Topp 5 skurkar!

Vi har alle ein eller fleire favoritt-skurkar frå enten film, bok eller tv som vi berre elskar. Mange er kjempeskumle, andre ikkje fullt så skumle, og nokon grenser til det komiske.

Vi i Med Gandalf til Galaksen har laga liste over våre topp 5 skurker!

Nr.1: Sauron

The baddest of them all!

Først var han ein Vala (engel) under Melkor, som seinare blei til Morgoth, hovudfienden i Middle-Earth. Han sto bak skapelsen av Den Eine Ringen, som hadde kraft nok til å kontrollere alle skapningar i Middle-Earth.

I Ringenes Herre har han ikkje lenger ein fysisk kropp, og eksisterer berre som eit auge på toppen av Barad-Dur, tårnet hans i Mordor.

Allikevel skapar han meir enn nok trøbbel for Frodo og brorskapet då dei legg på veg for å øydeleggje ringen i Mordor.

Nr.2: Lord Voldemort

Aka the Dark Lord, aka Tom Riddle. Han er velkjent for mange som den ultimate skurken i Harry Potter-bøkene og filmane.

Denne karen blei født under påverknaden av ein kjærleiksdrikk, noko som gjorde det umogleg for han å føle kjærleik på nokon som helst måte.

Han står bak mange av dei mest forferdelege forbrytelsane i trollmannsverda,er tvers gjennom ond, og den einaste som han nokon gong har vist nokon form for kjærleik for er slangen Nagini, kjæledyret og den siste malacruxen hans.

Nr.3: Drakan (Skammar-serien)

Den store skurken i Skammar-serien av Lene Kaaberbøl. Kjent som drakefyrsten av Dunark.

Han bring mora til Dina, skammaren Melussina til Dunark etter at halvbror hans, Nicodemus, vert arrest for mordet på den gamle fyrsten og familien hans.

Eigentleg er det Drakan som står bak mordet, men han vil verte kvitt halvbror sin.

Så kva bedre måte å gjere det på enn å anklage Nicodemus for eit mord han ikkje har begått og samtidig sende Dina og familien hennar på flukt?

Nr.4: The Master/Missy (Doctor Who)

The Master er kanskje ein av dei mest kjente skurkane i science-fiction.

Han er livslang “frenemy” av The Doctor, som han vaks opp med saman på Gallifrey.

Dei har kjempa mot kvarandre nesten sidan dag ein, og The Master er ein konstant torn i sida på the Doctor.

I den nye utgåva av Doctor Who er nemleg the Master blitt til Missy, og dette gjer ikkje ting stort betre for det tidsreisande romvesenet og venene hans.

Nr.5: Loki (Marvel Cinematic Universe)

Også kjent som den adopterte lillebroren til Thor.

Blei tatt inn av Odin etter slaget om Jotunheim i den første Thor-filmen, og blir ikkje særleg begeistra når han finn ut at han slett ikkje er født i Asgard, men faktisk er sonen til høvdingen over frostkjempene, Laufey.

Han tek ikkje desse nyheitene særleg godt, og prøver å snikmyrde Odin når han ligg i Odin-søvn, men Thor stoppar han i forsøket.

Loki forsvinn på slutten av filmen, men dukkar opp som den store skurken i “The Avengers.”

Siste podcaster

  • Nørdi - End of the Road (Podcast 17.01)
    U.S.S Nørdi er ute på oppdrag igjen, og denne gangen er det litt bittersøtt. Det blir oppsummeringer av blant annet mannskapets favorittøyeblikk behind the scenes, morsomme øyeblikk i studio, og mye mer! I studio: Kristin og Mona (programleder).

Med Gandalf til Galaksen

Fantasy og science fiction i begrepets videste definisjon. Vi ønsker å vise deg spennvidden innenfor disse to sjangerene, og vil på veien ta opp temaer som zombier, alver, romfart, realisme og magi. Du hører Med Gandalf til Galaksen hver lørdag kl. 11:00. Podcast er tilgjengelig både på våre programsider og i iTunes.

Send

Your email address will not be published. Required fields are marked *