This content has been archived. It may no longer be relevant
Twilight-bøkene skapte stor furore då dei først kom ut i USA. Kan All Souls Trilogy klare det same her i Noreg? Deborah Harkness er ein amerikansk professor som underviser ved University of Southern California. Gjennom sitt arbeid med historie kom ho i gang med å skrive All Souls Trilogy, der ho har brukt både historie og fantasy til å skape ein spennande trilogi som er vanskeleg å legge frå seg når ein først har begynt å lese den. Det er tre bøker i serien; A Discovery Of Witches, Shadow Of Night og The Book Of Life.
A Discovery of Witches
Handlinga startar i A Discovery of Witches og foregår rundt ein amerikansk professor, Diana Bishop, som jobbar ved universitetet i Oxford, der ho er professor i alkymi. Ikkje berre er Diana ein kjent professor, ho er og heks. Begge foreldra var heksar, men etter ei forferdeleg ulukke i barndommen, velger Diana å ikkje bruke kreftene sine.
Det går ikkje bra, då ho ved eit uhell framkallar Ashmole 782, eit gamalt manuskript som har stor betydning for ikkje berre hekser, men også vampyrar og demoner. I oppstandinga etter at ho har framkalla det gamle manuskriptet, møter ho Matthew Clairmont. Han er ein forskar som og er ute etter dette gamle manuskriptet, men som til no ikkje har lukkast å få tak i det. Ikkje berre er Matthew ein dyktig forskar, han er og ein 1500 år gamal fransk vampyr som har lenge vore ute etter å finne The Book of Life, noko som har samanheng med både Ashmole 782 og korleis vampyrar, hekser og daemonar er blitt til.
Diana og Matthew møter kvarandre i The Bodleian Library, der dei begge to er for å finne ut kva mysterier Ashmole 782 skjuler. Etterkvart kjem det fram at det er ikkje berre Diana og Matthew som er ute etter manuskriptet, men og andre hekser og trollmenn. Peter Knox, ein eldre trollmann som har forbindingar til Diana si fortid, er og på jakt etter Ashmole 782, og ikkje minst Diana.
Matthew tar ho med til familieheimen sin i Frankrike, der ho vert kjent med familien hans. Dei vert buande i Frankrike i nokon månader, og både Diana og Matthew skjønner at dei har følelsar for kvarandre, noko som får store konsekvensar når det regjerende rådet for alle overnaturlege vesen, The Congregation, får vite om dei.
Shadow of Night
Shadow of Night begynner med at Diana og Matthew reiser tilbake i tid til London på 1600-talet, då dronning Elizabeth regjerer. Samtidig som dei er på jakt etter Ashmole 782, finn dei og ut at Matthew sine gamle vener er i byen, og dette kompliserer reisa deira.
Samtidig som dei er på leiting etter manuskriptet, finn Diana ei gruppe hekser som tilbyr seg å lære ho å kontrollere magien sin. Dette viser seg å vere lettare sagt enn gjort, då Diana finn ut at ho er gravid med Matthew sin baby.
Jakta på Ashmole 782 trappar opp, og dette fører Matthew og Diana til andre delar av Europa, der dei møter på andre medlem av Matthew sin vampyrfamilie, og dette fører både Diana og Matthew inn i stor fare.
The Book of Life
Historien til den tredje boka i trilogien starter med at Diana og Matthew returnerer til notida, med store nyheiter til familien sin. Dei finn ut at det er ikkje berre glede i å komme tilbake til si eiga tid; det har nemlig vore eit dødsfall i familien mens dei var vekke, og samtidig som dei prøver å venne seg til tanken på å snart skulle ta imot to nye familiemedlem, så finn dei ut at gamle fiendar er tilbake.
Diana og Matthew finn ut at fiendar fra tidsreisa deira tilbake til 1600-talet er tilstades i framtida og. Tilstandane rundt dei vert farlegare og farlegare, og det vert ikkje stort betre når Matthew forsvinn, og dei finn ut kvifor Diana har slike sterke krefter som ho har.
Fra bok til TV-serie?
Det å kombinere to så vidt forskjellige artar i eit stort og komplisert fantasyplot kan vere svært vanskeleg, men her har Deborah Harkness klart det. All Souls Trilogy er ein fantastisk blanding av magi og vitenskap, fortid og nåtid, som igjen er med på å skape eit univers lesaren ikkje klarer å leggje frå seg med det første. Boka kan først minne litt om Twilight, men som Matthew Clairmont seier så fint: “I do not sparkle.”
Det er og snakk om å lage tv-serie av bøkene, og ifølge forfattaren si heimeside, er det sjølvaste BBC som skal produsere ein eventuell tv-satsing. Mange fans av trilogien (inkludert forfattaren av anmeldinga), vil ha Richard Armitage (blant anna kjent som Thorin Oakenshield og Guy of Gisborne), som Matthew Clairmont. Kortid serien kjem på tv-skjermen er foreløpig ukjent.
Siste podcaster