Nudlar på veg ut

This content has been archived. It may no longer be relevant

Slow Food Bergen er ein del av ein italiensk organisasjon som skal ta vare på variert mat, og at mattradisjonar blir heldt. Jensen seier at namnet til organisasjonen er ein kontrast til fast food.

Kva er Slow Food?

Denne organisasjonen har opphav frå Italia og organisasjonen var eit opprør mot industrialiseringa av mat.

­–Mat skal nytast og skal vere ekte, legg Jensen til.

Mattrenden til oss nordmenn har vore stabil med tanke på dei tradisjonsrike matrettane som fisk og kjøt. Det som har endra seg mest er vel at folk et middag eit par timar seinare enn før. Mellommåltid er også ein nykommar med tanke på forssenpizza.

Nye trendar

Det er ikkje nudlar som er den populære retten blant studentar. Studentar som gjere dette bryr seg ikkje om å få næring og bryr seg lite om kosthaldet, seier Jensen.

–Det er eit døme på anti-mat! Eg skal ete noko som ikkje er skikkeleg mat ædda bædda, argumenterar Jensen.

Internasjonale marknadar og bondens marknad er eit godt tilbod som gjer at nordmenn vel å ta til seg nye råvarer.

Ferdigmat er ukult

Jensen seier at ferdigmat ikkje er å anbefale, og at industrialiseringa av matbransjen er ikkje bra. Dette seier Jensen er farleg for deg. Eit døme på dette er den lille krydderposen som følgjer med nudlane.

Bondens marknad er kult

Denne marknaden står Slow Food nær, og det er på grunn av at ein kan snakke med dei som har laga råvarene. Kortreist mat er ein kommande trend legg Jensen til.

Dei internasjonale marknadane er eit eksempel på at vi nordmenn er meir interessert i mat, og likar ikkje heilt den «standardiserte» maten som ein kan kjøpe ferdiglaga.

Høyr intervjuet her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/02/intervju-thor-jensen.mp3]

 

Anbefalte artikler