Musikkåret oppsumert

This content has been archived. It may no longer be relevant

No er 2013 snart omme og da trengs det ein liten gjennomgang av dette musikkåret. Eit vanleg musikkår består alltid av lik fordeling på god og dårleg musikk. Det er vanskeleg å tenke tilbake på eit spesielt år som har ei større fordeling på den gode sida. Kanskje 1969 eller 1970?

Uansett så er det viktig å fokusere på den gode musikken i staden for den dårlege musikken som har kome ut i løpet av året. Dette er underteikna (representer Lydmuren) si oppsummering av dette året, med då eit hovudfokus på den gode sida.

Det norske høgdepunktet: Ulver – Messe I.X – VI.X

Datoen skulle vere 1.august. Ulver skulle gi ut sitt samarbeidsprosjekt med Tromsø Kammerorkester “Messe I.X – VI.X”, men det skjedde aldri.

Det tok nesten ein månad etter utgivingsdatoen før eg kunne få vite om dette var eit vellykka samarbeidsprosjekt. Det første sporet på nesten 12 minutt, “As Syrians pour in, Lebanon grapples with ghosts of a bloody past”, viste så absolutt at dette var eit god idé. Den sakrale og mørke stemninga setter seg med ein gong og du blir dratt med i eit Arvo Pärt-landskap der melankolsk minimalisme er hovudnemnaren. Plata fortsetter med elektroniske krautvibbar og overraskar på mange måtar lyttaren – i positiv forstand. Når Kristoffer Rygg sin velkjente vokal kjem inn på spora “Son of Man” og “Mother of Mercy” kan ein trekke parallellar til deira dystre epos “Shadows of the sun” frå 2007.

Hittil så er dette utan tvil ein av Ulvers best plater i deira 20 år lange karriere og utan tvil det norske høgdepunktet i 2013.  Takk Gud for at vi får høyre med frå Ulver neste år (Sunn O))) & Ulver – Terrestrials)!

http://www.youtube.com/watch?v=kq1Xer6InEc

Ambient på sitt beste: Tim Hecker – Virgins

Lydmuren har tatt opp fleire gonger denne sjangeren ambient. Underteikna har lenge hatt eit godt forhold til denne minimalistiske og svevande sjangeren og ein av dagens favorittar er den kanadiske artisten Tim Hecker. Debuterte i 2001 med “Haunt me, haunt me do it again” og har sidan gitt ut fleire album som utforskar eit elektronisk og støyete musikklandskap der han viser ei mestringsevne heilt utanom det vanlege.

Høgdepunktet kom i 2011 med mesterverket “Ravedeath, 1971” som er eit konseptalbum basert på studentar frå MIT-universitetet dytta eit piano frå taket av universitetsbygningen i 1971, noko som vart eit årleg ritual på MIT. 14.oktober i år kom oppfølgaren “Virgins”. Ein god del nye element frå forrige plate, som til dømes akustisk gitar og klassisk piano. “Virgins” er eit album som må ha ein del gjennomlyttingar, men når det sitter er det som all anna musikk i same gata blir middelmådig i forhold til Hecker og hans komposisjonar. Dette er det albumet eg har høyrt mest på den siste månaden og det kan det også fort bli i nokre månader framover.

Japanske 70-tallsheltar: Church of Misery – Thy Kingdom Scum

Herregud som denne hyperaktive gjengen frå Tokyo rocker! Den rabiate og kortvokste vokalisten Hideki Fukasawa skriker på gebrokkent engelsk om amerikanske og tyske seriemorderar, mens bassisten Tatsu Mikami dundrer laus på ein bass som toucher skolissene hans. Dette er noko av det Church of Misery leverer frå seg på konsert.

På plate er dei like hyperaktive med sin blanding av tung stoner, Black Sabbath-fanatisme og skitten punk. Album som “House of the Unholy” og ” The Second Coming” har vist at bandet er eit av dei meste interessante banda i dag innanfor stonerscena. Med “Thy Kingdom Scum” køyrer dei i same fila, men Dodge Ram Van er bytta ut med Volkswagen Type 2 og farten er litt høgare. Den 12:45 minutter lange jammete låta “Düsseldorf Monster (Peter Kürten)” avsluttar albumet på perfekt vis. Dette er ikkje eit album som viser ei ny retning for Church of Misery, men viser heller at dei meistrar sitt felt så bra at dei kan stolt kalle seg sjølve “Konger av stoner-metal”.

Fuck Queens of the Stone Age!

(PS: Church of Misery speler på Garage i Bergen 24.januar)

Anbefalte artikler