Spøkelse – fantasi eller røyndom?

This content has been archived. It may no longer be relevant

“Litt” historie

Gjennom tida har det blitt utført mange eksperiment og forsøk på å kontakte dei døde. På midten av attenhundretallet spreidde spiritualismen seg over Amerika og Europa, og med dette kom ei oppblomstring av seansar: forsøk på å kontakta åndeverda. Sjølv Abraham Lincoln tillét kona si Mary Todd Lincoln å halde seansar i det kvite hus i eit forsøk på å kontakte deira døde son. Lincoln deltok sjølv på desse seansane saman med mange medlemmer frå kabinettet sitt.

I 1901 gjennomførte doktor Duncan MacDougall (no joke) eit eksperiment for å stadfeste ein gang for alle om mennesket hadde ei sjel. På ein aldersheim samla han seks terminale pasientar og la dei i senger som kvilte på vekter. Hos 4 av 6 pasientar registrerte han ei vektforskjell før og etter døden. Den første pasienten som døde, mista 21 gram masse. Det er her den populære utsegna om at ei sjel veg 21 gram kjem frå. Doktor Duncan MacDougall gjennomførte seinare det same eksperimentet på 15 hundar, men kunne her ikkje registrere ei vektforskjell. Han konkluderte difor med at hundar ikkje har ei sjel.

Things might get technical, y’all

I fysikken, nærare bestemt i termodynamikken, er det ei lov som seier at «energi kan verken oppstå eller forsvinne» (termodynamikkens første lov, for spesielt interesserte). Det som er interessant med denne lova i spøkelse-samanheng, er at kroppen vår lev og andar bokstavelig talt for energi. Nærare bestemt adenosintrifosfat (ATP), som er ei direkte energikjelde og vert ofte kalla livets molekyl. Så nær som kvar einaste celle i kroppen din produserer ATP frå kjemisk energi, som vi får i oss ved å eta planter og dyr. Det vil sei at energi teknisk sett ikkje oppstår i kroppen, men vert omdanna frå maten vi et. I tillegg til ATP, som høyrer innunder kjemisk energi, har kroppen din to andre typar energi – varme og elektrisk energi. Når eit menneske døyr, som jo må være utgangspunktet for at eit spøkelse skal dannast, vert den elektriske energien omdanna til varme, og saman med varme-energien forsvinn den rett og slett ut i lufta når vi døyr. Den kjemiske energien blir verande i dei kjemiske bindingane, og etter kvart vil bakteriar, sopp og insekt eta oss og gjera seg nytte av denne energien for å produsera sin eigen energi (circle of life, yo). Men, då er det jo ikkje noko energi til overs? Det er her pseudovitskapen og ei klypa salt kjem inn. Bear with me…

Er eit spøkelse litt som ein skjermdump av sjela? Foto: Stig Dyrdal
Er eit spøkelse litt som ein skjermdump av sjela? (Illustrasjon: Stig Dyrdal)

Ikkje fult så teknisk, y’all

Tanken på at eg som individ berre er eit resultat av kjemiske prosessar er keisam, litt skremmande og ikkje heilt til min fordel i denne samanhengen. Så om vi tar utgangspunkt at eg-et i et menneske er ein energi, og at doktor Duncan MacDougall stadfesta noko som vi for enkelhets skyld kallar «sjel», så må jo og denne energien bli til noko, då termodynamikkens første lov seier at energi ikkje kan forsvinne. Så kvar vert sjela av når vi døyr? Er det mogeleg at det er finnes meir enn det vitskapen per dags dato har utforska og stadfesta? Sjølv om ein kan stille spørsmål ved doktor Duncan MacDougalls etiske refleksjonar under hundeeksperimentet, kan han ha vore inne på noko når det gjeld menneske og sjel? Dette er spørsmål du kan undra deg over når du ser neste episode av åndenes makt.

Lyst til å høyre meir om spøkelse, horror eller anna fantasy og science fiction? Lytt til podcast nederst i saken, sjekk ut tidlegare sendingar her, eller tune inn på studentradioen i Bergen kvar tysdag frå 12.00 – 13.00.

 

Siste podcaster

    Anbefalte artikler