Støyens utydelege uttrykk

This content has been archived. It may no longer be relevant

Støymusikk er for mange ein veldig distansert musikksjanger. Ein musikksjanger som er vanskeleg å forstå seg på, høyre på, føle og like. Den første støymusikken, med Russolo sin futuristiske stil, var ein slags mimesis av den industrielle revolusjonen. Det skulle etterlikne lydar av det nye industrialiserte samfunnet og skulle representere eit opprør mot den konvensjonelle klassiske musikken.

Etter futurismetida og mimesis av den industrielle revolusjonen skifta støyen fokus til eit meir estetisk teoretisk utgangspunkt. To nye kunstretningar dukka opp som skulle forandre heile den moderne kunsten og musikken.  I tillegg distanserte den nye teknologiske tidsalderenstøyen meir og meir vekk frå det som var utgangspunktet til støyen, nemleg opprøret.

I den andre delen av støyens historie tar vi for oss utviklinga etter futurismen og blomstringa av avantgardscena etter 2. verdskrig med teknologien som viktig bidragsytar.

 

Den nihilistiske dadaen – Estetikkens død

Futurismen på 1910-talet var ein sterk bidragsytar i moderniseringa av kunsten. Den moderne kunsten vart meir og meir kontroversiell og samfunnskritisk.

Ekspresjonisme vart ein populær kunstform på 1920-talet. Både i litteraturen (Kafka, Przybyszewski), biletkunsten (Munch, van Gogh), film (Lang, Wiene) og musikken (Schoenberg, Webern) var denne kunstforma representert. Den skulle uttrykke kunstnarens følelsar gjennom ein subjektiv og forvridd framstilling av den ytre verda. Det var ofte kantete, nervøst og voldsomt. I for eksempel den tyske ekspresjonistisk filmen var stilen ofte mørk med eit til tider surrealistisk bilete av verda. Fellesnemnaren for ekspresjonismen er at det er ein kunstform som vert forbunde ofte med framstillingar av angst og kan sjåast i samanheng med kunstnariske og intellektuelle bevegelsar som eksistensialisme og psykoanalysens teoriar om det underbevisste. Den tyske ekspresjonistiske filmen hadde også koplingar til surrealismen.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=vGbTmzEfB3s?rel=0]

(Das Kabinett des Dr. Caligari – Eit døme på ekspresjonisme i filmkunst)

Dadaisme oppstod som ein anti-estetisk og nihilistisk bevegelse som fungerte som ein samfunnskritisk aksjon mot det etablerte samfunnet i Frankrike, Sveits og Tyskland under første verdskrig. Bevegelsen var sterkt knytt opp til den rådande krigen i Europa og krigens redsler. Forakta for det borgarlege samfunnet var og viktige motivasjonsfaktorar for dei dadaistiske kunstnarane. Kunstnarane baserte si verksemd på irrasjonell åtferd, anarki og kynisme og samtidig ein avvising av alle reglar for skjønnheit og sosial organisasjon.

Denne irrasjonelle åtferden og regelbrotet kom spesielt godt fram i ein av dei mest betydningsfulle kunstnarane for den moderne kunsten på 1900-talet sitt verk “Fountain” frå 1917. Marcel Duchamp si fontene (som eigentleg var eit pissoar) har blitt sett på som eit symbol på “estetikkens død”. Verket provoserte så mykje at Duchamp måtte trekke verket frå utstillinga like etter visninga. Fontena har vorte ståande som eit referanseverk for kunstnarar som set idé framfor utføring i produksjon av kunst. Det finst ulike forklaringar på kva eigentleg navnet “dada” betyr. Den mest brukte forklaringa er at det betyr ingenting, slik som kunsten ikkje skal bety noko. Ein skal ikkje tolke denne fontena til Duchamp, ein skal berre liksom sjå på den og ikkje tenke over kva slags kritikk eller uttrykk den gir. Det skal vere meiningslaust og irrasjonelt. Dette tolkingsspørsmålet vart også tatt opp når det gjaldt musikken og. Det var eit meir fokus på sjølve lyden enn musikken og dadaisme bidrog til eit nytt syn på musikken.

