Sterke meiningar om KRLE

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kristeleg Folkeparti har eit forslag om å få ein større prosentdel av kristendom inn i religionsfaget. Religionsfaget heiter i dag RLE (religion, livssyn og etikk), men med forslaget frå KrF vil det heite KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk). Øystein Brun er eit engasjert medlem av Human-Etisk Forbund som har sterke meiningar om forslaget.

 

Felt i menneskerettsdomstolen

Regjeringa vart felt av den europeiske menneskerettsdomstolen i 2007, der KRL-faget vart kritisert og fritaksordninga var ikkje bra nok. KRL vart endra til religion, livssyn og etikk (RLE) i følgje ein pressemelding frå regjeringa i 2008.

– Det er eit gedigent steg tilbake når det gjeld religionsundervisinga i Norge generelt, seier Brun.

Brun meiner det er eit tydeleg markeringsbehov frå den kristelege sida. Han meiner det kan bli ideolistisk om ein vil auke prosentandelen av kristendom i religionsfaget.

 

Vil ta vare på den kristne kulturarva

KrF skriv på sine heimesider at dei vil ta vare på den kristne kulturarva med å få ein større prosentdel inn i religionsfaget. Dei skriv og at skulane ikkje skal drive forkynning for elevane, men at dette er opp til kyrkja, foreldre og andre.

KrF har også eit forslag om å få kristendom tilbake i namnet til religionsfaget, der faget vil heite KRLE. Dei meiner at KRLE vil beskrive faget mykje betre, og meiner at namnet bør endrast.

KrF vil bringe vidare denne kulturarva, der dei meiner at kristne verdiar bidrog til at dei første sjukehusa vart bygd i Noreg, og at kristendomen i Noreg bidrog til sosial utjamning og rettsvern. Difor vil KrF ha ein større del av kristendom i religionsundervisninga.

 

Fugleperspektiv av religionsfaget

Korleis ville du ha bygd opp religionsfaget i skulen?

– Eg ville ha bygd opp faget slik som det står i opplæringslova, seier Brun.

Han seier og at det vil vere lurt om ein har grunnkunnskapar om bibelen, koranen og andre religiøse retningar. Etter dette vil han ha eit meir fugleperspektiv av kva livssyn ein kan ha, og få skaffa seg ein oversikt over alle religionar.

 

Høyr heile intervjuet med Øystein Brun her!

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/10/intervju-oystein-brun.mp3] 

 

Toppbilde: Synne Larsen

Anbefalte artikler