Liberal VS. Sosialdemokratisk liste

This content has been archived. It may no longer be relevant

– At alle studentar skal ha eit best mogleg legetilbod til dømes, er eitt av våre viktigaste politiske område. Studietida er ei fantastisk tid, men kan også vere ei utfordrande tid for mange, fordi det skjer så mykje på ein gong, seier Bjørn Kristian Danbolt frå Sosialdemokratisk liste.

Dei meiner at tilbod om psykisk hjelp er viktig for studentane og ynskjer at tiltak som legerefusjonsordningane må bestå og framleis vere så gunstig som mogleg.

Vil ha to fastlegar

Legene på Høyden har stor pågang av studentar, og Liberal liste vil løyse lange ventetider ved å få fleire legar, men også å innføre ein spesialavtale for studentar.

– Vi trur at noko av det viktigaste ein kan gjere er å tilby ein fastlege i studiebyen Bergen, men at ein også kan behalde fastlegen på heimstaden sin. Det kan vere ein terskel for nokon å seie i frå seg fastlegen som dei har hatt, seier Neckelmann.

Kor sannsynleg er det at ein kan få i orden ein slik avtale?

– No er studentane i ein litt anna situasjon enn dei fleste andre, fordi ein som oftast flyttar til ein anna plass for å studere. Venstre har mellom anna planar om å få dette inn i programmet sitt på Stortinget, og vi ønskjer difor å prøve så godt vi kan å stille oss bak dette og forhåpentlegvis klare å innføre det.

Kva med dei som treng akutt legehjelp?

– Slik eg har forstått det, så kan alle få time hos Legene på Høyden, men for akutt legehjelp, då er legevakta den rette plassen å gå.

– Semesteravgiften må aukast

For å få meir pengar til studentvelferd, så meiner Sosialdemokratisk liste at semesteravgifta må aukast.

– Det er derimot viktig å presisere at før vi gjer det, så vil vi ha ein grundig gjennomgang av kva midlane i semesteravgifta går til. Det er viktig å tydeleggjere for studentane kva pengane går til, for det føler eg er for få som veit. Semesteravgifta bidreg mellom anna til studentkulturen i sin heilskap, som Studentradioen, BSTV og Studvest, og allereie no så ser ein at det manglar pengar.

Liberal liste er einig i at inntektene frå semesteravgifta må diskuterast, men dei ynskjer også meir pengar frå det offentlege.

– Vi er nøydde til å sjå på moglegheitene for meir ekstern finansiering. Eit døme på det er legetilbodet og kva kommunen kan bidra med der. Vi utelukkar altså ikkje ei auke i semesteravgifta, men då skal det vere tydeleg at det er med på å betre studentane sin situasjon, understrekar Neckelmann.

–Eit av Noregs beste treningstilbod

Treningstilbodet til studentane vert også finansiert gjennom semesteravgifta. Er dagens tilbod godt nok?

– Studentsamskipnaden i Bergen har definitivt eit utruleg bra treningstilbod – eit av dei beste i Noreg, vil eg seie. Men så er det utfordringar når det kjem til kapasitet, spesielt når vi veit at SiB Sentrum er nøydde til å flytte ut. Det viktigaste vi kan gjere som studentar er å aktivt jobbe for å finne nye areal, som kan setjast til disposisjon.

Neckelmann får støtte av Sosialdemokratisk liste.

– Studentparlamentet og Velferdstinget må også sjå på kor mange som kjem til å trenge tilbodet, ikkje berre no, men også i framtida. Bergensområdet har stor tilflytting av studentar, og alle har krav på eit godt treningstilbod.

Prioterar ikkje lesesalar

I tillegg til desse sakene er dei to listene opptekne av studiekvaliteten. UiB slit til dømes med gamle lesesalar. Kvifor er ikkje dette blitt prioritert?

– I likskap med mange andre høgskular og universitet i landet, så har UiB har eit stort etterslep på vedlikehaldet. Det er eit problem som er forårsaka av generelt for lite midlar gjennom statsbudsjettet. Universitetet har det trangt og må prioritere. Då er det viktig at vi som studentar understrekar at lesesalar og godt læringsmiljø er essensielt for studiekvaliteten vår. Liberal liste har ikkje peika ut lesesalar som må gjerast betre, men vi ynskjer å ha god kontakt med studentutvalet, som veit kor skoen trykkjer, seier Neckelmann.

Sosialdemokratisk liste ynskjer eit tettare samarbeid med fagutvala og studentutvala, for å få fortgang i vedlikehaldsprosessane.

– Det er på denne måten vi får avdekka kor det er verst læringsmiljø, avsluttar Danbolt.

Høyr heile debatten her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/04/liberal-VS.-Sos.Dem_.mp3]

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler