Borealisfestivalen 2016

This content has been archived. It may no longer be relevant

Borealis er ein festival ein kan ta turen til for å lytte til musikk litt utanom det vanlege. Eksperimentell musikk er ingen eigen sjanger, men vert omtalt som musikk som ikkje let seg setje inn i velkjende rammer. I samanheng med årets Borealis tok me i Flate Sko ein prat med briten Peter Meanwell, kunstnerisk leiar for festivalen.

Hør heile intervjuet med Peter Meanwell her:

Kva er eigentleg Borealisfestivalen?

– Borealis er ein festival for eksperimentell musikk. Eksperimentell musikk i seg sjølv er ingen sjanger, men ein festival som feirer dei som utfordrar og tøyer grensene til musikk, og skapar nye, interessante verk. I likskap med moderne kunstgalleri kor artistar visar nytt arbeid, er Borealis ein festival som tek for seg masse nye artistar som skapar ny musikk, og ber desse om å framføre og presentere prosjekta sine på festivalen.

Peter Meanwell fortel at han er kunstnerisk leiar for festivalen. Denne jobben går ut på å høyre på ulik aktuell musikk, snakke med komponistar, tenkje ut nye prosjekt, samt å jobbe med å søke støtte til festivalen. Dersom ein held seg til gallerimetaforen, jobbar han altså som ein kurator for musikk.

Korleis går Borealis fram med å finne artistar til festivalen, og kor fins desse?

– Me er ikkje ein festival knytt til ein enkelt sjanger, så eg prøver å ha fingrane i så mange ”musikalske paiar” som mogleg. Ein del av denne jobben er å gå på andre festivalar for å høyre verdspremierar på ulike stykke som kanskje berre vert framført den eine gongen i den eine konserthallen. Derfor er eg nøydd til å vere der for å få med meg musikken eg er interessert i. Elles er det mykje som skjer på nettet og folk som sender meg kassettar og vinyl. Det er ein nesten uendeleg jobb å få med seg alt.

Dersom studentar har lyst til å ta turen på festivalen, når og kor er den?

Festivalen startar 9. mars og varar i fem dagar. Fordi eksperimentell musikk kanskje ikkje er noko alle er kjende med, har me plassert dei ulike lokala overalt i heile Bergen slik at festivalen skal vere tilgjengeleg for alle. Uansett kvar du er i Bergen i midten av mars, vil du garantert leggje merke til eit Borealisarrangement. Til dømes på Landmark, Østre, Bergen Arkitekthøgskule, Bergen Offentlege Bibliotek, VilVite, KODE og Bergen Kunsthall.

Peter Meanwell (Foto: Magnus Håland Sunde).
Peter Meanwell (Foto: Magnus Håland Sunde).

Er Borealis ein festival for alle, sjølv om ein kanskje ikkje har så mykje kjennskap til eksperimentell musikk?

– Eg trur verkeleg at dette er noko for alle! Eg byrja å spele fiolin då eg var liten, men har aldri studert musikk på universitetet, og eg er heller ingen komponist, berre ein massiv musikkfan.

Eg har jobba som DJ i London og i Japan og var produsent for BBC, så eg har gjort mykje forskjellig, og eg høyrer på all mogleg musikk, alt frå nye komposisjonar til hardcore noise til hip hop og country.

Peter Meanwell meiner at det å plassere musikk i ulike båsar er overflødig. Ifølgje han er det mest interessante som skjer (noko som òg viser igjen i kunstforum, post-internett) det at komponistar som lagar musikk no referer til alt mogleg. Det er like sannsynleg at dei viser til Beyoncé som til internett-memes. Musikkverda har blitt meir flytande og sjangrar glir over i kvarandre. Derfor passar festivalen for alle som er interesserte i musikk og kultur, fordi ein utvider sine eigne horisontar og stiller spørsmål ved musikken ein høyrer. Ifølgje Meanwell er det dette festivalen handlar om.

Korleis vart du interessert i eksperimentell musikk?

– Då eg var tenåring var eg alltid han på fest som tok med seg sine eigne kassettar og CD’ar, fordi eg ville ha kontroll på det som vart spelt.

