This content has been archived. It may no longer be relevant
Gakusei sushi, gramatisk katastrofal oversettelse av studentsushi, har vi sett på menyen i denne vekas nytelse. Vår eigen sushikokk, Carina Thornes, tok kontroll på kjøkenet og stod for opplæringa i dag. Vi tok med oss opptakar på butikken, og sjølv om vi hadde mange av ingrediensane, prata oss lett igjennom handlelista. Men sjølvsagt er der meir å seie om saka, hvilket vi tok opp i programmet på sundag.
Vi skulle til å byrje med laga meir enn berre maki, men grunna plassmangel på kjøkenet og samlebandsmetodens innbydande effektivitet lot vi fisk vere fisk, og rulla maki til den store gullmedaljen.
Våre rullar inneheld crabsticks, reker, agurk, vårlauk og avokado. Etter litt rot med risen og knøding med bambusmatta blei det til slutt ei råd med det heile og norien omslutta godsakene nett som den skulle. Vi hadde litt krøll med risen grunna for meget vatn og for lang koketid, men ein ekstra porsjon ris blei kokt og alt vart redda. Tips til sushikokkar: lag risen på førehand og spar deg masse tid og irritasjon.
Sjølvsagt ville det smakt best med noko meir.. fiskete en crabsticks, som til dømes laks(salma!) men dette var litt utanfor budsjettet og vi tok til med smaklause crabsicks og hurtigtina reker. Det anbefalast å tine desse i kjøleskåpet over natta før dei skal brukast, ikkje fall for fristelsen å tine dei med varmt vatn, det er ikkje smart å gjere med noko frosenvare grunna faren for bakterieframvekst.
Å lage Sushi maki var eigentleg ikkje noko vanskeleg når vi blei kjend med teknikken og so lenge de hugsar å ha kaldt vatn med litt riseddik i til å dyppe fingrar og smøre knivar med er alt ok. Risen blir nemleg heller klissete og set seg fast i kva det skal vere. Overdriv heller ikkje wasabien i soyasausen, for dette kan bli meget sterk ei blanding.
Sushi viser seg å kunne vere ein økonomisk middag/lunsj/frukost og absolutt ein sosial aktivitet. Maten blir spist etterkvart som den lagast, alt er ferskt og alle er nøgde. Få gjerne vener på besøk som tek med seg ein ingrediens kvar!