HF-lista VS. Radikale Studenter

This content has been archived. It may no longer be relevant

– Vi står for nokre konkrete saker. I andre saker føler vi at ein ikkje vert bunden basert på ideologi. Eg føler det vert feil ovanfor studentane å seie at eg kjem til å stemme på noko som eg eigentleg har resonnert meg fram til er feil, berre fordi eg har lova å stemme på det tidlegare, seier representant Mikkel Andreas Eriksen frå HF-lista.

Er ikkje heile poenget med å setje saman ei liste til val at ein stiller på ei plattform som studentane kan halde dykk ansvarleg til?

– Jo, det er heilt klart. På enkelte punkt har vi konkrete tiltak og løfter vi vil kome med. På andre punkt så har vi ikkje det fordi vi meiner at det er viktig å jobbe med kvar enkelt sak. Vi meiner at verva i Studentparlamentet i større grad er tillitsverv enn berre studentpolitiske verv.

Problematisk å stemme HF-lista

Audun Syltevik frå Radikale Studentars liste forstår ikkje at HF-lista kan få stemmer på det grunnlaget.

– Eg tenkjer at det blir problematisk å stemme HF-lista viss ein ikkje veit kva ein får. Viss ein får folk som meiner vidt forskjellige ting, så veit ein ikkje kva ein stemmer på. Ein veit t.d. ikkje om ein stemmer for å auke semesteravgifta eller ikkje.

Eitt av standpunkta til Radikale Stundentars liste er nettopp spørsmålet rundt heving av semesteravgifta. Den har stått stille i mange år. I Oslo og Trondheim t.d. er semesteravgifta høgre, men Radikale Studentar ønskjer ikkje å kome opp på deira nivå. Dei er heller opptekne av at dei pengane som kjem inn, skal verte brukt meir fornuftig.

– Når studentøkonomien er så trang som den er, kan ein ikkje auke studentane sine utgifter ytterlegare. Ein må heller byrje å sjå på korleis ein kan bruke pengane ein har betre.

Eriksen synest det er vanskeleg å seie noko om den bør hevast eller ikkje heilt enno.

– Semesteravgifta i Bergen har stått stille ganske lenge, så vi er opne for heving viss det gangar studentane, men det trengst ein gjennomgang fyrst. Det kan hende at det vert brukt litt mykje pengar enkelte plassar.

Skeptisk til lønaverv

Blir det brukt for mykje pengar på løna studentverv til dømes?

– Radikale Studentar er generelt skeptiske til løna studentverv. I Studentparlamentet sine heiltidsstillingar kan du ende opp med folk som ikkje studerar for augeblikket, men som samstundes skal representere studentane. Velferdsstinget har no vedteke å arbeide for ei ny stilling og samstundes snakkar ein om å auke semesteravgifta eller å innføre eigenandel på psykologiske helsetenester. Det synest vi er uhaldbart.

HF-lista er ueinig.

– Rota i problemet her er at heiltidsstudenten er daud, og har vore det lenge. Folk har ikkje råd til å studere på bakgrunn av lån og stipend. Over 90 % prosent av alle studentar har deltidsjobb. Vår erfaring er at folk som sit i sentrale verv som har tid til å jobbe 100 % skal få ein kompensasjon eller full løn, for at dei skal kunne yte maksimalt og å vere tilgjengeleg i det vervet dei har.

Eriksen meiner også at løna verv har vist seg å vere positive og viser til gode resultat.

– Etter at det kom ei løna stilling i Velferdstinget, så har mediefokuset og dei resultata Velferdstinget har klart å oppnå, gått i taket. Det er på bakgrunn av dette at dei no ønskjer å oppretta ei løna stilling til, fordi dei ser at arbeidet kan gagne studentane i større grad om nokon kan jobbe med det 100 %.

– Då må ein hugse på at ei ekstra løna stilling hos Velferdstinget, gjev mindre pengar å fordele på studentane, legg Syltevik til.

– Å kutte studieplassar er å skyte seg sjølv i beinet

For å ha meir pengar å rutte med, så har mellom anna Blå liste kome med forslaget at ein bør nedjustere inntaket av nye studentar. Er det ei løysing?

– Finansieringa i dag gjer til at universitetet får pengar for å utdanne fleire studentar. Problemet er at betalinga kjem i etterkant. Universitetet får 40 % av pengane når studentane byrjar, og 60 % når studentane har avlagt studiepoeng. Der er det klart at det blir eit gap på nokre år, men universitetet har økonomi til det. For å kutte studieplassar for at det skal gje betre studiekvalitet er å skyte seg sjølv i beinet.

Radikal liste er einige, men føreslår likevel ei endring i finansieringa.

– Vi ønskjer å ta eit oppgjer med stykkpris finansieringa som føregår. Den er ikkje god. Når ein gjev pengar per studiepoeng som er produsert, så har ein ein ide om kunnskap som ein produksjon og det er ein dårleg måte å sjå det på. Det vil svekkje dei svakaste universiteta der det er mange som stryk. Ein kjem inn i ein dårleg syklus.

HF-lista trur derimot at endring av finansieringa vil ta for lang tid og ikkje vil gje eit resultat som er meir nemneverdig enn i dag. Dei føreslår heller at ein tek for seg førelesingar og ser på kvaliteten der.

– Store klassar med 200 studentar kan t.d. fungere like bra som små, så lenge førelesaren veit kva han snakkar om, legg Eriksen til.

Ueinige om fakultetsrepresentantane

Ei anna sak som opptek dei to partia, og som dei er svært ueinige om, er funksjonen til fakultetsrepresentantane.

– Eg fekk litt sjokk då ein prøvde å fjerne fakultetsrepresentantane. Grunngjevinga var svak.

Å fjerne det viktigaste bindeleddet til studentutvala og studentane sjølv på Studentparlamentet, då gjer du Studentparlamentet til eit organ som blir veldig fjernt frå studentane. Vi har merka kva det vil gje både studentutval og Studentparlamentet å ha ein studentrepresentant. Hadde ikkje fakultetsrepresentantane eksistert, så hadde ikkje dei mindre fakulteta hatt ein representant i Studentparlamentet. Desse talar studentane frå sitt fakultet si sak, uavhengig av politisk ideologi, noko vi meiner er viktig.

Radikale Studentars liste ønskjer derimot å fjerne fakultetsrepresentantane fordi dei føler at ordninga ikkje har fungert godt nok.

– HF-lista viser at det er mogleg på den måten for fakulteta å få representasjon. Det er heller ikkje slik at representantar frå andre lister ikkje er studentar. Ein kan snakke om at ein politisk ideologi er viktig, men ein gjer jo til sjuande og sist det ein tykkjer er fornuftig. Ein kjem ikkje frå at nokre grunnhaldningar vil kome til syne, men det er jo noko alle har.

Høyr heile debatten her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/04/Hf-Vs-radikal-studenter.mp3]

Ukas podcast:

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler