Nerden redder verden

This content has been archived. It may no longer be relevant

Forskar Grand Prix er berre eit av fleire arrangement under Forskingsdagane i Bergen som arrangerast frå 18. til 29. september. Showet, som går av stabelen på USF Verftet i kveld, blir leia av den tidlegare Newton-programleiaren Selda Ekiz. I studio hjå Studentmorgon greia ho velvillig ut om kva det går ut på.

Formidlingskonkurranse

– Det er ein formidlingskonkurranse for forskarar. Ti ulike ph.d-stipendiater har blitt førebudd og drilla gjennom fleire månedar om innhaldet, korleis dei er på scena og kanskje til og med stemmebruk. Og i kveld skal desse ti stå og konkurrere om kven av dei som er best på å formidle det dei forskar på.

Ho seier at dei ti kandidatane som deltek forskar på mange ulike felt. Ein forskar skal dømesvis greie ut om korleis hjernen til altfor tidleg fødde born blir påverka, mens ein annan skal fortelje om sine studier av lynet. Vanlegvis er dette temaer som ein treng store permar og rapportar for å dekkje, men under Forskar Grand Prix har alle dei ti forskarane kun fire minuttar på å formidle sin viten foran publikum og eit dommarpanel. Det er nemleg desse som så skal avgjere kva fire forskarar som går vidare til neste runde. Til slutt er det to forskarar som går vidare til den nasjonale finalen i Oslo i slutten av september.

Humor og underhaldning

Ekiz meiner forskarane skal ha fokus og ansvar for å vere grundige og presise i si forsking, men meiner at det i seg sjølv ikkje er nok for å fenge mannen i gata kring sitt arbeid. Derfor treng ein å ta i bruk humor og underhaldning som eit middel for å få nå ut med si forsking og lære ting bort på. I den samanheng er Forskar Grand Prix eit relevant døme, andre er vitensenteret VilVite her i Bergen og det populærvitskapelege TV-programmet Newton, alle tre prosjekt kor Ekiz har hatt jobboppdrag.

– Nerden redder verden. Vi må fortelje kvifor nerden redder verden til mannen i gata, er hennar klare beskjed.

I kveld kan ein nok førebu seg på innslag av både etos, logos og patos på ulikt nivå, når “nerdene” inntar scena for å bergta publikummarar og dommarar i håp om å gå vidare til neste runde.

Høyr heile intervjuet med Selda Ekiz her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/09/Intervju-med-Selda-Ekiz.mp3]

Doktorgrad?

Ekiz stiller som konferansier i kveld, men ho seier at ho ikkje kan utelukke at ho ville stilt som deltakar om ho var ph.d-stipendiat. Likevel trivst ho godt i tv-bransjen for augeblikket, sjølv om ho ikkje vil utelukke at ho vil ta ein doktorgrad etterkvart. For med ein master i fysikk frå det matematisk-naturvitenskapelege fakultet ved UiB er ho ikkje berre kjend i byen mellom dei sju fjell, men også til det akademiske forskingsmiljøet som Bergen har.

Ekiz seier at ho uansett er svært spent på kva som blir presentert på Verftet i kveld, og meiner at alle dei frammøtte ved det utselte arrangementet har mykje å sjå fram til.

– Eg gler meg til å høyre alle forskarane!

Anbefalte artikler