Kulturtryne: Johanne Karlsrud

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kven er du?

Eg er Johanne, tjueåring, student, grafisk designar og festivalgrafikar for Phonofestivalen 2013!

Kva er kunst for deg?

Kunst for meg er noko kreativt som vekker ei kjensle. Eg elskar å bli overraska av kunst!

phono_Johanne Karlsrud_bildestripe_700_kort_2

Korleis tykkjer du kunstscenen i Bergen skil seg frå kunstscenen i Oslo?

Eg trur fordelen med Bergen er at byen er akkurat passe stor. Det er lettare å gjere seg synleg på kunstscenen her, som opnar for eit veldig bra kreativt miljø.

Kva ynskjer du å sjå meir av i Bergen?

Etter å ha budd i Bergen eitt år har eg allereie måtta velje vekk bra ting fordi tida ikkje strekk til. Så eg ønsker meg aller mest meir tid til å gjere alt eg vil!

Johanne har portfolio og ein eigen blogg som Phonofestivalen anbefaler alle å ta ein titt på. Der kan ein sjå endå fleire fantastiske design frå flinke Johanne, og litt av prosessen bak det å vere grafisk designar.

Anbefalte artikler