg liker det. Eg ser for meg fleire filmar i framtida av dette slaget. Ideelt skulle det kome tre filmar om ein stor person som dette: ein faktisk dokumentar, ein storfilm som The Iron Lady, og ein dokumentarliknande versjon som denne. Då hadde ein fått tre gode og viktige vinklar som saman kanskje gjev oss ein større del av sanninga enn berre ein av dei aleine.

Eg blei spurt kva eg ville tenkt dersom eg var prins William eller prins Harry. Eg svarte som sant er, at dersom det var mi kjære mor som blei framstilt som dette ville eg i det stille følt meg såra og litt støtt på hennar vegne. Men samstundes vil eg seie at dette er ein bra film.

Oppgjer

Diana er ei kvinne som mange har ei meining om, og eg trur difor denne filmen er naudsynt. Den gjev oss ei moglegheit til å nyte eit noko nyansert bilete av henne. Det er ikkje dyrking av Diana denne filmen driv med, den kjem heller med ein tanke om korleis hennar to siste år faktisk var. Det er ingen helgen vi møter men heller ingen kynisk og kalkulerande ku som berre brukar media for å framstille seg sjølv som eit offer for den kongelege familie og media sjølv si trakassering, sjølv om det hintast mot begge.

Hovudtema i filmen er kjærleik. Forholdet til hjartespesialisten Hasnat Kahn er skilt ut som det større plotfokus medan Diana sitt ynskje om å berre bli elska heilt og haldent er raud tråd. Diana har mange gode scener, godt manus og ikkje minst overtydande besetning.

Framstillingar

Naomi Watts gjer ein strålande jobb i rolla som ei av verdas mest kjende og ikoniske kvinner. Her har dei gått for ein meir tolkingsbasert framstilling heller enn karakterbasert som vi har vore vitner til i til dømes The Queen. Eg liker begge variantane, men dei har sin bruk og sin sjanger. Her trengde vi meir Cate Blanchett (Elizabeth) sin Elizabeth I enn Helen Mirren (The Queen) sin Elizabeth II. Det passar seg betre på måten det er gjort då det trass alt er mange intime augneblink som har foregått utan nokon observatørar samt scener som har foregått under fire auge der ingen heilt veit om møta i det heile har foregått.

Hjartekirurgen Hasnat Kahn er spelt av Naaveen Andrews (The English Patient, The Brave One), som ein kanskje hugsar best frå serien Lost. Andrews gjorde ein framifrå prestasjon og har ein følbar kjemi med Naomi Watts. Saman skaper dei ei overtydande kjærleikshistorie, og han er verd å nemne som ein viktig støtterolle til den ellers tungtvegande Diana.

Kritikken

Eg tenkjer at noko av kritikken vil vere at filmen til tider er respektlaus ovanfor Diana sjølv samt hennar born og dei mennesker som er involverte. Eg er litt einig, samstundes som eg veit temmeleg godt at her har vi ei historie som må forteljast på bekostning av å trakke nokre på tærne.

Diana er ein gjennomført og god film, men ikkje heilt kva du ventar deg før du set deg i salen. Den vil vere med deg i ei vekes tid og du får nok eit litt anna bilete av kvinna Diana. Ta med deg ein kjærast eller ein god ven og gå for eit glas vin i etterkant. Unngå i alle fall å sjå den aleine, for om det er nok du blir bevisst på av Diana er det nett einsemd.

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og deler velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, meldingar, diskusjonar og intervju fra filmens verden på podcast eller siste vekes streaming.

Anbefalte artikler