Den lysemørke artisten

This content has been archived. It may no longer be relevant

Carmen Villain har nettopp gitt ut si første plate “Sleeper” og Lydmuren fekk besøk av ho for å snakke litt om korleis det var å samarbeide med Emil Nikolaisen og favorittbandet Sun City Girls.

 

Globetrottaren Carmen

Carmen er født i USA, bur i London, er halvt norsk og halvt meksikansk, så vi i Lydmuren lurte fælt på kva slags språk Carmen snakka. Nervøsiteten fall betrakteleg etter ho kom inn døra til Studentradioen og helste på norsk. Carmen er i Bergen i høve konserten på Kvarteret, som faktisk er hennar første konsert i Bergen nokonsinne. Med seg i kofferten hadde ho klede, paracet, effektpedaler og ein liten Orange forsterkar.

– Litt for lite søvn og for mykje kaffi. Ikkje bra kombo!

Vi alle hadde litt for lite søvn og litt for mykje kaffe
Vi hadde alle litt for lite søvn og litt for mykje kaffe. Foto: Emil Perron

Frå modell- til musikkbransjen

Carmen har tidlegare vore modell for blad som Vogue og Nylon, men ettersom Lydmuren er eit musikknisjeprogram så var dette eit lite relevant tema å diskutere for oss. Men vi måtte likevel spørre om kva som fekk ho til å skifte beite.

– Eg var eigentlig ganske lei den jobben. Eg trur eigentlig eg valde å slutte og å gå videre heilt over til musikken då eg kjende at det kunne bli noko skikkeleg ut av det.

 

Samarbeid med Emil Nikolaisen

På plata “Sleeper” har ho med seg Emil Nikolaisen, kjent fra Serena Maneesh, som produsent og i følge Carmen var det ein fornøyelse å arbeide med han.

– Det var heilt fantastisk! Han gir seg sjølv 150 % til prosjektet, han lever seg inn i det. Vi sat jo og nerda oss over ting ganske intenst, men det var givande.

Musikk som er vanskelig å definere

Sjangeren til Carmen Villain ikkje den lettaste å skildre. Det er ei blanding av mange stilartar og Carmen sleit sjølv med å definere sin stilen.

– Jo, eg kan godt definere, men eg synest det er litt sånn, men det er litt sånn, litt sånn, vanskeleg å forklare. Eg har høyrt skildringa psykedelisk, feberpop, rock, alternativ …eit eller annet.

 

Sun City Girls

Favorittbandet til Carmen er det obskure amerikanske Sun City Girls med Richard Bishop i spissen. Carmen fekk beskjed av oss i Lydmuren om å ta med seg noko obskurt og ho tok med seg låta “The Flower”. Denne låta ga oss eit inntrykk av ein musikksmak der psykedelia og avantgarde var dei viktigaste ingrediensane.

– Dei inspirerar meg på mange måtar ved at dei tenkjer litt utanfor boksen og dei gir litt faen i om ting ikkje er heilt perfekt og sånn.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=JH5lLWp1vgo&w=640&h=480]

 

Høyr intervju i sin heilskap her:

Del 1: [audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/04/Carmen-Villain-intervju-Redigert1.mp3]

Del 2: [audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/04/Carmen-Villain-intervju-del-2-Redigert.mp3]

PS: “Sleeper” kom ut 11. mars i frå plateselskapet Smalltown Supersound og er å få tak i på dei fleste musikksjappene i Noreg.

Høyr Haakon, Eirik og Aleks preike om musikk du ikkje viste at du likte i Lydmuren kvar fredag frå klokka 1300-1400.

 

Anbefalte artikler