Sterkt og utfordrande om krigens offer

Den Nationale Scene (DNS) har gitt seg i kast med å gjenta fjorårets suksessframsyning ”Vår ære/vår makt”, som håva inn heile tre Heddaprisar (beste scenetekst, regi og scenografi/kostyme). Laurdag 30. september har teaterstykket nypremiere i Teaterkjellaren på DNS. Radioteateret var på prøvevisninga to dagar før premieren.

Jonas Nielsen og Katrine Dale. Foto: Ane Bysheim, DNS

Forfattaren og krigen

Stykket er skrive av regissør Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid, og byggjer på tekstar av Nordahl Grieg, truleg mest kjent i dag som forfattaren bak diktet ”Til ungdommen”. Grieg sitt originalstykke ”Vår ære og vår makt”, som vart sett opp fyrste gong i 1935, tek for seg korleis 1. verdskrig verkar inn på kyniske skipsreiarar og sjømenn som fryktar å bli torpedert av fiendtlige ubåtar.

Krig er eit gjennomgangstema i framsyninga, og det vekslast mellom scener frå Grieg sitt skodespel og hans eige liv. Publikum får ei intim og sterk oppleving, sjølv om det til tider kan vere vanskelig å hengje med og skilje fiksjon frå historie om ein ikkje har kjennskap til Nordahl Grieg og hans dikting frå før av.

Musikk og visuelle verkemiddel

Ensemblet på seks skodespelarar gjer ein god jobb i sin tolking av Grieg og hans karakterar, men musikken speler ei uunnverleg rolle i formidlinga av historia. Den spenner seg frå øm korsong til heseblesande trompetimprovisasjonar av Per Egil Jørgensen, akkompagnert av Annabel Guaita på piano og Thomas Sinclair Valeur på gitar. Musikarane vert og innlemma som skodespelarar, noko som fungerer fint til denne visninga. Andre verkemiddel er at skodespelarane tek direkte kontakt med publikum, og bryt dermed den fjerde veggen.

Skodespelarane kommuniserer både med publikum og storskjermar. Frå venstre: Bjørn Willberg Andersen, Katrine Dale, Jonas Nielsen, Ane Skumsvoll, Sigmund Njøs Hovind og Pål Rønning. Foto: Ane Bysheim, DNS

Film og bilete vert og teke i bruk for å etablere miljøet mellom og under dei to verdskrigane. Ein får mellom anna originalsider frå Grieg sitt manuskript og fotografi av Bergen på Grieg si tid.

Eg anbefaler å gå og sjå stykket for å bli betre kjent med Nordahl Grieg og samstundes få ei betre forståing for korleis verdskrigane spelte inn på vanlege folk sine liv.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler