Menneskeverd, menneskerettar og kultur

This content has been archived. It may no longer be relevant

I desse menneskerett-tider har eg tenkt mykje på dette med tydinga av kultur. Kor går grensa på kulturrelativisme og implementering av meininger og verdiar?

Korleis forstå at Putin er så populær som han er sjølv om det ikkje finst tillit mellom befolkning og regjering? På eit foredrag om pressefridom i Russland var dette noko av det ein russisk medarbeidar frå Den norske Helsingforskomité tok opp. Ho hadde tidlegare snakka i forbindelse med Raftopris-utdelinga og ho meinte vi måtte sjå situasjonen i russisk kontekst. Ho forklarte det med at dei 84 prosent som det her refererast til enten var drive av frykt, propaganda eller begge deler.

Tvisten i dette foredraget var då ein student i salen byrja stille spørsmål, han prata på engelsk med ein liten, men ikkje heilt skjult russisk aksent. Og spørsmåla beviste at han satt med ein heilt anna oppfatning av kva russisk kontekst var. Han gjekk med det over frå å spørje til å fortelle.

Han forklarte korleis Putin blir sett på som ein fridomsforkjempar lik Nelson Mandela. At dei russiske journalistane som tidlegare hadde blitt drepne i Russland ikkje nødvendigvis blei drepne på grunn av at dei var journalistar, men poengterte at dei begge var jødiske. Han gjorde det tydeleg at han ikkje stod inne for eit syn som det, men at nasjonalismen i landet er eit viktig faktum. Foredraget fortsatte, og det gjorde også han.

Og då skjedde det som eg lot meg fascinere av, for medan han prata blei han avbrutt av ein medstudent som ba han vere stille for å la foredragshaldaren fortsette. Eg innser at han ber den eine russeren vere stille så den andre russeren han er einig med skal få snakke ferdig. Og eg forstår kvifor han gjorde det, det er mykje lettare å forholde seg til ho som arbeider for mennskerettar. Ein vil ikkje høyre dei som kritiserer ho. Dette blei surrande i hovudet mitt gjennom resten av foredraget.

Det er ei veldig fin balanse mellom å hjelpe medmenneske og det å undergrave eit land sin suverenitet. Dette er ein diskusjon ein tek overraskande lite.

Og eg innser kvifor eg blir i dårleg humør av TV-aksjonen på NRK. Det er fordi eg ikkje veit korleis eg skal stille meg til det. Det er flott at nordmenn bryr seg, det er jo nett det eg ynskjer å sjå meir av, men samstundes, dette er kun éin dag. Eit anna kanskje meir viktig poeng, kva har det å seie for rolla til staten i eit land? Og med forholdet mellom ei befolkning og staten – på lang sikt? Det er spørsmål som gjer meg smågretten, fordi det er arbeid med menneskerettar og det hjelp veldig mange sårt trengande mennesker, men: på bekostning av kva?

Høyr heile kommentaren her:

Nettsida Cost of War viser tala på kor mange sivile tap det har vore i Afghanistan og Irak sidan USA gjekk inn. Eg leiter etter tal på migrantar som har døydd på vegen mot drøymen om eit betre liv og kor mange sivile som har blitt drepne av droner i Nord-Pakistan, men finn ikkje nokre konkrete tal. Men eg veit at det er snakk om altfor mange.

Er det eigentleg rart om vi ser reaksjonar? Behovet for ein islamsk stat og eit aukande angrep på skular, kan det tenkast at det er eit direkete resultat av den utviklingspolitikken Vesten har ført? At det vi no vitnar er ein reaksjon på at den utviklinga vi har pressa på kjem utanfrå uten noko grunnlag innafrå?

Eg veit ikkje, men saknar diskusjonen om det! På eit foredrag om fri presse sensurer vi vekk det vi ikkje vil høyre. Vi ber han som kan forklare kvifor Putin blir sett på som ein fridomsforkjempar vere stille så ho vi meiner det same som skal få snakke ferdig. Men er det ikkje nett han vi må høyre på? Det er jo han vi kan lære av. Om han har rett eller ikkje tek eg ikkje her stilling til, men når han kan forklare kva 84 prosent av ei befolkning meiner på ein måte som ikkje tilseier at dei er dumme eller feige trur ikkje eg at løysninga ligg i å ikkje høyre på han.

Kanskje vi må innsjå at dei spørsmåla vi trur vi veit svaret på eigentleg er mykje meir komplekse og vanskelege enn vi trur.

Raftoprisen gjekk til ein liten organisjasjon som arbeider for å juridisk hjelpe menneske som er fengsla på mangelfullt eller urettferdig grunnlag. Eg tykkjer dette er ein verdig vinnar og vil understreke at dette ikkje det eg vil kritisere.

Målet her er å sjå på diskusjonen rundt denne prisen. Det at mennesker blir fenglsa på eit utilstrekkeleg grunnlag skjer andre stader enn i berre Russland og det er arbeidet med  rettsikkerheit og som bør vere fokuset. Eg er einig i pressefridom og det å fjerne sensur, men då må vi vere åpne for å fjerne vår eigen sensur også. Det å skade mennesker må være ulovleg uavhengig av kva nasjon ein er og kven ein skader.

Kan det hende det er i frykt for å måtte sjå våre einge brudd på menneskebrudd at vi ikkje tør å høyre andre innfallsvinklar og andre innsyn på kva menneskeverd er? Eg anbefaler intervjuet med krigsjournalist Franccesca Borri frå Hans Olav Brenner sitt nye program på NRK.

Menneskeverd, menneskerettar og rettsikkerheit er begrep som må gjelde overordna levesett, tru og kultur. Vi må innsjå at det ikkje er enkle svar og byrje diskutere med fleire innfallsvinklar og andre syn. Slutte sensurere vekk det som sett vår måte å leve på under eit kritisk blikk. Menneskeverd må handle om at flest mogleg mennesker skal ha det bra, ikkje kven dei er og korleis ein skal leve.

Siste podcaster

  • Om protester og A4-ark i Kina
    I dagens episode av Utenriksmagasinet Mir får du med dig bakgrunnen for de seneste ukers protester i Kina mot Xi Jinping og Kommunistpartiets zero-covid politikk. I stuido hører du Eirik Eitrheim, Aksel Solheim, Frida Toudal og kommentar av Erling Gjerde Førland. Produsent er Jakob Kirkholt.

Anbefalte artikler