Memes: the common joke

This content has been archived. It may no longer be relevant

Det tok meg ei stund før eg skjønte kva ein meme var for noko. Og ikkje minst korleis ein uttaler desse fire bokstavane. Det uttalast altså meem, og ikkje mem-ey, i tilfelle anti-nørds der ute ikkje har fått med seg dette endå. Om dette vert for komplisert kan ein også bruke det norske ordet mem.

(Foto: William Johnson/Flickr)
(Foto: William Johnson/Flickr)

For dei som ikkje har tatt noko større del i verdsveven (eller sjølve livet) dei siste åra, eller rett og slett eldre menneske som ikkje har noko større tilknyting til internettet står ein ovanfor ei aldri så lita utfordring. Korleis i all verda skal ein definere memes? Må dei forståast?

Dei fins i fleng. Overalt. I kommentarfelt, på nettsider som 9gag.com og artige.no, og dei dukkar opp i hopetal på Facebook. Det er rett og slett umogleg å kome seg igjennom ein vanleg kvardag utan å vere borti noko som helst form av memes.

What if I told you…

Ein har Willy Wonka, Brian, Come at me bro, One does not simply, LOLcats, Grumpy Cat og Doge, og mest sannsynleg om lag ein million andre, om ikkje meir. For ikkje å snakke om alle memes som vert laga i samanheng med landeplager som What Does the Fox Say, Gangnam Style og Call Me Maybe.

Dei fleste veit vel eigentleg kva ein meme er, men what if I told you… at nettsida netforbeginners.about.com definerer omgrepet slik:

“Memes are cultural symbols and social ideas that spread virally. In the same way that a flu bug travels from person to person, memes travel through social media and email.”

”Memes are often things of minor consequence: jokes, urban legends, human and animal oddities. But in some cases, memes are art and music curiosities, and even philosophical ideas worth repeating.”

Kort oppsummert: memes spreier seg over sosiale medium i form av vitsar, dyrebilete og bilete av menneske med tekst. Ein kan vel alle kjenne igjen i alle fall nokre av desse, utan å nødvendigvis synes dei er hysterisk morosame, sjølv om nokre av dei er det. Eg håpar i alle fall det fins fleire studentar der ute som i desperate stunder (ofte på lesesalen) har sete seg ned og ledd litt av Putin eller Kim Jong Un-memes…

(Foto: Post Memes/Flickr)
(Foto: Post Memes/Flickr)

That awesome moment when…

… you find the origins of memes. Tulla. Det er nærmast umogleg, men keep calm, eg skal prøve å forklare dette likevel.

Sjølv om det verkar som memes for alvor først har trenda dei siste fem åra, vart ideen om memes allereie sett i verks då Richard Dawkins bok The Selfish Game vart publisert i 1976. Her vart det sammfunnsvitskaplege internettfenomenet meme skildra som kulturarvens si minste eining. Dawkins konstanterte at ein meme svarar til menneskeleg kreativitet, og ettersom memes utviklar seg over tid meina han at ein hadde ei ”hijacking of the original idea”, altså at memen muterer og skapar ei eiga meining gjennom spreiingsprossesen.

Likevel er det først og fremst frå 90-talet og til i dag ein kan snakke om memes, ettersom fenomenet etterkvart tok over verda då det vart vanleg med stasjonære datamaskiner i heimen. Hovudpoenget er at eit bilete, ein video eller til dømes ein hashtag vert spreidd. Ofte kan eit mem(e)orably bilete omdannast til ein meme. Meininga kan til dømes vere ironisk, parodisk, framheve eit særleg dumt poeng, vere knytt til ein film eller bestå av feilstava ord.

(Foto: Alison Groves/Flickr)
(Foto: Alison Groves/Flickr)

Meme-vitskap?

Fleire nettstader omtalar memes som ein viktig del av den digitale kulturen i dag, og i fleire samanhengar vert memes i seg sjølv sett på som ei kunstform.

Med den stadige aukinga av desse digitale fenomena, brukt i mellom anna reklamar og politisk propaganda, kan ein kanskje tenkje seg at me i framtida heller kommuniserer med memes, eller at det i alle fall kanskje vert ein større del av undervisning.

Kva har du i neste time? Nei, memes og håndverk liksom. Eller kanskje ei bachelorgrad i meme-vitskap er noko for deg?

So fun, much lol, such study, wow.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler