Motpolen til musikkindustrien

This content has been archived. It may no longer be relevant

Musikar Egil Eldøen uttrykte i 2013 sin irritasjon over gatemusikken i Bergen i avisa BA: “Gatemusikken slik den er i dag overdøver lyden av Bergen”. Fleire storbyar i verden har i dag auditions og restriksjonar på gatemusikk og mange uttrykker frustrasjon over dårleg gatemusikk.

Kva skjer med denne frie, urbane musikken når slike restriksjonar blir tatt i bruk, og kvifor har gatemusikken fått eit så frynsete rykte?

Lang tradisjon

Ein kan spore gatemusikk heilt tilbake til antikken då dei første store byane vart etablert. For musikarane var det å spele på gata den enklaste måten å tene peng på heilt fram til siste halvdel av 1800-talet, når det vart mogleg å spele inn musikk.

Under middelalderen i Europa stod hovudsakleg trubadurar og sigøynerar for musikken som vart spelt på gata. Sangane dreia seg for det meste om fattigdom, sult og religion, og tigging var ofte synonymt med sang og musikk. Tidleg på 1900-talet vart “one-man band” den vanlegaste forma for gatemusikk i den vestlege verda. Dette er til dømes ein person som er utstyrt med fleire instrument som vert spelt på samtidig. One-man band det som pregar det meste av den urbane musikken i den vestlege verda i dag.

Etter at musikken vart industrialisert og kommersialisert har gatemusikken utvikla seg til å bli ein slags motpol mot musikkindustrien. Mange gatmusikantar speler på gata fordi dei ikkje vil vere ein del av den brutale musikkindustrien der fridom er ofte særst vanskeleg å finne. Det å vere fri er for ein kunstnar ein heilt essensiell del av det å lage eit kunstverk. Dette står også veldig sterkt for fleire gatemusikantar i dag ettersom ein er vitne til ein musikkindustri som i mange tilfelle legger ned bremseklossar for kreativ utvikling.

Les her om den utdanna musikaren Valentin Vasile som valte livet som gatemusikant.

Kvalitetssikring eller ikkje?

I 2009 vart gatemusikk forbudt i Gøteborg. I 2011 prøvde næringsrådet i Bergen å innføre auditions for å spele på gata i byen. I fleire andre storbyar i Europa i dag er det vanleg at gatemusikantar må gjennom ein test for å få lov til å spele. Dei må altså stille på ein audition. Slike auditions skal først og fremst fungere som kvalitetssikring og hindre den objektivt dårlege musikken ut på gata, som til dømes blokkfløytespel på eit labert nivå. Sjølv om slike auditons kan fungere som eit positivt tiltak for å få opp kvaliteten på musikken, så kan det også fungere som eit slag i trynet til sjølve essensen med gatemusikken – fridomen. Ei kvalitetssikring kan altså føre til at gatemusikken mistar si rolle som friplass for talentutvikling, eksperimentering og utfolding av musikalsk aktivetet.

Dokumentaren “The Phenomenon of Street Music” viser eit innblikk i gatemusikantane sine tanker og erfaring ved å leve av å spele musikk på gata.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=Qk2OfONuQfg&w=560&h=315]

 

Mest fokus på den dårlege musikken

Det er mykje fordommar mot gatemusikk. Dei fleste forbinder gatemusikken med ein gitarist som speler coverlåtar av Oasis og Postgirobygget eller ein uteliggar som speler soundtracket til Gudfaren på munnspel. I land som Frankrike, Argentina og Mexico har gatemusikken ein mykje større status og er ein større del av bykulturen enn her heime i Noreg. Den mexicanske mariachi-musikken er eit døme der musikk har gått frå å vere rein gatemusikk til å bli den største musikkeksporten i landet.

Det kan hende at den norske befolkinga er ikkje klar eller har og vil alltid ha ein negativ haldning til gatemusikk. Vår medarbeidar Aadne Ore plasserte seg på Studentsenteret og ville undersøke om denne påstanden. Konklusjonen vart 10 kr og nedsettande kommentarar frå ein forbipasserande på under ein time.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=SVRaxxnQqME?rel=0&w=480&h=360]

Sjølv om det finst mykje dårleg musikk på gata finn ein også enormt mykje fascinerande og fin musikk. Gatemusikken, spesielt i land som Argentina, Mexico og Frankrike, representerer også ein motpol til musikkindustrien som blant anna viser stor speleglede, noko som ein ikkje finn på scena. Tenk litt på det.

Høyr reprisen frå forrige vekes sending med gjest Jaran Hereid (Yuma Sun):

Gatemusikk feat. Jaran Hereid by Lydmuren on Mixcloud

Anbefalte artikler