– SiB bryr seg om Fantoft

This content has been archived. It may no longer be relevant

Read the article in English here.

Forrige uke skrev Nyhetsukas reporter Andrea Njærheim Berg en kronikk om boforholdene på Fantoft. I dag kunne vi igjen høre studenter klage på boforholdene i leilighetene. Styreleder i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), Tor Prestegard, svarer her på kritikken:

SiB bryr seg om Fantoft og våre bebuarar

Det er keisamt å lesa at nokre av våre bebuarar har hatt negative opplevingar, men vit at SiB tar Fantoft og våre bebuarar på alvor, og vit at me bryr oss.

I sin kronikk på srib.no peikar forfattaren på fleire problem ho opplever med Fantoft. Sjølv om desse i ulik grad er SiB sitt ansvar, er det uansett vårt overordna ansvar at dei som bur på Fantoft trivst og bur godt. Eg vil adressera nokre av problemstillingane som kronikkforfattaren tar opp, og korleis ein i fellesskap kan løysa dei.

Det at det kjem brunt eller ureint vatn i springen har me i SiB diverre ingen makt over. Det brune vatnet kjem inn til våre røyr frå Bergen kommune sitt røyrnett, og det er dei som må utbetra problemet. Problemet oppstår ofte når det er graving eller utbetring på vassnettet. Når dette hender skal me forsøkja å varsla bebuarane og me har sjølvsagt god og rask dialog med Bergen kommune slik at det kan utbetrast so raskt som råd. Å ikkje ha reint vatn i springen er uakseptabelt.

Internett er viktig som student

At internett ikkje verkar som det skal er sjølvsagt beklageleg, og ikkje slik det skal vera. Me er fult klår over kor viktig internett er som student. Når me i SiB valde å byta frå internett levert frå UiB til internett levert av Get, var dette nettopp for å sikra at kvar einskild hybel skal ha raskt og stabilt internett, som mellom anna ikkje var påverka av at UiB vedlikeheld IT-tenester i helger.

Me mangedobla med den nye leverandøren hastigheita til Fantoft av di kvart einskild hybel no får 10 Mbps, i staden for at alle hyblane før delte på kring 100 Mbps. 10 Mpbs skal vera meir enn nok til vanleg nettbruk, og me har avtalefesta ein svært gunstig pris for oppgradering for dei som treng meir hastigheit. Når kvar hybel får si eigen trådlause ruter gjer dette at du som bebuar ikkje skal mista internett om ein medbuar belegg store delar av linja, til dømes ved nedlasting av store filer, eller på laurdag under fotballkampen når IT-avdelinga på UiB oppdaterer systemet. Me har tett dialog med Get for å sikra at alle hyblar får den hastigheita dei skal ha.

Vanskelig å forhindre søppel i gangene

tor prestegard
Kronikkforfatter: Tor Prestegard, styreleder i SiB. (Foto: Velferdstinget i Bergen/Adrian Søgnen)

Når det kjem til falske brannalarmar og bos i gangane er dette vanskeleg for oss som samskipnad å utbetra. Me brukar mykje ressursar på informasjonsarbeid og opplæring av bebuarar. Dette gjer me for at alle skal vita korleis ein resirkulerer, og korleis brannvarslingssystemet verkar. Men om dei som bur på Fantoft vel å kasta boset i gangane, er dette vanskeleg å hindra. Å ta med seg boset til boshuset forventar me at bebuarane klarar.

Vidare har me eit av dei beste brannvarslingsanlegga på marknaden. Dette har me for å sikra at om det blir brann, so kjem brannvesenet raskt, og alle kjem seg ut trygt. I kvar etasje er det mogleg å avstilla ein falsk brannalarm, før den vekkjer opp etasjen. Men bebuarane som utløyser ein falsk alarm må avstilla den sjølv. Om ikkje går alarmen.

Rehabilitering av Fantoft er i gang

Som samskipnad er det ei av våre viktigaste oppgåver å tilby gode og rimelege buhøve, der studentane trivst. Når nokre studentar melder at dei ikkje trivst på Fantoft må me ta grep. Me er klår over at Fantoft er eit eldre bygg, bygd etter dei gamle standardane. Dette synast, og studentane som bur der opplever det dagleg. Og dette er óg difor me tar grep. Me er langt i planleggingsfasen av ein full rehabilitering av Fantoft.

Dette skal me gjera for å sikra at studentar óg langt inn i framtida kan han Fantoft som ein god heim når dei studerer i Bergen.

Hør hele reportasjen, hvor også studentene og Fantofts tillitsutvalg uttaler seg:

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler