Den industrielle revolusjons soundtrack

This content has been archived. It may no longer be relevant

Dagens støymusikk er for dei fleste ein uforståeleg og rar musikksjanger. Mange meiner til og med at det ikkje er musikk, men berre bråk som er meint for å skape kontrovers eller er laga som ein motreaksjon mot den tradisjonelle musikken med melodi, rytme og klang. Gjennom dens historie er opprør fleire gongar direkte kopla opp mot utviklinga av sjangeren. Opprør mot den klassiske musikken, mot estetikken og mot samfunnet. Kva er det som gjer støysjangeren så rebelsk av seg?

Den første delen av støyens historie tar for seg opphavet og utviklinga vidare frå klassisk moderne musikk til den futuristiske bevegelsen i Italia frå ca. 1910 til 1920.

Støyens opphav

Ein må tilbake til 1800-talet med industrialiseringa og urbaniseringa for å finne det som kan verte kalla starten på støyen. Med maskinoppfinninga dukka nye lydar opp, til dels uønska og høge lydar som vart kalla oppfatta som støy.

Denne støyen kom ikkje berre frå maskiner, men også frå urbaniseringa.

Rundt århundreskiftet er den industrielle revolusjonen på sin høgde og byane har vokst store. Den klassiske musikken er framleis den mest populære musikken og perioden den er inne i er ein form for rebell mot det nye samfunnet.

Den seinromantiske stilen var ein artistisk, litterær og intellektuell bevegelse mot den industriell revolusjonen og hadde eit nostalgisk syn på kunst og estetikk der naturen stod i fokus.Musikken skulle vere harmonisk, fint og romantisk.

Gustav Mahler var blant dei fremste komponistane i den seinromantiske stilen. Hans filosofi om at symfonien burde vere som verda, at den burde omfamne alt, braut ein del med den tidlegare klassiske musikken. Mahler oppnådde ingen stor suksess i si levetid, men han vart gjennoppdaga i starten av 1960-talet som ein komponist som blant anna innleda til modernismen. Men det er derimot ein anna komponist som har fått ein større ære av å vere modernismens far.

Starten på modernismen

Paris. Året har blitt 1913 og den russiske komponisten Igor Stravinsky framfører balletten Vårofferet.

Det bryter ut kaos i konsertsalen. Publikum reagerer med buing og det utviklar seg til roping og til slutt nevekamp. Politiet må bryte inn å avbryte heile konserten.

Utdrag frå Stravinskij sin ballett “Vårofferet” 1913

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Igor-Stravinskij-Utdrag-frå-Vårofferet.mp3]

Vårofferet vert i dag sett på det som revolusjonerte heile den klassiske musikken med å modernisere komposisjonen og det musikalske uttrykket. Den stiliserte imitasjonen av primitiv musikk med intens rytme og avgrensa melodisk omfang kan sjåast som eit uttrykk for musikalsk primitivisme. Med dette uttrykket la Stravinsky grunnen for ein heilt ny musikalsk stil der primitivisme var ein nøkkelfaktor. Det var tid for ein ny retning, eller rettare sagt: Eit opprør mot den konvensjonelle musikken. Ein retning som tok til seg dei høge, uønska lydane frå den moderne byen med fabrikkar og maskiner som prega bylyden.

Ei ny framtidsretta kunstbevegelse

I 1909 skreiv den italienske forfatteren Filippo Tommaso Marinetti manifestet “Det futuristiske manifest” som tok føre seg ei ny framtidsretta kunstbevegelse, nemleg futurismen. Denne bevegelsen skulle vere ein framtidsretta kuntsretning, der fart, teknologi og vald var sentrale temaer. Gjennom manifestet til Marinetti uttrykte han sin avsky mot politiske og kunstnariske idear frå fortida. Toget, bilen, flyet og industribyen meinte han stod som dei ypperste symbola på mennesket og teknologiens triumf over naturen. Dei mest ekstreme futuristane (kubistane) ville faktisk rasere all eldre kunst og litteratur og skape ein ny kunst for maskinalderen og den moderne krigføringa si tid.

Ein av desse ekstreme futuristane var blant anna personen som er blitt betrakta som støymusikkens far, Luigi Russolo. Den italienske malaren og komponisten, skreiv faktisk det same året som då Vårofferet vart framført i Paris, manifestet «The art of noises».

Med sitt futuristiske syn på kunst såg han estetikken i lydar frå maskinane og dei urbaniserte byane. Han viste avsky mot den tradisjonelle og konvensjonelle romantiske musikken. Han gjorde dette tydeleg då han framførte stykket Gran Concerto Futuristico i 1919 med heimelaga instrument som skulle etterlikne maskinlydar.

Same som Stravinsky reagerte publikum med ein særs negativ reaksjon som etter kvart utvikla seg til vald i konsertsalen. Sjølv om Russolo sine komposisjonar har liten likskap med den moderne støymusikken, kan ikkje hans banebrytande kreasjonar bli ovesett i utviklinga av støysjangeren. Det er fleire av dagens støymusikarar som er kjente med hans manifest og ser Russolo som den første støymusikaren, på grunn av hans oppgjer med den konvensjonelle musikken.

Høyr utdrag frå Gran Concerto Futuristico:

[audio: https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Luigi-Russolo-Utklipp-frå-Gran-Concerto-Futuristico.mp3]

Dette var den første av fire artiklar om støyens historie. Neste del vil den vidare utviklinga frå futurismen til det første moderne støymusikkalbumet som vart utgitt i 1975 bli belyst.

 

Høyr Haakon, Eirik og Aleks preike om musikk du ikkje viste at du likte i Lydmuren kvar fredag frå klokka 1300-1400.

 

Reprise frå forrige sending om banjoen:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Lydmuren-Banjosending-15.02.03.mp3]

Anbefalte artikler