Medisinstudentane aksjonerer

This content has been archived. It may no longer be relevant

MedHum, medisinstudentane sin humanitæraksjon, har sidan oppstarten i 1991 arbeida for innsamling av midlar for prosjekt som arbeider for helsefremjande tiltak i utviklingsland. Utenriksmagasinet Mir fekk førre veke besøk av fjorårets leiar for aksjonen, no internasjonalansvarleg for Norsk medisinstudentforening, Vilde Skylstad, som fortalte om korleis MedHum arbeidar.

Ei viktig sak

– I løpet av to år samlar medisinstudenter inn penger til et veldedig formål ved å gå med bøsser, arrangere revyer, holde kakesalg og mye mer. Et viktig aspekt er også å øke bevissthet rundt aktuelle helseproblem i lav- og mellominntektsland, seier Skylstad.

Indeksen for menneskeleg utvikling, Dei sameinte nasjonane, si måleining for velstand i verda, fokuserer på å gje eit komplett bilete på blant anna fattigdom i verda, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder og fødselstal. Ser ein på Sierra Leone, så finn ein at barnedødelegheita er urovekkande høg. Eit av fem barn døyr før det vert fem år, mens faren for at ei kvinne døyr i samband med svangerskap er på 1 av 23. Heile 40 prosent føder utan hjelp frå kvalifisert helsepersonell i Sierra Leone. Å forbetre desse tala var hovudmålet for 2014-prosjektet, fortel Skylstad.

 – De siste to årene har vi arbeidet for å støtte Leger Uten Grensers viktige arbeid for helsetilbud til mødre og barn i Sierra Leone.

Norge på langs

I samarbeid med Leger Uten Grenser samla aksjonen inn midlar til Gondoma Referral Centre, eit sjukehus for kvinner og barn i Bo-disktriket i Sierra Leone. Sjukdommar som underernæring, tuberkulose og malaria er berre nokon av farane som barn og gravide er utsette for. Tidlegare har humanitæraksjonen og arbeidd med Kirkens Nødhjelp og UNICEF, mens dei skal fortsette samarbeidet med Leger Uten Grenser dei neste to åra. Denne gongen i Mumbai i India, kor dei arbeidar for kampen mot tuberkulose.

Ein måte å spre oppmerksemd rundt aksjonen på, var å arrangere ein Norge-på-langs-sykkeltur sommaren 2014, noko dei og skal gjere i 2016.

– Den gikk fra Tromsø til Oslo, via Trondheim og Bergen, så vi tok en liten omtur. Jeg var med fra Tromsø til Trondheim, noe som var en fantastisk opplevelse som gikk over all forventning!

Aksjonen, som med 2,4 millionar kroner sett ny innsamlingsrekord, fekk inn pengar med mellom anna revyoppsetjing og bøssebæring, samt at dei samla inn pengar i byane dei stoppa i under sykkelturen.

Høyr heile intervjuet med Vilde Skylstad:

Ebolaepidemien

I juli 2014 vart det rapportert om dei første tilfella av ebolasmitte i Bo-distriktet i Sierra Leone, distriktet der Gondoma Referral Centre ligg. Skylstad som sjølv besøkte sjukehuset før ebolautbruddet, kunne fortelje om eit system som ikkje var klart for å takle ein epidemi.

– Helsesystemet i Sierra Leone er ikke spesielt godt utbygget, for det var en borgerkrig der for ti år siden som var vanvittig brutal. Det å bygge opp et helsesystem der har vært en kjempestor utfordring de siste ti årene.

I Sierra Leone har det frå utbrotet av epidemien vore rapportert om nærare 12 000 tilfelle av smitte, mens opp mot 4000 har døydd som følgje av viruset. Fram til det Leger Uten Grenser-finansierte sjukehuset måtte stenge i oktober i fjor haust, hadde aksjonen allereie samla inn 1,7 millionar kroner til det opphavlege prosjektet. Men epidemien gjorde at ein ikkje kunne ha eit tilstrekkeleg smitteverntiltak ved sjukehuset. Etter stenginga har dei innsamla midlane gått til Leger Uten Grenser sitt arbeid mot ebola i Sierra Leone.

Siste podcaster

  • Land i konflikt og valg i Japan
    Konflikten mellom Israel og Libanon har eskalert, det er dårlig stemning mellom Egypt og Etiopia og Taliban leter etter allierte. I tillegg har det vært valg i Japan. Programleder denne uka er Marie Reitan og med i studio er Tobias Steinsvik Telstø og Anna Fransson Leiksett. Ansvarlig Redaktør er Sofie Larsen Nesdal.

Anbefalte artikler