Utveksling vanskeleggjerast for studentane

This content has been archived. It may no longer be relevant

Leiar i Odontologforeningen, Ellen Nødland Hjelmeland, fortel om høg terskel for å reise på utveksling hjå tannlegestudentane.

Det er ein høg terskel for å reise på utveksling frå odontologistudiet, mykje fordi det er mange krav som skal fullførast. Vi har klinikken, og folk kjenner på presset. Vi har høyrt ting frå instruktørar, at du kanskje ikkje får ting godkjent. Det er nok litt skremsel. Eg veit at det er ein del som har lyst, og ikkje alle har fått moglegheiten.

Høyr intervjuet her:

Må ta eksamen i Bergen

Ho opplev samstundes at det er mange som tykkjer det er enklast å bli i Bergen og få den gode oppfølginga Universitetet tilbyr her.

Problemet er at vi må ta alle eksamenane her i Bergen. Vi får lov til å reise ut, men då tek vi berre klinikken i utlandet. Den må bli godkjent der for at vi kan kome tilbake og ta eksamen i Noreg. Vi må altså følgje alle eksamenane her og komme tilbake og ta dei, og det blir ein ganske stor belasting for ein student. Det er mykje som skal bli gjort og det er ikkje gitt at det blir godkjent.

Grunnen til at studentane ved Det odontologiske fakultetet må ta eksamenane sine i Bergen er at tannlegestudiet er eit profesjonsstudium. Det vil seie at utan eksamenar frå Noreg, får dei ikkje lisens her.

Det har med kvalitetssikring å gjere, fortel Hjelmeland.

Dårleg kommunikasjon

Det er ikkje berre høge standardar som gjer det vanskeleg for studentane. Krøll i kommunikasjonen har gjort situasjonen verre for mange.

— Det har vore to hendingar der studentar har søkt på universitetet i København. Så har det vore ein kommunikasjonsfeil der dei har fått godkjenning frå universitetet, og alt har gått i orden, men så har dei fått ein mail seint på sommaren før dei skal reise på haustsemesteret, der dei ikkje har fått reise likevel.

Problem med leiing og haldningar

Viserektor for internasjonalisering, Anne Johannessen, har sjølv vore student ved odontologisk fakultet, og skjøner at utveksling kan vere utfordrande. Samstundes meiner ho at odontologistudentar som har vore på utveksling sjølv vil anbefale dette til andre.

Dersom du hadde snakka med dei som har vore på utveksling, så trur eg du ville fått ei skildring frå dei om at dette var veldig stimulerande, og at det er noko dei sterkt anbefaler. Til tross for at det er meir krevjande å reise på utveksling på odontologi enn andre stader, så trur eg nok at dei vil bekrefte at dette gav meirverdi og at det var verdt det.

Ho meiner problemet ligg hjå leiinga ved fakultetet, og hos studentane sjølv.

Det er jo meir krevjande, og eg trur eg kan bekrefte at ein del av dei som jobbar på Odontologen som lærarar ikkje vil vere med på å støtte opp om dette. Eg meiner at det er eit langt større potensial for utveksling innafor Odontologi enn det som utnytta. Eg vil fremdeles hevde at studentar bør reise ut, og at det går fint. Men det er eit leiingsspørsmål.

Ho meiner studentane må ta tak. Det vil imidlertid ikkje seie at dei er sutrete.

Nei, men dei søkjer trygghet, og det skjønner eg, for det er et svært krevjande studium. Dei skal lære seg patologi, dei skal lære seg alle desse typene fag, og det er krevjande eksamenar. Samstundes skal dei bli gode i eit handverk, og i tillegg så skal dei reise ut og ta sjansen på det. Eg skjønnar det veldig godt, men samstundes trur eg at dersom ein våger å reise ut, så får ein mykje meir igjen enn ein trur på dette.

Dårleg informering

Då Nyhetsuka prata med studentar på Det odontologiske fakultet, meinte fleire at informeringa var for dårleg. Johannessen peiker på Universitetets handlingsplan for å nå deira mål om at 40 % av studentane skal ta minimum tre månadar på utveksling, og viser til at fakulteta må gjere sin del av jobben.

Når eg jobbar som viserektor, så er det vår oppgåve å legge til rette med generelle avtaler og stimulere dei ulike fakulteta til å gjere den jobben som vi forventar at dei skal gjere. Vi skal no lage ein handlingsplan for utveksling, og i den handlingsplanen så vil det være konkrete handlingar. Ein av dei eg trur kjem til å stå der er at alle studieplaner skal innehalde eit semester kor det leggjast til rette for utveksling. Det er fakulteta som må ta dette vidare.

Hjelmeland seier at studentane ved fakultetet vert informert om moglegheitene, men at det er problem med kommunikasjonen.

— Det har vore ein del miskommunikasjon, som har ført til at ikkje alle dei vala som har blitt lagt fram for oss har blitt faktiske moglegheiter. Det er absolutt eit forbetringspotensiale her.

Rett for å falle ned eit år

Johannessen er einig at det er eit stort potensiale på Det odontologiske fakultet, og peiker på jusfakultetet, der utveksling har vore ein suksess.

Der har det vore eit stort engasjement frå leiinga. Det er ikkje logisk at 50 % av studentane skal reise på utveksling på ei sånn utdanning. Dette er fordi dei har ei leiing som stimulerar og er veldig bevisst på at studentane skal reise ut, så dette er eit leiingsspørsmål. I tillegg må studentane vere meir nysgjerrige.

Hjelmeland vedgår at studentane sjølv har eit ansvar når det gjeld utveksling, men seier det er spesielt vanskeleg for studentane ved hennar fakultet å reise utanlands.

— Studentane kan heilt klart ta meir ansvar. Utveksling står mykje på en sjølv. Har ein lyst får ein det til. Det har kanskje blitt ein vond sirkel det der med utveksling hjå oss, fordi vi må ha så mange krav godkjent, og det er utruleg lett å falle ned eit år.

Anbefalte artikler