Litterær nytelse: Dårlig karma

This content has been archived. It may no longer be relevant

“Makan til dritt”, førsteinntrykket sikra. Tre sider inn i boka, ville eg leggje ho frå meg. Irritasjon over at nokon får betalt for å trykkje opp dette. Eg har ikkje tvil i mitt hjarte om kvifor ho alt er på billigsal etter berre nokre månadar i hyllene. Eg les vidare, for eg skal jo anmelde elendigheita. Lite visste eg at ti minuttar seinare ville eg ikkje leggje ho frå meg.

Eg er alltid skeptisk til oversatte bøker. Eg les helst på engelsk. Då er nemleg sjansen stor for at ein har funne nokon som kan overetje boka frå originalspråket på slik ein måte at den er intakt og ikkje har endra tone eller tempo eller i det heile ikkje mista noko av det den eigentleg skal innehalde. Denne boka er eigentleg skrive på tysk, og slik sett ikkje så voldsomt annaleis kulturellt sett enn til dømes ei bok frå Sør-Afrika. men nok om det, temaet! Eg må finne temaet.

Temaet, mine lesarar, er karma. Eller rettare sagt, livet. For sjølv om det her er død i kvart eit kapittel, er der like mange fødslar, eller, reincarnasjonar. For bokas hovudperson døyr ein natt av satelittavfall som treff ho i skallen, og blir kasta ut i eit karmisk eventyr som skal lære henne eit og anna om henne sjølv og livet i si heilheit. Vi som lesarar blir med på denne reisa, og du verden, dette er oppslukande lesing!

Eg fekk so vidt lagt ho frå meg den kvelden eg byrja på henne, og eg las ho gjennom lunsjen på jobb dagen etter. Og timane etter jobb. Eg saug ho til meg, og sat smått tårevåt attende når eg la ho ned for siste gong. Tårer. Det er lenge sidan etter ei bok.

Det skal seiast, at oversetjinga ikkje er den beste, og skrivestilen er heller ikkje å skryte voldsomt av. Denne boka flyt heller på ei god historie, levande karakterar og evige mengder patos. Eg vart rett og slett patetisk av det heile. Det var skjønt og avslappande å få ei bok som denne i hende. Så utrulig skuffa dei første sidene, og deretter så utrulig positivt overraska etterkvart som sidene blei snudd.

Eg anbefalar deg å lese denne. Bazar har verkeleg ein liten skatt i denne boka, som er ei belønning til dei som vel å sjå forbi dei to trauste opningskapittela. Kanskje er det med vilje? Livet handlar jo om å fortsette trass motgang og elendigheit for å finne skatten i enden av den håplause regnbogen…

Anbefalte artikler