– NSO har eit imageproblem

This content has been archived. It may no longer be relevant

K7 Bulletin skreiv i førre veke om ”sløsekulturen” i NSO. Ulike studentmiljø i Bergen meiner at studentorganisasjonen har ein laussluppen bruk av frynsegodar, for høge lønnskostnadar og kostnadsfulle konferansar. Queseth seier at det er viktig å tenkje på at dei pengane NSO brukar er studentar som betalar inn, og då må dei også brukast fornuftig.

– Eg meiner at organisasjonen i dag er rimeleg overdimensjonert – det ser ut som at pengebruken har løpt løpsk. Det var også mitt inntrykk på landsmøtet i fjor – då vi vedtok budsjettet, at det er veldig liten respekt.

Queseth viser til at det på landsmøtet i fjor kom eit forslag om å bruke 550.000 kr på ei intern utgreiing, utan nokon plan på korleis desse pengane skulle brukast. Det forslaget kom på bakgrunn av at dei hadde litt ekstra pengar i budsjettet.

– Heldigvis falt det igjennom, seier Queseth.

– NSO skal bruke studentane sine pengar fornuftig

Anders Kvernmo Langset, tillitsvald for NSO ved HiB,  meiner at NSO driv økonomisk fornuftig og viser til endringar i budsjettet.

– I fjor gjekk landsstyret inn for å gje attende pengar, som var til overs, til medlemslaga. For neste år har arbeidsutvalet innstilt at ein skal gå 600.000 kr i minus, for at ein ikkje skal byggje opp eigenkapital og for å bruke studentane sine pengar fornuftig, seier Langset.

Han legg til:

– NSO er den organisasjonen som har flest diskusjonar og debattar om sin eigen økonomi. Ein tek opp økonomirapport og diskuterar budsjett på kvart einaste landstyremøte. Både på lands- og tillitsvaldsmøtene til NSO kan ein møte opp og vere med å diskutere økonomien. Det er full openheit om økonomien, og ein kan vere med å delta og bestemme kva for retning NSO skal ta. Men så er det jo det demokratiske fleirtalet som avgjer korleis ein skal disponere midlane som NSO har, understrekar han.

Queseth har ikkje same opplevinga. Han føler at ein møter ei nedlatande haldning, viss ein stiller spørsmål om pengebruken. Han føler at det er ein anna haldning til pengar i NSO enn i andre frivillige studentorganisasjonar.

– Der Kvarteret og Studentersamfunnet driv på luft og kjærleik, så prøver ein i NSO-systemet og erstatte det med pengar.  Dei har i dag seks heiltidsstillitsvalde og det verkar som det er mykje internt arbeid, blant dei seks og blant dei som er tillitsvalde lokalt. Ein jobbar lite med å få studentmassen med seg. Det er 200 000 studentar i Norge, og eg trur ikkje det er mange av dei som kjenner til NSO og veit at dei har nokre krav dei kan stille seg bak. Eg trur vi treng eit meir folkeleg studentopprør.

Startproblem

I 2010 slo Studentenes Landsforbund (StL) og Norsk Studentunion (NSU) seg saman til NSO. Kvernmo Langset innrømmer at NSO hadde litt oppstartproblem. I to år klarte ein ikkje å bruke pengane på budsjettet tilstrekkeleg, men dette har ein no justert og ein har fått opp att aktiviteten. Ein reknar med at budsjettet for 2012 kjem til å gå slik ein hadde planlagt.

– Ein forsvarleg og økonomisk måte å styre økonomien på er å budsjettere etter ønskja aktivitetsnivå, heller enn å setje minstekrava fyrst, for så å leggje aktiviteten opp etter økonomien.

Mathias Queseth trur ikkje det er løysinga.

– Eg vil senke medlemskontingenten fordi eg trur ikkje at all den aktiviteten som fins i NSO i dag, er relevant. Eg vil ha ein studentorganisasjon som driv med lobbyverksemd ovanfor regjeringa, som klarar å dra med seg alle studentane i landet, og som er meir synlege i media, presiserer Queseth.

Kvernmo Langset presiserar at NSO består av medlemslaga, og det er studentparlamenta sin jobb å informere om NSO,

– Det er ikkje dei seks heiltidstillitsvalde som skal springe ut og snakke med alle dei 44 medlemslaga. Ein-til-ein kontakt med studenten, skal medlemslaga sjølv ta seg av, avsluttar han.

Anbefalte artikler