Lukkelege alle sine dagar?

This content has been archived. It may no longer be relevant

I og med at forskjellige adapsjonar av kjente og kjære eventyr dei seinare åra har fått meir innpass i både film og tv, er det kanskje på sin plass å nevne at dei fleste eventyr som har vorte til film og tv-seriar, er relativt familievennlege og klarar å slå godt an. Den amerikanske fantasy-serien Once Upon A Time er ein av disse.

Eventyrfigurar og magi i den verkelege verda?

Handlinga i tv-serien Once Upon A Time sentrerar rundt karakteren Emma Swan, ei ung kvinne som vaks opp foreldrelaus i det amerikanske barnevernsystemet. Ho ser på seg sjølv som ein normal person, men veit ikkje at ho faktisk er dotter av sjølvaste Snøhvit og prinsen, eventyr-karakterar som er fanga i byen Storybrooke gjennom ein forbannelse som den onde dronninga slapp laus i heimverda deira. Dette førte til at Emma vaks opp utan foreldra sine, mens prinsen og Snøhvit levde under forbannelsen som hindra dei frå å verte eldre gjennom 28 år.

Emma vert kasta inn i denne verda når ho møter Henry, sonen ho gav vekk, og som no er 10 år gammal. Han har reist heile vegen frå Storybrooke i Maine med eventyrboka si i sekken, for å kunne vise Emma at ho er ‘The Savior’, forkjemparen som er utnevnt til å bryte forbannelsen den onde dronninga har lagt over Storybrooke og eventyrfigurane der.

I Storybrooke er det ikkje berre Snøhvit og Prinsen som bur, nemleg både Rumplestiltskin, den onde dronninga og mange andre eventyrfigurar frå forskjellige kjente og kjære eventyr er å finne i den lille byen. Når Emma dreg til Storybrooke med Henry, finn ho fort ut at det er den onde dronninga som adopterte han etter at han vart fødd. Saman må Henry og Emma bekjempe ho, bryte forbannelsen ho har lagt over byen og befri alle som er fanga der. Serien er foreløpig inne i sin femte sesong, og sjølv om alt kan verke ganske harmonisk, er det alltid farar rundt hjørnet for Emma, Henry, familien og vennene deira.

Skurkar og figurar frå andre forteljingar gjer sitt inntog i byen i dei seinare sesongane, og Emma må bruke kreftene ho har inne i seg for å kunne halde familien og vennene trygge for desse farane som lurar rundt hjørnet i Storybrooke.

Lukkeleg, ikkje lukkeleg…

Kanskje er det både og at eventyr har vorte snillare dei siste åra. Disney har stått for dei gode endingane der dei lukkelege elskande får kvarandre etter å ha måtte kjempa lenge for den dei elsker. Noko av dette er smitta over på Once Upon A Time, der dei fleste karakterane som regel ikkje får vere med den dei elsker før dei har gjennomgått (ofte svært) triste ting. Allikevel er det følelsen av ‘Happy-Ever-After’ som ligg igjen, og ein kan få litt følelsen av at dei gode karakterane skal redda dagen heile tida og sleppe konsekvensene av dei vanskelege valga dei må ta undervegs.

Anbefalte artikler