Feminisme – for både meg og deg

Sitatet kjem frå ein felles Sogn og Fjording av meg, Tone Damli Aaberge, men er feminisme berre for kvinner i 2018? Noreg har kome langt i samfunnsutviklinga. Vi er eit av verdas rikaste land, vi er eit av verdas lukkeligaste land, vi er eit av verdas beste land. Men framleis er feminismen eit viktig element i det norske samfunnet. Kvifor? Fordi jobben er ikkje ferdig. Noreg har framleis mykje å lære og utrette når det kjem til likestilling. Det finst framleis kraftige lønnsforskjellar mellom mann og kvinne, det er framleis kvinner som opplev å verte diskriminerte på jobbmarknaden og ikkje minst har #metoo satt fokus på eit viktig element; nemleg seksuell trakassering i det norske samfunnet. Men er feminismen i dag ein kamp for berre kvinna?

Den saka her er ikkje meint som eit innlegg for å sutre som mann eller at eg tykkjer at feminismens tid er over (for det er den absolutt ikkje), det er meint som eit innlegg der ein ser viktigheita av å dra i same retning. Eit innlegg som skal prøve å poengtere at vi står sterkare saman, enn vi står kvar for oss. Som ein kvit mann i 20-åra i eit av verdas beste land med gifte foreldre, ein trygg og god oppvekst og kjærleg familie og vener, har eg ofte opplevd å få beskjed om at eg ikkje kan vere feminist. Mitt svar til det er at jo, det kan eg. Eg er feminist. Eg trur på at kvinner og menn skal ha like rettar, lik lønn og at ein er like viktig for det norske samfunnet.

Likestillingskampen står for framleis sterkt i samfunnet (Foto: Pixabay.com)

Endring i feminismen

Feminisme for meg er kampen for endring og kampen for likestilling. I eit fleirkulturelt samfunn som det dagens Noreg har vorte ser vi utallige kvinner og minoritetar som ikkje har dei same sosiale rettane og ikkje minst det same utgangspunktet som fleire av oss har vore so heldige å få. Ein god venn av meg fekk ikkje ein trenarjobb i fotballen etter at laget han skulle signere for fant ut at han var homofil. Det ville ikkje egne seg med homofile trenarar i herrefotball var svaret han fekk. For meg er det eit klart teikn på at der ikkje finst full likestilling i dagens Noreg. I staden gjekk dei for ein heterofil mann. Min kompis hadde absolutt kvalifikasjonane som skulle til, men han mangla den “korrekte” legninga. Slik vil det nok diverre alltid vere enkelte stader, men dette syner for min del av feminismens tid ikkje er over. I eit samfunn som Noreg skal ein ha dei same rettane om ein er mann eller kvinne, homofil eller heterofil, kvit eller mørkhuda. Noreg er bygd på inkludering, likestillingskamp og opne tankar.

Fleire vil sikkert hevde at eg med denne teksten undergraver kampen for kvinners rettar og for full likestilling mellom kjønna, men nei det gjere eg ikkje. Eg hedra alle kvinner som sloss for likestilling, for lik lønn, for like rettar, men skal ein få til ei endring i samfunnet, må alle vere med på endringa. Ein må få alle med på laget. Men eg meina at feminismen ikkje eine og aleine er kampen for kvinners rettar, for ettersom det norske samfunnet har endra seg har også målet og bodskapen til feminismen endra seg i mine auge. I Noreg skal vi ha full likestilling uansett kjønn, hudfarge, legning og religiøs og kulturell overtyding. Feminismekampen står i dag for kvinner, for homofile, for lesbiske, for transseksuelle, for biseksuelle, for alle minoritetar, for alle som opplev trakassering eller diskriminering i Noreg. Feminismen er for både meg og deg.

Siste podcaster

  • Episode 174 - Påskekos, NTP og Påskeferie
    Guttene i bakrommet har samlet seg for å gi det litt påskesteming i en noe rortete og tullete sending enn vanligvis. Regjeringen har lagt frem NTP og ble egentlig Bergen prioritert? I studio: Marius (P), Petter og Tomas Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Anbefalte artikler