Anmeldelse: Riddick

This content has been archived. It may no longer be relevant

Det er med vekslande hell Vin Diesel har spela karakteren Riddick. Karakteren vart introdusert i Pitch Black, som vart ein kultklassikar, og seinare fekk me sjå han i The Chronicles of Riddick, som var ein heller middelmådig affære. Riddick er tredje gong Vin Diesel tar på seg sveisebrillene, og denne gong vert det overraskande bra.

Me følgjer Riddick etter han har blitt svikta og forlatt på ein aude planet av sine eigne. Her må han kjempe mot elementa og dei ulike dødelege vesena som oppheld seg der. Riddick finn ein utpost på denne planeten, og aktiverer eit nødsignal i håp om å kome seg bort. Signalet vert plukka opp av ei gruppe dusørjegerar som er ute etter dusøren på Riddick. Signalet vert og plukka opp av ein gammal kjenning av Riddick, som er ute etter noko anna enn dusøren. På veg mot utposten er det ein større fare som trugar alle saman.filmanmeldelse_riddick_2

Riddick overraskar

Riddick er ein overraskande underhaldande film. Overraskande av den grunn at The Chronicles of Riddick ikkje sat forventningane skyhøgt. Dette er ei rolle Vin Diesel passar til, og ei rolle det verkar som han er glad i. Det er kjent at Vin Diesel ikkje har verdens største kjensleregister å spele på, men i denne rolla behøver han ikkje å vere noko anna enn ein ordknapp hardhaus. Det litle han seier er passe morosamt, macho og småteit til at ein trekk på smilebåndet, og heier på Riddick som karakter. Det er Riddick som dreg denne filmen framover, for det er ikkje akkurat ei grensesprengande historie.

Generiske bi-karakterar

Dei andre karakterane i filmen er rimelig generiske. Om du tenkjer på ein dusørjeger/leiesoldat er det akkurat slik dei er. Macho hardhausar med store våpen og store musklar. Dei har ein del morosame replikkar, og skapar ei lett stemning mellom all drepinga, men det luktar ikkje birolle-oscar for å sei det slik. Det finst allikevel eit unntak; den kvinnelege hovudrolla. Dahl, spela av Katee Sackhoff, gjer ein god figur som badass leiesoldatlesbe. Sjølvsagt kjem Hollywood inn i bilete med si trang til å ha ein kjærleikshistorie og Riddick kaprar ho til slutt.filmanmeldelse_riddick

B-film

Det verkar som Riddick-filmskaparane prøver å skape ein b-film følelse, noko ein kan sjå i dei tilsikta middelmådige effektane, det relativt smale budsjettet og dessutan mangelen på promotering filmen har fått. Ein kan trekkje parallellar mellom The Thing og Riddick, både med tanke på historia og dessutan sci-fi og horror elementa. Filmen er faktisk ganske spennande mens Riddick jaktar på dusørjegerane og dei ulike oppfinnsome måtane han kvittar seg med dei på.

Om ikkje Riddick er ein film som forandrar livet til sjåaren, er det ein heilt grei måte å bruke to timar av livet sitt på.

Foto via Norsk Filmdistribusjon

Anbefalte artikler