Dette trur eg har hatt mykje å seie for karrieren min seinare. Som sagt spelte eg fiolin då eg var liten, og på eit tidspunkt tenkte eg: OK, det er fint å spele musikkstykke skrivne av gamle, døde folk, men kven er det som skriv musikk no? Å berre høyre musikk på radioen var ikkje nok, eg ville gå lenger i å finne og oppdage noko eg aldri hadde høyrt før.

Kva for musikk kan brukast som ei slags innføring i eksperimentell musikk for dei som ikkje har kjennskap til dette frå før?

Det fins ingen feile svar på ein festival som Borealis, ifølgje Meanwell. Kven som helst kan komme. Om ein ikkje likar musikken er det heilt greit, så lenge ein kjem og har ei meining om det ein høyrer. Det viktigaste er å møte opp med opne og eventyrlege øyrer.

Så før du tek turen til Borealis, anbefalar den kunstneriske leiaren at du kan høyre på følgjande artistar for å få eit lite innblikk i kva eksperimentell musikk kan vere.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=vKgQEHE0FLM&w=640&h=360]

Espen Sommer Eide, lokal musikar frå Bergen som lagar masse interessant elektronika under mange ulike namn. Han både komponerer og speler elektronisk musikk, men på ein kreativ og eksperimentell måte.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=cSjAO_PvaXI&w=640&h=360]

Stine Janvin Motland, også frå Norge, er vokal improvisatør. Ho har mange spennande album på nettet som ein kan sjekke ut for å oppdaga korleis stemma kan brukast til det ytste og opne opp til ei heilt ny sprø verd.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=U7rd53qxSf0&w=640&h=360]

Ensemble Pamplemousse er eit ensemble av komponistar og musikarar frå Amerika. Deira musikkstykke involverer ofte fysisk aktivitet og ulike videoar. Til dømes speler kanskje ein person cello samtidig som han ligg på golvet, medan ein har elektronisk musikk i bakgrunnen. Dersom du trudde du visste kva klassisk musikk er, burde du absolutt sjekke ut Ensemble Pamplemousse.

Borealis er kanskje like mykje ei visuell oppleving som musikalsk.  Er det noko du gler deg spesielt til dette året, som vert ei unik oppleving?

– Me har sett opp ein heilt nytt operastykke av ein duo, Object Collection, som er ein del av den eksperimentelle teaterundergrunnen i New York, og har vore del av Issue Project Room. Dei har skrive eit stykke basert på tusen timar med arkivmateriale frå konsertar av eit amerikansk post-hardcore band frå 90-talet. Dette har dei korta ned til eit atten minuttar langt stykke, framført av fire gitaristar på elektrisk gitar, fire trommeslagarar og fire skodespelarar.

Stykket skal framførast på Cornerteateret, vert kalla It’s all true, og skildrar ein slags spenningsaugneblink like før noko skjer. Dei (Object Collection) sa til oss for ikkje så lenge sidan at folk truleg burde få utdelt øyreproppar i døra, så det vert kanskje meir som ein gig enn ein opera.

Det viktigaste er å møte opp med opne og eventyrlege øyrer.

Og heilt til slutt, er det noko absolutt alle burde få med seg på årets Borealisfestival?

– Dersom du synes denne festivalen høyres interessant ut og lurer på kva konsert du skal gå på, synes eg du burde gå på opningskonserten! Me tek over heile Bergen Arkitekthøgskule. Viss du ikkje har vore der, så er det altså ein ombygd kornsilo. Me brukar heile bygget og Sjøforsvarets Musikkorps speler musikk av Anthony Braxton, ein afrikanskamerikansk komponist frå 60-talet.

Så du kan komme på opningskonserten for å få ein smakebit av sjølve festivalen. Og om du likar det, dekkjer festivalpasset over 30 konsertar, og koster 650 kr for studentar: Det er altså berre 20 kr per konsert!

Om du synes dette høyres interessant ut, kan du finne meir informasjon om sjølve festivalen, program og billettar på borealisfestival.no!

Siste podcaster

    Anbefalte artikler