 

Ei ny forståing for musikk

Er ein nøydd til å tolke alt som ein ikkje heilt forstår? Er det tolkbare eit kriterie for at noko er fint eller bra? På 1950-talet vart det komponert kontroversielle og banebrytande verk som skulle etterkvart inspirere ein heil musikkverden.

“The first question I ask myself when something doesn’t seem to be beautiful is why do I think it’s not beautiful. And very shortly you discover that there is no reason” – John Cage

I anledning 100-årsdagen til John Cage (1912-1992) skreiv kulturjournalisten i Morgenbladet, Magnus Andersson, artikkelen “Om å la være å forstå John Cage“. Gjennom denne artikkelen spurte han blant spørsmål om tolking og forståelse av musikk: Kva er musikk vist den ikkje har eit innhald? Treng musikk å uttrykke noko? Må komponisten seie noko? Kva er det å lytte, og kva er det publikum lytter til? Desse spørsmåla blir sentrale i diskusjonen om John Cage og hans komposisjonar. Men kven var eigentleg John Cage?

Inspirert av dadaismen dukka ein ung og lovande komponist opp på den amerikanske austkyst på slutten av 1930-talet. John Cage var elev av den ekspresjonistiske komponisten Arnold Schonberg, ein av dei første komponistane som eksperimenterte med såkalla atonal- og tolvtonemusikk. Cage sine første komposisjonar var veldig inspirert av denne tolvtonemusikken til Schoenberg. Han var opptatt av klang og rytme og såg det som musikkens viktigaste innhald. Etter nokre år som elev av Schoenberg utvikla han det han kalla “chance music” eller tilfeldig musikk. Dette var musikk der noko element vert overlatt til tilfeldigheiter. Den tilfeldige musikken fekk stor betyding for utvikla av samtidsmusikk og etter 2. verdskrig vart denne typen musikk ein sentral del tidas samtidsmusikk.

Cage fekk likevel ikkje anerkjenning for sine komposisjonar før i 1952, då hans kontroversielle og særs omdiskuterte verk “4’33” vart framført for første gang. 4’33 består av tre satsar der ikkje ein tone vert spelt. Det er altså stille. Heilt stille!

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=zY7UK-6aaNA?rel=0&w=560&h=315]

(BBC Symphony Orchestra framfører verket 4’33)

Cage meinte at det var musikk over alt. Stillheten var noko av det vakraste han viste og det var lyden i seg sjølv som var interessant og ikkje korleis forskjellige lydar vert sett saman. Han tilhøyrde fluxusbevegelsen. Denne bevegelsen var ein kunstbevegelse som hadde som mål å samle alle avantgardartistane. Den hadde ingen samlande profil, men den dyrka blant anna dadaismen.

Cage fortsette å fronte ein ny moderne musikkfilosofi og komponere musikalske verk fram til hans død i 1992. Han vert sett i dag av mange som ein av dei mest innflytelsesrike komponistane gjennom heile 1900-talet. Fleire berømte grupper og artistar har nemnt John Cage som ein stor inspirasjonskjelder. Frank Zappa, Sonic Youth, Brian Eno og Radiohead er blant anna dei som har hylla Cage. Også minimalistiske komponistar som for eksempel La Monte Young, Steve Reich og Phillip Glass har bygd sine komposisjonar på Cage sin filosofi om musikk og lyd.

Sjå eit utdrag av ein dokumentar om John Cage si stillheit her.

Høyr Six Short Inventions for Seven Instrument av John Cage:

[audio:http://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/John-Cage-Six-Short-Inventions-for-Seven-Instrument.mp3]

 

Teknologi og støy – Meir bråk!

Etter krigen vart fleire og fleire elektroniske instrument utvikla og fleire og fleire komponistar tok i bruk desse instrumenta. Ein av dei første komponistane innanfor elektroniske musikk var den tyske komponisten Karlheinz Stockhausen. Stockhausen sine verk står i dag fram som pionerverk innanfor elektronisk musikk. Hans evne til å utfordre definisjonen på musikk i seg sjølv og hans evne til å utforske forskjellige lydar, var enorme.

