Makta å ytre

Ytring før og etter internett

Før måtte ein ha makt for å få ytre seg til andre enn familie og kjente. Ein måtte ha makta til å kome i avisa, makta til å stå på fjernsyn, eller makta til å gje ut ei bok. Om det var politikken, journalistikken, eller eit verv som gav ein makta, så var det makta som stod for ytringa.

Verdsveva endra dette drastisk. Det er ikkje lengre naudsynt å ha makt for å få ytre seg, ein må berre ha verktøyet. Der det før var ein redaktør mellom deg og leserinnlegget ditt i avisa, er det i dag berre verifiseringsmailen frå ditt valte sosiale medium som står i vegen. Tydar dette at me burde tenkje oss meir om før me faktisk ytrar oss?

Retta å ytre seg er betinga. Du har retta til å ytre deg, men du har ikkje retta til å bli høyrt. Du må, slik som sjølv regjeringa, leggje meldinga di opp mot den du vil skal høyre den. Skriv du berre kva enn du vil så kan du ende opp med eit publikum du ikkje er ein del av sjølv. Nokon som høyrar meiningar som du ikkje ytrar.
Det er difor det er viktig å tenkje på makta å ytre. Tenkje over kva du seiar, kor du seiar det, og kven du vil skal høyre det. Ein kan stoppe seg sjølv og tenkje “ytrar eg det eg vil?”

Kommunikasjonsrådgiver ved Statsministerens kontor, Eirin Larsen, har gitt oss i IRL eit innblikk i koss regjeringas department ytrar seg på internett.
Dei tilpassar seg til koss folket brukar dei sosiale mediene. Med å leggje seg på same nivå som folket er det større sjanse for å bli høyrt. Der dei på twitter kan dele pressemeldingar, likar folket på facebook best video. Dei tenkjar over kva dei skal ytre i samsvar med kor dei skal ytre det. Sjølv eit av Noregs høgaste kontor kan ikkje manipulere dei nye talerstolane mykje meir enn kvarmannsen sjølv.

Høyr heile IRLs intervju med Eirin Larsen:

Siste podcaster

  • Internettets framtid - 22.05.2018
    Semesterets siste sending av IRL er her. Vi avslutter våren med å oppsummere semesteret som var før vi ser mot framtida og hvordan IRL og internettet selv kanskje blir. Vi har også en heftig debatt om hvor fritt internettet burde være.