FILM: THE BUTLER

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kvifor skal ein sjå denne filmen. Har vi ikkje sett det før? Biografisk film om ein tilskodar til ei av verdas største politiske scener i moderne tid. Ein film om krig, håp og kjærleik og eit stjernegalleri vi ikkje har sett makan til på lenge. “The Butler” er alt dette, og litt til.

Ein film som dette har tre hovudingrediensar som vi kjenner att frå til dømes to av mine favorittar, “The Queen” og “The Iron Lady”. Stjerner, familie og utvalde scener frå livet til den portretterte. Stjernene skal skape blest og drage produksjonen fram. Familie skal gjere det levande, menneskeleg og bringe det ned på jorda. Dei utvalde scenene er viktig for å få fram det utvalde bodskapet eller vise bestemde sider ved hovudpersonen.

Stjernegalleriet i denne filmen bekymra meg, så mange ego i ein og same film. Men det deilige med slike filmar som dette er at det er flust av store roller på tre-fire minutt som dei kjende kan leike seg med og dei uoppdaga bygge karriere på. Av åtte presidentar som sit medan Cecil Gaines er hjå Det Kvite Hus er fem med i filmen. Av desse skil John Cusack (“America’s Sweethearts”, “Say anything…”) si tolking av Richard Nixon og Alan Rickman ( “Harry Potter”-filmane, “Blow Dry”) som Ronald Reagan seg ut som absolutt minneverdige.

Om ikkje enno ein Nixon og godt imitert amerikans aksent er heilt di greie so er kanskje Oprah Winfrey meir din kopp te. Ho har rolla som Cecil Gaines smått alkoholiserte kone Gloria, og har ei noko svevande rolle i filmen. For heimen er viktig her for å gje hovdudrolla eit anker. Eg tykkjer det tek litt overhand.

Eg venta meg meir frå presidentane og berre familie i ei og anna scene. Då dette er ein film som skal handle om rasesaka, har dei involvert eldstesonen til Cecil. Louis Gaines, spelt av engelske David Oyelowo (“Lincoln”, “The Help”), representerer mannen i gata sin kamp mot diskrimineringa og status quo. Butleren sjølv presenterer toppleiinga og vindar som bles kring den mektige mannen. Slik sett får ein fram viktige sider ved kampen men eg tykkjer likevel det er litt mykje familie.

Dei viktige scener frå Ceil Gaines liv og virke er godt utvalde og samanhengjande frå han blir teken inn til husteneste frå bomulsmarkene av plantasjefruen(Vanessa Redgrave kjend frå “Girl, Interrupted” og “Anonymous”) til han byrjar hjå presidentboligen. Etter dette er det diverre litt meir rot og mindre interessante augneblink som er med.

Alt i alt er manuset godt, prestasjonane fantastiske og eg føler eg har vunne noke av å sjå den. Om det er ein kinofilm kan nok diskuterast, men det er nok meir storslagent og imponerande i ein sal der ein kan føle på det kollektive ubehaget og sinnet som ein ofte føler gjennom denne filmen. Vi har innad i programmet vore noko ueinige i kva bodskapet er, eg meiner det er at du skal hugse di historie og ikkje gje opp trass alle hindringar som stikk seg i vegen. Andre vil seie at det er eit ambisiøst forsøk på å forklare afroamerikanske sin likestillingskamp på to timar.

http://youtu.be/DUA7rr0bOcc

____________________________________________________________________________________

Kinosyndromet er eit filmprogram som her på studentradioens bølger surfer gjennom den delen av livet som oftast trekkast fram i kleine datingnettsidebioar. Få med deg det siste frå film- og tv-verda kvar torsdag kl 11:00 til 12:00.

Anbefalte artikler