Kraut, prog og skrekkfilmsoundtrack

This content has been archived. It may no longer be relevant

Forrige sending tok vi i Lydmuren for oss den progressive og psykedeliske musikken i Europa på tidlig 1970-talet. Band som Magma (Frankrike), Gong (Frankrike/England) og Focus (Nederland) er viktige namn innanfor denne stilen, men det er også fleire som er verdt å nemne.

Det var spesielt tre land i Europa som hadde innflytelsesrike band på tidleg 70-talet: Tyskland, England og Italia. Her kjem ein liten oversikt over kva desse landa hadde å tilby:

Den tyske krautrocken

Krautrocken dukka opp på slutten av 1960-talet med ein stilart som bevegde seg mellom avantgarde, frijazz og elektronisk musikk. Det som vart rekna som det første krautrockbandet var det München-baserte Amon Düül II som gav ut albumet “Phallus Dei” i 1969. Dette albumet vert rekna som ei milepæl innanfor eksperimentell rock og satte ein standard for det som kom til å bli ei ny innovativ og kreativt musikkscene i Tyskland utover 1970-talet.

Blandinga av den elektroniske avantgarde stilen til Karlheinz Stockhausen, den psykedeliske rocken frå amerikas vestskyst og den progressive rocken frå England, gav krautrocken eit ganske unikt lydbilete. Til tider veldig surrealistisk, sær og kanskje ekstrem for nokon, men det var iallefall noko heilt nytt.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=g1klpKy_3hY&w=420&h=315]

Andre krautrockband som er verdt å nemne: Popul Vuh, Can, Tangerine Dream, Faust og Neu!.

 

Den britiske progressive rocken

Den britiske progrocken storheitstid vert rekna som perioden 1965-1975 med dei banda King Crimson, Jethro Tull, Genesis og Pink Floyd i spissen. Det som kjenneteikna desse banda var ei blanding av psykedelia, klassisk musikk og middelaldermusikk. Progrocken vart også kalla symfonisk rock og i nokre tilfeller kunstrock. Dei mest innflytelsesrike albuma var blant anna “In the court of the crimson king” frå 1969 av King Crimson. Debutplata er rekna som deiras sterkaste og var ein blanding av bluesrock, jazz og inneheld også nokre symfoniske elementer. Pete Townsend frå The Who meinte at albumet var eit forbløffande mesterverk og musikkritikaren Edward Macan meinte at det albumet er ein dei mest innflytelsesrike rockealbumet nokonsinne.

Det som Lydmuren (representert av Eirik) har som favoritt innanfor britisk progrock er av eit ikkje altfor ukjent band. Nemleg Pink Floyd med albumet “Meddle” frå 1971. Den siste låta “Echoes” er eit progepos utan like som varer i over 20 minutt, men som eigentleg kunne vart lengre og. Låta er både ei melankolsk rockelåt, ein lang prog-jamsession og eit støyande mesterverk.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=PGwPSPIhohk&w=420&h=315]

Andre britiske progrockband som er verdt å nemne: Yes, Emerson, Lake & Palmer og Soft Machine.

 

Den italienske scena

Italia var ikkje akkurat det landet i Europa som hadde den største importen av psykedeliske/progressive band på tidleg 1970-talet, men er likvel verdt å nemne som eit land som produserte mange interessante band på denne tida. Det kanskje mest kjente bandet er bandet Goblin, som er mest kjent for å ha laga filmusikken til skrekkfilmregissøren Dario Argento. Blandinga av skrekkmusikk og synth-progrock gjorde Goblin til eit interessant band på mange måtar. Det myteomspumne og ganske diffuse bandet skifta bandmedlemmer like ofte som strømper og gav ut musikk som både skremte og fenga. Det mest kjente albumet er “Suspiria” som er henta frå filmusikken til Argentos skrekkfilm med same namn frå 1977. Albumet er ofte nemnt som ei klassikar innanfor skrekkfilmsoundtrack, men også innanfor progrocken.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=vzU3jnNWKbI&w=420&h=315]

Andre italienske prog/psykedelia band som er verdt å nemne: Le Orme, New Trolls og Premiata Forneria Marconi.

 

Reprise frå forrige sending:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Lydmuren-Selvtitulert-debut-08.02.131.mp3]

Forrige vekes speleliste:

Frank Zappa – Baby Shakes

Magma – Klaus Kombalad

Gong – I am your fantasy

Focus – Harem Scarem

Funkadelic – Hit it and quit it

 

Høyr Lydmuren kvar fredag frå klokka 1300-1400.

Anbefalte artikler