Kokebok: Sylting og safting – heile året

This content has been archived. It may no longer be relevant

Åh, sylte! Alle som i sin barndom opplevde heimesylting veit kva det går i. Nydeleg søtt sylety som skal etast med skjeid frå ei lita skål, nett som mummitrollet på barne-tv! Eg var heilt over meg sjølv når denne boka kom. Eg har lest henne frå perm til perm og fått prøvd meg nokre gongar på det å lage syltety heime.

Gunda Djupvik, forfattaren bak boka Smalhans som vi har teke føre oss tidlegare i programmet, har i denne boka tatt opp saft og sylte. Prosessar, oppskrifter, bakgrunn og tips er med i denne boka frå samlaget. Trasisjon og moderne vriar er eit i denne søte boka full av fristande oppskrifter på ting som Wiskeymarmelade og løvetannsirup.

Den er delt i fire delar etter årstidene, med oppskrifter som passar årstida samt etter kva ingrediensar som er på sitt beste gjennom vår, sumar, haust og vinter. Søtt, salt, bittert og surt er med i ein bukett av meir eller mindre flytande nytelse.

Boka har også basisoppskrifter med. Du lærer litt om dei forskjellege tilsetjingane, om sukkermengder og konservering med forskjellege metoder. Tradisjon og husmorkunne tilsett ein god dose jovial nynorsk frå kvinna eg snart kallar Noregs Nigella Lawson.

Oppskriftene er enkle å følgje, utstyr og alternativ til dette er beskrive. Dersom du har eit elementært kunnskapsnivå og litt vett i skallen skal dette gå fint.

Om det er meir økonomisk å lage di eiga saft og sylte kan nok diskuterast, men erfaringa og opplevinga er halve poenget! Tenk å kunne gje bort eit glas heimelaga rosegelé i vertinnegåve på neste fest! Eg hadde tatt imot med stor takksemd og entusiasme.

Forutan ein hyggjeleg pris og inspirerande innhald, er det eit friskt pust inn i den norske kokeboktradisjonen vi her blir servert. Ikkje berre skriv kvinna på nynorsk, men dette er noko som kjem frå kvinna sjølv! Det er ikkje rosa fluff cupcakes og lavkarbo. Dette er den ekte husmorkosten versjon 3.0! Eg elskar at ho kombinerar nytenkjing med tradisjonar frå mor og bestemor.

Dette er ei bok som du definitivt bør ha i hylla di, plukke fram og bla i. Lag litt sylte ein dag du føler livet er som traustast. Og et ho med godt samvit. Du har jo laga ho skjølv!

Anbefalte artikler