Lauksuppe

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kvelden er komen, romet er rydda og eksamensperioden er på dørstokken. God og næringsrik mat er ultraviktig i vekene framover med all den lesing og pugging som skal gjerast. Eg har innsett alvoret og byrja lett planleggjing av maten frammover fordi eg veit at snart er hjernen grauta av pensum, og tørre knekkebrød med marmelade det mest fantasifulle eg kjem på. I kveld har eg tatt fram den litt tvilsamme posen med gul lauk eg har hatt liggjande i eit par månedar. To endte i bosset, men ein hadde overlevd – og blei middag!

Fransk lauksuppe er noko av det enklaste ein kan lage. Godt og mettande er det óg! Ein stor(ish) lauk, og helst ein sjalottlauk om du har, kuttast i bitar passe for deg. Desse steikjer du i ein god klatt smør og litt nøytral olje til dei har blitt gyllne. Salt og peppar og ein buljongterning oppløyst i ein kopp kokt vatn tilsettjast, og så skal det stå og syde litt på låg varme. Smak til med ekstra salt/peppar dersom du ynskjer det. Drikk vatn til, eller ein kopp te! Eg naut denne retten saman med ein kopp Earl Grey Jasmine frå Twinings. Nam!

 

NYTELSE er eit program som set fokuset på mat, drikke og generelt det deilige i livet. Med gode dosar humor, koseprat og jovial hedonisme tek vi det med ro kvar sundag frå 10:30 til 11:00 på radioens frekvensar.

 

Anbefalte artikler