“Fade-out er opium for folket”

Det er ikkje lov

Tenk på dei songane du kjenner i magen. Songane du ikkje kan ha på leselista fordi du ikkje kan tenke på anna enn rytmen, teksten og melodien. Eit tre-minutters vakum der alt anna blir satt på pause. Sterke vers, enda betre refreng, ein uforutsigbar bridge og eit gjensyn med refrenget. Vi får ingen ordentleg avslutning, men sakte forsvinn refrenget heilt ut i ingenting. Lyden av mac-tastatur og forkjøla studentar blir igjen det dominerande lydbildet. Songen som skulle vare i tre vakre minutt strekte seg i ein evigheit. Vi fekk eit dødsfall utan farvel. Visste du at Mirrors av Justin Timberlake varer i 8.04 minutt? Det er ikkje lov!

Farvel

Bruken av fade-out i musikkbransjen blei nødvendig når innspelingsmetodane blei avanserte og radiokanalane kravde songar på rundt tre minutt. Slagarar som «Africa» og «Hey, Jude» blei krokfota av ønske om å avgrense musikalsk utfalding for å passe inn i ein tidsalder dominert av teknologi. I staden for å lage ei bra avslutning eller stå imot desse krava, blei løysinga å langsamt avslutte songen med å la refrenget forsvinne. Det viste seg at dette skulle føre til fleire og større hitar som satt seg enda betre på hjernen til lyttarane, fordi dei aldri fekk ei ordentleg avslutning.

Requiem

Johan Sebastian Bach avslutta heile livsverket sitt med ein enkel dur-akkord. Wolfgang Amadeus Mozart fullførte aldri sitt siste verk, men det som er sikkert er at «dødsmessa» aldri hadde blitt avslutta med ein fade-out. Ein av Queen sin siste utgjevingar «The show must go on» avslutta heller ikkje med fade-out, ironisk nok. Dette er berre nokre døme på evigvarande musikk som hadde ei ordentleg, verdig avslutning.

Eit ønske

Vi kan sjå tilbake på 1900-talet som eit stort spekter av musikalsk utfalding. Kapitalismen har for lengst tatt over musikkbransjen og mange musikarar jobbar i eit hamsterhjul som skal generere masseprodusert musikk. Ein kan seie at musikk før tusenårsskiftet var lokalprodusert handverksmøbel, medan dagens topplister er Ikea-møblar. Mangel på kreativitet har blitt legitimert gjennom gode lyttartal og eit ønske om at musikken skal vare evig. Den manglande kvaliteten på dagens populærmusikk treng ikkje vare evig, vi treng berre ei ordentlig avslutning.

Ein treng lufta mellom songane. I dagens musikalske landskap har fade-out fungert som eit dårleg ventilasjonssystem. Tenk deg «Mirrors» av Justin Timberlake med ei bra avslutning etter tre minutt. Stillheita som følger får deg til å lengte etter songen ein gong til.

Så neste gong refrenget sakte men sikkert forsvinn i øreproppene dine og musikken lever vidare i haudet ditt, sjå på det som ein evigvarande klem frå ein fjern slektning eller eit familieselskap som aldri tek slutt. Det er ikkje lov!

Andre ting som ikkje er lov: å elske raudt kjøtt, høyre på Brad Paisley, og å bruke berèt uironisk. Høyr meir frustrasjon frå Studentmorgen Laurdag, i den faste spalta «Det er ikkje lov!» kvar laurdag frå 9-11.

 

Siste podcaster

  • FREDAG: Elise, Karen og Sofie
    God morgen, og GOD FREDAG! I dag blir Karen sin programlederdom tatt, og hun NAILER gamet! Vi snakker om forskjellige forholds statuser man kan være i gjennom livet, IKEA turer med typen?, SATS ansatt blir outet og vi har en liten påskequiz gående!

Anbefalte artikler