Stockhausen bygde på Cage sin musikkfilosofi og var med å utvikle det ein i dag kallar for musique concrete. Dette er musikalske komposisjonar med utgangspunkt i opptak av naturlige lydar som vert elektronisk bearbeida og sett i musikalske samanhengar der lyden får ein sjølvstendig verdi. Denne stilarten vart meir og meir utvikla ettersom det kom nye elektroniske instrument på marknaden.

Slik høyres den elektroniske musikken til Stockhausen ut:

[audio:http://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Karlheinz-Stockhausen-Kontakte.mp3]

Då rocken og hippiane entra verden på slutten av 1960-talet, vart gitaren med effektar ein viktig del av det musikken. Den kjente gitaristen Jimi Hendrix brukte feedback frå gitaren som ein sentral del av hans låter på slutten av 60-talet og den tidlege progrocken frå England eksperimenterte mykje med forskjellige lydeeffektar. Men det som var det første og kanskje det største steget mot rein støymusikk slik vi kjenner den i dag, var den tidlegare gitaristen i det eksperimentelle rockebandet The Velvet Underground, Lou Reed, og hans album frå 1975 «Metal Machine Music».

Dette er skjerande white noise i 64 min og er det mest kompromisslause og mest spesielle Lou Redd har produsert nokon gong.  Albumet vart fullstendig slakta av for eksempel Rolling Stones Magazine som kalla det:

«A two-disc set consisting of nothing more than ear-wrecking electronic sludge, guaranteed to clear any room of humans in record time». (Billy Altman 1979)

Mens rockekritikaren Lester Bangs hylla albumet og skreiv:

“As classical music it adds nothing to a genre that may well be depleted. As rock ‘n’ roll it’s interesting garage electronic rock ‘n’ roll. As a statement it’s great, as a giant FUCK YOU it shows integrity—a sick, twisted, dunced-out, malevolent, perverted, psychopathic integrity, but integrity nevertheless.” (Lester Bangs 1987)

Mange spørsmål er blitt stilt etter at Lou Reed gav ut dette albumet, men få svar er blitt gitt. Spørsmål om kva albumet betyr eller kva ein skal bruke det til er noko som går igjen. Lou Reed gav aldri noko direkte svar på kva han ville med denne utgivinga. Alt som kom i frå hans munn om dette albumet var enten tvetydig eller berre reint svada. Men ein ting er iallfall sikkert: Han laga eit album som vil bli huska som eit kompromisslaust, kontroversielt og nyskapande album.

Høyr eit utdrag frå Metal Machine Music her:

[audio:http://srib.no/wp-content/uploads/2013/02/Lou-Reed-Metal-Machine-Music.mp3]

Treng vi å forstå støy?

Ut i frå John Cage sin filosofi så er det ikkje nødvendig å alltid tolke det ein høyrer av lyd og musikk. Vi har blitt opplært til å tolke for å forstå og når vi har forstått kan vi velge ut det vi liker og ikkje liker. Det som er interessant med støyen, og då i utgangspunkt støyen til Lou Reed, er at når ein begynner å tolke dette får ein heller fleire spørsmål enn svar. Magnus Andersson oppfordrer gjennom artikkelen om John Cage til at vi må prøve å la vere å forstå alt som finst av lyd og musikk. Har du aldri spurt deg spørsmålet: Kvifor må eg forstå det for å like det?

Det som skjedde etter Lou Reed sitt “uforståelege” album var at støymusikke utvikla seg i ein retning som vart mykje meir vanskeleg å forstå. Dadaisme og fluxus vart enda meir sentral i støyen og tolkingspørsmålet vart undergravd som noko ubetydeleg og uviktig, men punkarbevegelsen i Storbritannia og japanske harsh noise-scena på 1980-talet var med på å gi støyen ei større tyngde som tok for seg samfunnskritikk og politikk. På 1980-talet vart støymusikken eit synonom på ekstremisme, kontrovers og tabusprenging.

 

Dette var den andre av fire artiklar om støyens historie. I del 3 av støyens historie vil fokuset vere på den nye ekstreme støymusikken med britisk industrial scena og den japanske støyen på 1980-talet.

 

Høyr Haakon, Eirik og Aleks preike om musikk du ikkje viste at du likte i Lydmuren kvar fredag frå klokka 1300-1400.

Anbefalte artikler