Den støyande dommedag

This content has been archived. It may no longer be relevant

Støymusikk har vore ein gjengangar i Lydmuren dette semesteret. Underteikna har blant anna vore ansvarleg for spalta Bråkeloftet, der blant anna støymusikkens historie har vore ein del av denne spalta. Bråkeloftet og Lydmuren går mot slutten og 31. mai hadde vi vår siste offisielle sending. Det vi tok for oss i vår siste sending var sjølvsagt slutten og ulike måter slutten har blitt brukt i musikken. Samtidmusikkfestivalen Borealis hadde som hovudtema The End i år og hadde blant anna støymusikk på plakaten. Dette gjorde underteikna sjølvsagt meget interessert og eg tok med meg papir, blokk, kamera og eit opent sinn på søppelkonsert.

Borealis

Først litt om denne festivalen:

Borealis er ein festival for samtidsmusikk, støy og lydkunst som vert arrangert kvart år i Bergen. Programmet varierar frå kvart år og kunne i år by på blant anna lydkunst, performance, pianokonsert, elektronisk musikk, støy og eit litteratur- og filmprogram. Hovudtemaet i år var The End og hadde gjennom 5 dagar ulike framstillingar og ulike syn på dette fenomenet.

 Akopalypsens betydning

Det heile byrja med eit slags vorspiel på Kvarteret med professoren Christopher Partridge sitt foredrag om den okkulture betydinga av apokalypsen i den moderne verden. Professoren i religionsvitenskap frå Universitetet i Lancaster foreleste om den fascinasjonen det moderne menneske har av apokalypse og verdas undergang. Partridge si forsking og publikasjonar fokuserar på denne fascinasjonen som vert uttrykkt i populærkulturen. I si bok The Re-Enchantment of the West undersøker han populærkultur, nye religionar og alternative åndelegheiter. Partrigde meiner at vestleg kultur vert forma av ein villeiande mektig okkultur. Magisk tenking og okkultisme har sidan 1960-talet hatt ei stor innflytelse på forming av vestleg populærkultur. Vi er i dag fascinert av det paranormale, det post-apokalyptiske og apokalyptisk spekulasjon i form av for eksempel populære tv-seriar som The Walking Dead og X-files. Dette føredraget var ein interessant og fin start på festivalen som starta for fullt onsdag 6. mars.

Lyden av søppel

Sjølve opningsseremonien var satt til BIR sitt avfallsanlegg i Rådalen. Her skulle den internasjonalt anerkjente støymusiakaren Lasse Marhaug opptre med eit bestillingsverk for festivalen.

Marhaug har lenge vore ein sentral person i det norske støymiljøet og har sidan tidleg 1990-talet vore med på å utvikle scena med sin tidvis britisk industrielle- og japanske harsh noise-inspirerte sound. Han har hundrevis av innspelingar og turnear bak seg og har blant anna samarbeida med internasjonalt anerkjente namn som Merzbow, Jim O’Rourke og Sunn O))). Bestillingsverket for Borealis, som han framførte denne kvelden, vart kalla Søppelmusikk (for to avfallsovner). Her hadde Marhaug resirkulert BIR Avfallsenergi sine audiokvalitetar og spelt det gjennom eit miksebord. Han hadde plassert ei rekke mikrofonar rundt i bygningen og brukte anleggets lydar i sin eigen remiks. Som dei fleste av Marhaug sine konsertar så var det ei intens oppleving. Ei intens lydmessig oppleving og ei annleis konsertoppleving på grunn av omgjevnadane og konseptet. Før konserten starta hadde eg sjølv ikkje peiling på kva eg kunne forventa av musikk av søppelresikulering. Det eg sat igjen med var eit nytt syn på søppelmusikk. Søppelresikulering let faktisk ganske så feitt!

Dronete dommedag?

Det er sikkert mange som lurer på kva slags musikk som hadde passa best til dommedag, då jorda enten blir sprengt i fillebitar av ein meteor eller gigantiske mengder med lemen som kjem opp fra bakken og et alt som er å få tak i. Filmreggisøren Lars von Trier valte Richard Wagner sin storslagne og pompøse musikk som soundtrack til sin dommedagsfilm Melancholia. Metalmusikken har ein eigen subsjanger med namn Doom Metal som er den ekstreme musikken sitt svar på dommedagsmusikk. Kva med støymusikk da? Støyen sitt bidrag til dommedagen er dronemusikken. Dronesjangeren er noko av det heftigaste lydmessige av musikk som finst. Ambassadørane innanfor droning i dag er utan tvil det amerikanske bandet Sunn O))). Droneentusiastane frå Sunn O))), Greg Anderson og Stephen O’Malley, har vore fleire gongar i Noreg å spelt konsertar og har involvert seg i den norske støy- og avantgardescena. Det som kjennteiknar Anderson og O’Malley sin dronemusikken, er den lange djupe tone som skal kjennest fysisk på kroppen. Konsertane til Sunn O))) er på mange måtar ein fysisk opplevelse med eit ekstremt lydnivå og enorme mengder med røyk. Det er dommedagshow for alle penga!

 

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=vtnG6EHh1N4&w=640&h=480]

Koplinga dronemusikk har til støyen er fokuset på lyden i seg sjølv og ikkje melodi og rytme. Den mest realistiske lyden av dommedag i mine øyrer er høg, ukomfortabel lyd. Dommedag kan enten vere ein lang mørk tone, ala Sunn O)) sin droning, eller Lasse Marhaug sin kaotiske søppelmusikk.

 

Den endelige slutten

Sjølv om dommedag eigentleg berre er eit medieskapt fenomen, så er det faktisk eit interessant fenomen. Det er mange spørsmål ein kan stille om dommedag, for eksempel kva som skjer etter dommedag eller korleis vil dommedag skje. Frykta for å dø ligg i oss alle og det er også den største frykta dei fleste menneske har. Borealisfestivalen har alltid brukt tema som kan sjåast som mørke eller kontroversielle. The End-temaet i år er både mørkt og kontroversiellt ettersom det er ikkje akkurat er noko positivt eller kjekt med ein slutt på alt. Men for mange er det spennande og det er mykje god kreativitet som kan kome ut av dette temaet. Det Borealis overbeviste meg om var at det finst både mørke og støyande musikalske bilete av dommedag (søppelmusikken) og fine og harmoniske bilete (pianokonserten på Trollhaugen). No gjenstår det berre å sjå kva slags tema Borealis bruker neste år. Kanskje postapokalypse? Då blir det vel kanskje ingen musikk, berre stilla.

 

Høyr vår siste offisielle sending her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/06/Lydmuren-31.05-Slutten.mp3]

Toppbilete: Av Trygve Johan Andal Svarstad

Hør på Lydmuren, fredag kl 13:00 for å høre mer om musikk du ikke viste du likte.

Anbefalte artikler