Rock n’ roll i Trivselsfylket

This content has been archived. It may no longer be relevant

Sprengte trommehinner, skallebank frå ei anna verd, øl- og urinluktande klede og nokre tusen kroner fattigare. Dette var oppsummeringa av festivaldagen derpå av underteikna. “Hugser eg noko frå i går?” Svaret var enkelt og greit: NICHT! Dermed vert rapporten frå Malakoff Rockefestival 2013 delvis amputert.

 

Dag 1: Hangover på svensk gravplass og full religion

Etter å ha bøtta inn på tonnevis med Aker brygge-prisa øl på (Hurtig)båten opp til fiskehovudstaden Måløy dagen før heile sullamitten starta, var formen ikkje heilt på topp når vi møtte den milevis lange “Roskilde”køen utanfor festivalcampen. 1-2 person står å scanner inn billettar til tusenvis av festivaldeltakarar, og scannemaskina klikker kvart 10 min. Det betyr at ein gjeng med irriterete, fyllasjuke folk må stå i kø i 4-5 timar. Altså, ein dårleg start på festivalen, før vi til slutt kom oss inn på festivalcampen og lada opp til første konsert.

Første bandet på plakaten kom ikkje før 8-tida på kvelden, svensk 70-tallsrock med namn Graveyard. Ein kan ikkje kome utanom å nemne Withcraft i denne samaheng, som for øvrig skulle spele neste dag. Det har lenge vore ei bølge med svensker som surfer rundt med slengbukser, orange forsterkarar, gibson gitarar, langt krøllete hår og interesse for å etterlikne Black Sabbath, Jimi Hendrix osv. Graveyard er blant desse og har levert no gode varer sidan 2006.

Denne gjengen fra Gøtenborg leverte ein kul konsert på den største scena (Festivalscena) relativt tidlig på ein fredagskveld. Formen min på dette tidspunktet var dessverre ikkje på topp, men mot slutten av konserten så var humøret på veg opp. Dette var mitt første møte med Graveyard live og det var ein fin fin opplevelse. Med Orange forsterkarar, Les Paul gitarar, slengbukser, hår med høgt volum og eit særdeles “avslappa” publikum, leverte Graveyard ein god start for meg som festivaldeltakarar.

Neste på lista var det amerikanske skatepunk bandet Bad Religion. Dette var det siste bandet som spelte på fredagen og underteikna var på dette tidspunktet så døddrukken at eg til og med hadde storkost meg på Mr. President konsert, der låta Coco Jambo hadde blitt spelt på repeat  i 2 timar. Så for å konkludere konserten med Bad Religion: Den var jævla bra! Meir hugser eg ikkje…

 

Dag 2: Debatt om heksekunst og vold mot hals

Den andre dagen vart været finare, programmet litt meir interessant enn forrige dagen og stemninga var rett og slett bedre. Det starta lett med Witchcraft på Amfiscena. Ei kul amfiscene som var akkurat stor nok for eit band som Witchcraft. Dette var tredje gongen eg såg dette 70-tallsrocke bandet frå Sverige.

Bandet har hatt ei lengre pause etter den krititikarroste tredje skiva “The Alchemist” frå 2007 og gav ut si siste plate “Legend” i fjor. Vokalisten Magnus Pelander har lagt ned gitaren, klipt seg og synger meir eksperimenterande enn dei forrige platene. For meg falt det ikkje heilt i smak. Eg synest bandet leverte ein ok konsert, der hovudvekten var mest på materiale frå den siste skiva. Då eg såg dei på Hole in The Sky i Bergen i 2006 var det eit heilt anna band som engasjerte og hadde sin eigen stil. No i desse dager framstår bandet som eit heilt kurant rockeband frå Sverige som speler musikk som om det berre var jobben deira. Alt i alt gjekk eg litt skuffa frå amfiscena etter ca 1. time med svensk “hårdråkk”.

Når klokka tikka 19:10 var det klart for det bandet som eg såg mest fram til, dei norske politiske humoristane i Black Debbath. Eg såg ikkje fram til denne konserte på grunn av den politiske delen av bandet eller at Egil Hegerberg springer på basstrengene, heller på grunn av min store interesse for stonerrock. Dette bandet, som mange kanskje ikkje veit, speler amerikansk vestkyst inspirert stonerrock og ikkje “tungrock”.

Gitaristen og Black Debbaths hovudmann, Lars Lønning, er ein dreven kar på å lage skikkeleg gode stonerriff og har tydeleg lært stonerleksa si. Sjølv om bandets konsert på Malakoff var av det humormessige slaget, var det ein kul konsert der høgdepunkta var mektige “Det er problemer innad i Høyre” og Motorhead-aktige “Den femte statsmakt”. Masse kødd frå både Lønning og Hegerberg, blytunge riff og tullete soloar er oppsummering av ein Black Debbath konsert i god form.

Siste akt i Malakoff-sagaen var dette halsvadlege bandet frå Rogaland. Merkeleg nok var dette mitt første syn av Kvelertaks sitt etterkvart kjente liverykte. Eg vil ikkje stille meg i eit kontroversielt hjørne å seie at bandet leverte ein dårleg konsert, fordi det gjorde dei absolutt ikkje. Kvelertak er forsåvidt ikkje for såre sjeler som besøkte LidoLido, First Aid Kit og Biffy Clyro tidlegare på dagen. Blandinga av black metal, stonerrock, trash metal og punk med ei halv teskjei av folkeligheit, gjer Kvelertak til noko unik i dagens norske metalscene. Dei turnerer i USA etter berre to album og både Krompen og James Hetfield har proklamert sin fascinasjon for dette bandet. Mykje av grunnen til dette er deira konsertar som går i jetflyfart og eit hovudvekt på å engasjere publikum. Dei klarte å engasjere meg ned i ein moshpit og etter det hugsar eg ikkje så mykje av denne konserten. Men absolutt godkjent av Kvelertak!

 

Er Trivselsfylket også eit rockefylke?

Malakoff Rockefestival har i fleire år fått eit rykte på seg for å vere ein av Noregs beste festivalar. No har eg ikkje vært på alle festivalar i Noreg, men eg kan stille meg bak utsagnet om at det i alle fall er ein god festival. God lineup, bra festivalcamp og god øl. Når det gjeld organiseringa, så må det nok trekkast fram at det tok altfor lang tid å stå i kø inn til festivalcampen. Det skal ikkje ta like lang tid å stå i kø på store Roskilde som på “lille” Malakoff! Og for å svare på om trivselsfylket Sogn og Fjordane er eit rockefylke: Ja, det er iallefall meir rockefylke enn dansebandfylket Hedmark.

Anbefalte artikler